søndag, april 19, 2015

Havrebiscotti med lekre godsaker i


Det er sol. Fin vårvarme. Utetid. 
På tide med stadig fleire kaffikoppar
ute. Og attåt kaffikoppen er det jo 
alltid godt med noko godt, bittelitt sunt
og søtt. Dette er biscotti med havremjøl
i, og det merkar du ikkje ein gong! 
Her kjem oppskrifta!

Havrebiscotti med hasselnøtter, tranebær
og kvit sjokolade

100 g havremjøl
300 g sikta kveitemjøl
1,5 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
ei klype salt
3 egg
225 g sukker

100 g hasselnøtter
ei lita neve tranebær (evnt. rosiner)
100 g kvit sjokolade

Start med å legge hasselnøttene på eit brett. Rist dei i ovnen på 
180 grader i ca 10 minutt til dei byrjar å bli litt gyldne. Legg dei i eit 
kjøkenhandkle og gni av skalet. Hakk nøttene grovt. Hakk også opp
den kvite sjokoladen og tranebæra.

Visp lett egg og sukker, ha oppi resten av ingrediensane. Ha gjerne litt meir 
mjøl oppi om deigen er blaut. Ha oppi nøtter, sjokolade og tranebær og
una det godt inn i deigen. Lag så tre lange pølser som du legg på langs
på eit kledd bakebrett. Trykk pølsene lett flate. Steik desse på 180 grader i 
20 minutt. Ta så brettet ut og skjær opp pølsene litt på skrå i om lag ein 
centimeter tjukke skiver. Legg så desse flatt utover brettet. Steik vidare i fem
minutt før du tek dei ut og snur alle kjeksa og steiker vidare i fem minuttar
til. Avkjøl på rist og ha dei oppi ein kjekk kakeboks. Så har du kaffigodt
eit lite stykke utover våren! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!