mandag, april 06, 2015

Påskepussel I


Eg har hatt ei kreativ påske. Styrt på både inne og ute. Til forkjølelsen
la meg til avslapping i sofaen, som kanskje var like greit. 
Men påsken har vore bra! Og nokre ting har blitt laga
og endra på. Som denne lampen i taket. Under er bilete av korleis
den var før. Den gamle lampen har hengt her i alle tider, sikkert
sidan sekstitalet. I trendy kopar. Og den hang jo før over spisebordet,
for det sto her då besteforeldrene mine budde her. No har eg sofa her. 
Og mang ein gjest har dunka hovudet sitt i lampen gong på gong. 
Eg gjekk laus på den, mekka litt, og vips hadde eg fått laus
ein nydeleg sokkel i porselen. Ledning vart skifta til silikontrekt
 grå ledning frå rest frå Muutolampane. Og stor lyspære vart sett i.
Ny lampe, enkel og fin, roleg lys og lite dunking-av-hovudet-risiko.
Bilete frå då eg flytta inn sommaren 2012.


Lampeskjermen, som var fin på toppen, men ikkje så fin langs med
sida, fekk nytt liv på veggen. Som klokke denne gong! 




Holet der ledningen hadde gått hadde passeleg 
storleik til å sette eit urverk inni. Urverket vart enkelt
festa med tape slik at det held seg på plass. Urverket
har eg tidlegare kjøpt billeg på Clas Ohlson. Det er
kjekt å leike seg med.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!