lørdag, april 25, 2015

Golv i stova II


Dette vart annleis gitt! Det fæle teppet har blitt klypt opp bit for bit, platene
har blitt rive del for del og spikrane har blitt dradd opp eller hamra nedi. Vel, det
gjenstår vel om lag ein drøss med spiker før eg er ferdig då. Og om lag ei halv bøtte
med støv er sugd opp, såpass mykje at det tok knekken på støvsugaren.
Men bra resultat! Fine, breie bord på golvet. Som nok kjem til å få nokre strøk
maling på seg etterkvart. Og i enden av stova er det smale bord, kjempefine!
Ei slags luke har eg også funne, den er spikra fast då, men spennande!


Steg for steg. Og greit å få vaska det etterkvart slik at eg får vekk ein del skit/støv.


Buster, som visst dukkar opp på flesteparten av bileta, er både fascinert og litt trist
over at hans yndlingsteppe forsvinn.


Sørenden av stova med breie bord.


Nordenden av stova med smale bord.


Og ei slags luke, sagd ut av golvet.


Og slik ser hagen ut. 

3 kommentarer:

  1. Det ble mye finere, selv om kanskje ikke Buster er enig. Ser ut som om det her vært to rom en gang i tiden. Gjetter på at den delen med brede planker har vært finstue.

    SvarSlett
  2. Så flott, og virkelig verdt strevet og tapet (?) av en støvsuger spør du meg. (",)
    Mi erfaring er at baksiden av sånne tepper blir til pulver etter mange år, så det var sikkert masse støv å fjerne. Når alle spikrene er av veien kommer det til å bli veldig flott med et par malingsstrøk.

    SvarSlett
  3. Jammen sleit eg ut to støvsugarar. Den eg hadde i reserve tok kvelden den også! Men då var det ikkje mykje att, heldigvis. Det har blitt kjempefint her og eg gler meg til å få malt golvet. Det området med smale bord var før ein gong med trapp opp til andre etasje. Det andre golvet var ei stove, og der eg har kjøkenet mitt no var finstova. Der er det også breie golvbord. Hadde eg visst at det var så bra golv under hadde eg rive teppet då eg flytta inn her, men eg trudde nok eg måtte legge nytt golv då, så difor har eg venta med det. Så kjekk overrasking!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!