mandag, april 06, 2015

Påskepussel II


Gøy med tusj! 
Tusj, som kan skrive på mykje forskjellig underlag,
fann eg billeg på Biltema. Planen var å kose seg med ein tallerken
og to. Og det gjorde eg. Pluss litt til. 


Eit fint lite fat kjøpt brukt til dette føremålet. Måtte jo ha ynglingsdiktet mitt.
I alle fall tittelen. Eit lite tefat fekk eit fantastisk fint ord: eggjakvitaevnu. Nokon 
som har høyrt om det? Det tyder faktisk noko så enkelt som protein og er på 
færøysk. 


Det fine kaffiloket fekk markert orda og no kjem det tydelegare fram. 


Midlertidig hengsle lagar du enkelt på tallerkar ved å lime ei lenke med litt tau med
limpistol bakpå. Når du er lei kan du berre pirke det av enkelt. 


Ein kopp krutsterk kaffi? Ragnar Hovland dukkar visst opp her og der enda.


Enkel pusling som alle kan få til! Og det kostar berre småpengar også. Kjekt! 

3 kommentarer:

  1. Du har pusla med mye artig i påska, ser jeg. Tallerkenveggen din blei veldig stilig, det er artig med litt personlighet! Lur lampefornyelse, når den alt var som den var på kanten. Ellers var det jo en veldig fin fasong, så på sikt kan jo en liten sprayboks kanskje gjøre susen hvis du skulle få lyst på ny lampe igjen. (",)

    SvarSlett
  2. Jau, det har eg tenkt på i fleire år. Men ikkje gjort det enda. Veldig greit å kunne ta den i bruk igjen om eg ynskjer det. For det er ein tøff lampe ja, men er berre ganske lei av den.

    SvarSlett
  3. Kreativ som alltid du.
    Dette var artig.
    Klem fra Marit

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!