onsdag, april 08, 2015

Skattar frå hagen



For tida er det utvendig at skattane dukkar opp. Skattar frå bestemor
si tid. Dei fine fylte påskeliljene lyser imot meg som eit gult teppe, 
når eg kjem heim om dagane. Eg har teke bilete av dei kvart år på
denne tida, det vert ein fast bloggpost om desse liljene. 


Her har eg planta nye små liljer etter laukar eg har kjøpt til påske tidlegare år. Dei klarar nok
ikkje å strekke seg opp mot dei fylte liljene, men prøver å smile så fint som
dei kan mot meg dei også. Og etterkvart vert det kanskje like mange av dei. 




Seks sortar påskeliljer frå hagen. Frå eldre dagar, ingen planta av meg. 
Eg høyrte at bestemor hadde heile bakken i hagen fylt av påskeliljer
før. no er det dessverre berre nokre tuer her og der, men allikevel,
seks typar er ikkje verst! Det syns eg er skikkeleg stas!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!