torsdag, april 02, 2015

Herr Vinter gir opp


Dei siste to dagane har eg vakna til kvite bakkar og kald luft. 
Det er alltid litt uvant når ein har vent seg til vårkjensla
og ein vert påminna om at det er naturen som bestemmer.


Heldigvis er det ikkje frost i bakken. Og sola varmar
raskt opp. 


Hanen Inge er ikkje redd for snø, og likar seg best ute åleine.
Då får han all oppmerksomheita han vil ha. I dag tidleg sto
han for galinga ute, framleis litt rusten i teknikken. 


Heldigvis for at påskeliljene er hardføre blomar. 


Midt på dagen, nesten all snø er vekke. Dei gamle påskeliljene får kose
seg i sola, snart er det fullt av dei, på rekke og rad mellom asketrea. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!