søndag, april 26, 2015

Golv i stova III


Møblar er kome inn att og flytta på plass. Lyden er annleis i stova og
lukta også, til tross for at eg har fått vekk ein del lukt med nokre rundar
med grønnsåpe på golvet. Lampane har eg ikkje fått orden på enda,
det får no vente. 



Ei heilt anna stemning i stova. Ekte tregolv, det er slik det skal vere her.


Spisebordet har fått ny plass og ein benk inntil veggen ligg i planane. 



"Luka"  i golvet fungerer fint som luftehol og difor ligg det eit lite 
teppet over og isolerer litt. Eg må nok finne på nokre triks 
for å ordne desse luftehola rundt om samt 
at eg må nok isolere frå kjellaren. 

Buster er litt snurt over å ikkje få gni seg
og klø seg på teppet lenger og vart sitjande lenge på denne vesle fillerya
og filosofere over dette. 


Og vårblomar er kome på bordet, eg har hatt mange inne allereie. Tusenfryd og 
kvitveis, akk.

5 kommentarer:

  1. Det blei så BRA! De brede plankene i den ene delen av stua er veldig imponerende, det er ikke småtteri altså! Tregolv passer nok bedre i ethvert gammelt hus enn teppegolv. (",) Kjempetrivelig stue har du også, liker de gule innslagene.
    Bra jobba! Lukta forsvinner ganske fort. Jeg fikk også ei litt ubehagelig lukt på kjøkkenet etter at jeg fjerna maling av dørene, men etter en vask og litt lufting forsvant det.

    SvarSlett
  2. Så bra det blei, Buster ser litt betutta ut, stakkar, men det kommer seg nok det og.
    Fin ståve du har, masse kreativitet som har fått utløp der! Spennende.

    Likte forresten hønecampingen veldig godt! Herlig innlegg :) Jeg er storfan av hønene dine

    SvarSlett
  3. Takkar for det! Er ganske nøgd sjølv ja! Og her i huset er det breie golvbord i fleire av romma, det forbausar mange som kjem innom. Herleg!

    Herleg at du er fan av hønsa Elisabeth! Skal skrive vidare om dei framover! :-) Ha ei god veke som kjem, 1.mai på fredag er absolutt noko å sjå fram mot!

    SvarSlett
  4. Altså, så trivelig ei stue - ja resten også! Alltid inspirerende innlegg. Nå tror jeg at jeg skal male understellet på spisebordet, som gjerne kan gå fra kjedelig trehvitt til et farges-/gledesinnslag i hverdagen. Ha en fortsatt fin vår :-)
    Mvh Margrethe

    SvarSlett
  5. Så kjekt at du vert inspirert Margrethe! Ein herleg farge kan gjere mykje i eit rom og med humøret! Eg kosar meg med planlegging av farge til golvet mitt i stova no, kjekk prosess :-) Ha ein fin vår vidare du også!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!