fredag, april 24, 2015

Golv i stova



Litt utpå fredagskvelden, egentleg ganske trøtt. Og så fann
eg ut at eg skulle ommøblere litt. Og vips hadde eg rive opp teppet 
og måtte berre opne opp ei av platene på stovegolvet for å sjå
korleis det ser ut under. Og det var gøy! Støvete, men gøy! Fint,
litt bulkete tregolv under med noko flassande lakk. Dette hadde eg 
egentleg planar om å gjere i sommar, men no kan eg eventuelt
bu meg litt inn på dette golvet for å sjå om eg skal ha det slik 
vidare. Det dumme er at platene var spikra med tusen spiker, og
dei står att i golvplankane, som ein ser på bilete. Og dei spikrane
er ikkje lette å dra opp heller. Jau, jau. Men jammen er dette
teppet klart for å møte døden, det har lagt her på golvet sidan femtitalet
og har nok ein del skjult i seg som eg ikkje får opp med støvsugaren. 

Stovegolvet er dessverre ikkje slikt på heile rommet. Eine delen
av stova skjular eit anna golv og eg er spent på kva det er behandla med
og korleis desse golva møter kvarandre i skøytene. 
Lenge sidan oppussing no, og det har kribla litt i fingrane etter å ha fulgt 
med på bloggen minoldemorshus.blogspot.no og å få følge litt med
på prosessen i gamlehuset på Førland Gard. Og så har eg forhåpenligvis
spart opp litt ny oppussingsenergi, det er enno mykje som ventar her! 

4 kommentarer:

  1. Så trivelig det var å plutselig lese om seg sjøl. (",) Vi blir jo litt lei innimellom vi også for tida, da er det artig å lese sånt. (",)
    Golvet ser jo veldig lovende ut. Vi har samme spiker-erfaring der vi rev plateveggene nylig. Spiker, spiker og atter spiker. Jeg har enda ikke fått bort alle.
    Riktig god helg til deg!

    SvarSlett
  2. Vi var heldige, og kunne trekke alle med vanlig hammer. Et tips er å slå litt bak på hammeren dersom spikerhodet er lite ( men eksisterer), da får man spikeren helt inn til der det er trangest og får bedre tak. Hvis ikke det nytter er det nok tang som gjelder. :)
    Lykke til og god helg!

    SvarSlett
  3. Jeg hadde vondt i armene i to dager etter all spikertrekkinga her da vi reiv av gulvet på soverommet. Men det ble bra. Noen stifter var så skjøre at de bare gikk av i biter så de måtte jeg slå ned i stedet. Lykke til med din spikertrekking. :-)
    Hilsen Camilla i Harstad

    SvarSlett
  4. Takk for gode råd Maria! Eg har klart å dra opp ein del no, resten klypper eg av med tang og slår ned med spikerdor. Og timane flyr mens eg sit på golvet, trur det er ryggen som får kjøre seg mest her gitt! Men den har overlevd før! God helg til dåke begge to! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!