fredag, april 03, 2015

Enkle plantepinnar


Er du planteglad? Og eig ein real hammar?
Då kan du enkelt laga eigne plantepinnar som
viser kva du har sådd. Du treng berre nokre brukte (rustfrie)
spiseskeier som ein gjerne finn billeg på bruktbutikk/loppis.
Og så er det berre å hamre dei pannekakeflate. Det er ganske
gøy, kanskje fordi det verkar litt forbudt. Du skal jo ikkje
øydelegge bestikket ditt liksom. Og med flate skeier
kan du klistre på tekst med enten dymo (som eg har gjort)
eller små klistrelappar med namn. Genial redesign spør du meg! 



1 kommentar:

  1. Kanskje det er så artig fordi man får ut eventuell innestengt aggresjon på den måten? Uansett: Lurt var det. :)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!