søndag, mai 31, 2015

Litt sommarleg stemning



I dag kjente eg litt sommarvarme! Endeleg. Og i morgon entrar me juni.



Det blømer og grøner og veks og kosar seg ute. 


Dei minste kyllingane veks til og har fått sleppe ut fritt ein liten time i dag. Og på den tida knaska
dei i seg ein god del baby-brunsneglar. Nydeleg!


I går planta eg om og sette ut tomatplantene i drivskapet. Paprikaen er ikkje stor nok enda og heller
ikkje squash og agurk. Jammen vart det sein planting i år men det vert vel nokre
tomater på meg etterkvart. 


Eg fekk tak i rabarbrafrø på nettet. Bestilt frå England. 
Desse tek i alle fall to år før dei vert til rabarbra som eg kan hauste inn. Men 
kjekt å prøve! Fort gjort å bli litt frøgira. No har eg potter til spiring både her og
der. Satsar på mykje god mat utover sommaren og hausten.


Kveldsstund i det grøne. Takk sommar, for at du kjem her i år også. Eg har sakna deg! 

Bolleforsking + baketips


Eg fekk smake på den beste skillingsbolla nokon sinne for nokre veker sidan. Den
kom frå Brødskreppa, eit nytt lite bakeri med vedfyrt bakarovn i Omvikdalen i Kvinnherad. Bolla
var utruleg saftig, søt og litt syrleg på smak. Og eg byrja med ein gong å fundere på korleis
den flinke bakaren hadde fått dette til! Eg har tenkt at den gong når eg vinn i Vikinglotto så skal eg 
lage meg eit bakstehus på tunet her, men til dess så får eg bruke den gode gamle komfyren og prøve meg fram der. Og denne gongen trur eg at eg fekk det ganske godt til, ein bolleforskar som eg 
kallar meg i helga, for bollene vart utruuuleg gode, om eg får lov til å seie det sjølv! 
Så difor deler eg oppskrifta, til de som har lyst til å prøve ut forskinga mi:

STEIKE meg så gode boller!

ca 20-24 boller

500 g sikta speltmjøl
500 g sikta vårkveitemjøl/kveitemjøl
10 g kardemomme
15 g salt
150 g sukker
5 dl heilmjølk
saft frå ei sitron
20 g fersk søtgjær
1 stort egg
150 meierismør

100 g mjukt smør
1,5 dl brunt sukker
marsipan (valfritt)

Ha fyrst mjølk og sitronsaft i ei skål og la det stå i tjue minutt. Mjølka vil dele
seg og verte sur. Rør så inn gjæren. Bland det tørre i ei bakebolle, hald igjen på 
litt på mjølet. Rør inn mjølk og egg og elt saman til deigen er seig, men våt. Ha oppi smør i terningar
og kjør deigen til smøret er elta inn. Dekk bakebolla med ein plastpose og eit kjøkenhandkle. La
den heve seg i to timar. Ta så gjerne i bruk ei deigskrape (deigen er noko klissete) og brett deigen
innover nokre gonger. Dekk til og hev deigen nye to timar. Brett og dekk til. Hev deigen nye to
timar. Bruk så resten av mjølet til å dekke eit bakebord. Kjevle deigen utover. 

No har du to valg. Du kan smøre på smør, drysse på sukker og legge tynne skiver av marsipan 
utover deigen. Eller du kan kjøre smør, sukker og ein bit marsipan til ei masse som du smører utover.
Marsipan er knallgodt i boller, så likar du det så må du prøve det ut!

Fyll eit brett med boller slik at det vert 1-2 cm mellom kvar bolle. Dekk brettet med plast og kjøkenhandkle. La dei heve i to timar. Set ovnen på 200 grader og pensle bollene med eit vispa
egg. Steik bollene i ovnen i ca ein halv time til bollene er gyldne på toppen.

 Avkjøl lett og knask i veg attåt eit kaldt glas mjølk!

(Du kan også legge bollene på to bakebrett slik at dei ikkje veks inn i kvarandre. Då treng dei 
litt kortare steiketid, ca 15-20 minutt). 


Bolleforskaren sine baketips

- Lang hevetid på brøddeig er no ganske vanleg, men ikkje så vanleg
med bolledeigar. Muleg fordi deigen rett og slett et opp sukkeret i deigen. Det
gjer jo ingenting når ein likevel skal fylle bolla med berre godsaker.
- Reagerer du på sitronsaft i deigen? Det er berre ein måte å lage surmjølk på. Det 
er ganske moro å kunne lage det sjølv, og sur mjølk i baksten gjer den 
både saftig og gir ein lett syrleg smak. Det høyres kanskje rart ut, men det
smakar utruleg godt! 
- Når du hever deigen så treng du ikkje å bruke opp ein rull med plastfolie for
kvar gong. Eg har laga meg nokre plastflak som eg har kun til baking. Eg har rett
og slett klypt nokre handleposar i to og tørkar av etter bruk, brettar saman og har
liggande i ei skuff. For å få det så godt så lufttett så legg eg alltid eit kjøkenhandkle
over plasten. Berre kjøkenhandkle vil sleppe ein del av fuktigheita ut og gi meir tørt
bakverk.
- Brettinga har overteke for elting og heving. Når du bretter deigen løftar den seg så
utruleg godt opp og vert spenstig. Teknikken med brett og hev krever lite gjær og
at du har god tid. Det betyr jo ikkje at du heng på kjøkenet heile dagen, men at du, 
innimellom andre ting, kikkar innom deigen og gir den ein runde. Eg får best resultat
på min bakst med denne teknikken.
- Bruk alltid kald væske og heving i romstemperatur. Skal du lage raske boller med
fullpakke gjær så kan du jo sjølvsagt ha lunka mjølk og lunk under heving. Men det
vert mykje betre om du prøver denne teknikken. Gjæren får god tid til å utvikle seg.
- Lite gjær betyr ein glad og nøgd mage. Eg kjenner i alle fall at magen min kjenner seg
litt "gjæra" etter å ha ete boller med vanleg bolleoppskrift. Det er som ofte mengda gjær 
som gjer det. For prøver du med fullpakke gjær og lang hevetid så vil du oppleve å få nokre
flate og tørre boller faktisk. 
- Eit siste triks, som eg har nemnd før, for å få god fukt i baksten er å hive inn litt
vatn i botnen på ovnen før du lukkar døra med baksten inni. Ha ei brødform eller
noko som du hiv ca 0,5 dl vatn oppi, hiv du vatnet rett på botnen så kan den bli
stygg etterkvart. 
- Bruk alltid god mjølk og godt smør i boller! Du kan vere sunn og slanke deg
med alt anna. Boller skal vere bra og knallgode, spør du meg! Men du har jo lov til å
vere ueinig då! 

fredag, mai 29, 2015

Vegetarfredag: Squashspaghetti


Etter å ha styrt på med kjøtt - i det siste har det gått i oppskjæring av spekeskinke,
vakuumering og slikt - så får eg verkeleg behov for kjøttfrie dagar. Eg er nok ikkje den
som har behov for så mykje kjøt i løpet av ei veke, så eg er ganske flink til å spe på
med vegetariske middagar. Det er heller ikkje anbefalt å ete mykje kjøt samt at det skal
godt gjerast å halde oppe kjøtproduksjonen når alle skal ha dei finaste kjøtstykka så ofte så 
muleg. Så her kjem ei oppskrift på ein mettande middag utan så mykje som eit gram av
kjøt eller fisk! Godt er det også! Oppskrifta er inspirert av "Zucchinipastarecept" frå eit
Raw Food-kurs eg var på med ei flink jente som bur her på Stord. Men oppskrifta er ikkje rein
Raw Food.


For å lage spaghetti av squash så treng ein noko som heiter ein spiralizer. Her
har eg fått tak i ein billeg og enkel type frå Ebay. Elles får ein tak i dei på Kitch´n
og litt anna type spiralizer får ein også tak i på nettet. Eg set squashen inn i eine
enden og vrir den rundt. Ut kjem flotte strimler. 


Lange strimler kan du få til når du får teken på denne morsomme kjøkendingsen!


Squashspaghetti med avocadopesto
2 pers

1 squash

1 avocado
ein neve babyspinat (valfritt)
ein neve basilikumblad
1 ss god olivenolje
ein bit parmesan
ein liten neve valnøtter
ein liten neve solsikkefrø
1 ts honning
salt/pepar/pressa sitronsaft

Lag til spaghetti i ei skål. Kjør resten av ingrediensane til ein krema
pesto med ein stavmiksar/food prosessor. Smak til med salt/pepar og sitronsaft.
Bland pestoen inn i spaghettien og server straks, gjerne med litt hakka 
raudlauk og cherrytomater. Nam!


torsdag, mai 28, 2015

Granskudd



Rundt om får grantrea no irrgrøne skudd ytterst på greinene. Om ein 
plukkar desse inn no så kan ein lage både sirup og saft. Eg har prøvd 
meg på det første. Var litt spent på korleis smaken kom til å bli. Og fargen.
Det startar nemleg som grønt, vert gult, oransj og kan verte både raud og 
mørkeraud. Men smaken var søt og frisk på same tid, også litt lett syrleg. Og 
skal nok passe til både salte middagar og gode pannekaker (min sirupsfavoritt).
Og så er det jo ganske gøy då, å bruke grantreet til noko så godt! 

Granskuddsirup

granskudd 
nok vatn til å dekke granskota med
sukker

Eg plukka ein liter med granskudd. Dekka dei med vatn
i ein kjele og kokte dei møre i om lag ein halvtime. Så 
silte eg væska og kokte opp væska att med sukker. Det skal 
vere 2 deler sukker til 3 deler væske. Eg fekk totalt 5 dl
væske og tilsatte 3,3 dl sukker. Så er det berre å la det småkoke 
til sirupen tjuknar til. Fjern skum med ei tresleiv undervegs. 
Jo lengre ein kokar jo betre farge får ein, men om ein kokar
den litt for lenge vert det steinhard karamell, så pass på! 


Sjekk også løvetannsirup her, og hylleblomsirup her, også knallgode! 


Siste maidagar



Det vippar snart over i juni. Så sært, det er jo berre smågrader og kalde regndropar ute. 
Plutseleg kjem nok varmen her også. Med stadig vekk regn prisar ein sola når
ho er her. Kyllingane får kome ut i bur og no er islandshønsa store  nok
til å vandre litt fritt rundt. Dei held seg for seg sjølv og ser ut som små minihøner
der dei går. To av dei får flotte fjærsveisar.

 Den trøtte hanen


Inge er så trøtt om dagen. Eg mistenker at han legg seg veldig seint og står opp
altfor tidleg. Typisk ungdomar. Han tek seg ein sjanse til å få seg ein kvil både
her og der. Til og med ståande rett opp og ned fungerer strålande for litt søvn.



Våren er den beste tida for lukter. Og min favoritt, heggen, den beste lukta av dei alle. 
Eg plukkar inn grein etter grein og fyller kvart eit rom. Berre synd at den snart er ferdigbløma,
men vill-apalen nede i vegen er også på veg no. Sommarblomane poppar også opp ein
etter ein. Ta deg ein tur ut og sjå deg rundt. Det er gjerne fleire sortar blomar enn du trur, og
mange du reknar som plagsomt ugras som du kan plukke med inn til ein søt liten bukett.
 Ja, dette er ei fin tid på året. 

søndag, mai 24, 2015

Den store SPEKESKINKESPRETTEN




Og DER, var griseprosjektet definitivt over for denne gong. Spekeskinka, som
har hengt på lemen i eit halvt år, hengt i røykebua før det, og lagt
i saltlake i tre månader før det, er endeleg spretta! Og jippi, eg klarte
det, den var knallgod! Hard som nøtteskal utpå, men inni er den mjuk som
smør og smeltar på tunga. Og dette er 12-13 kilo med mat på ei skinke! 
Skinka fekk bilete av si opprinnelse med teksten "Frå mat er du komen,
til mat skal du bli..!" på. Anledning var den årlege Grand Prixfesten med
nokre fine vener og masse god mat attåt. 


Eg prøvde meg på den jomfruelege oppskjæringa, men måtte gi knivane vidare. Linn er flink
fotograf!


Brødkniv måtte til for å komme igjennom skinnet!


Jo fleire kokkar, jo meire søl? To par proffe hender (Torgeir og Vidar) for å få spretta skinka gitt! 


Buster håpa og håpa og sleika munnen klar for litt spekeskinke. Men dessverre..


Nydeleg fin farge på skinkekjøtet! 


Vidar skjærer i fine skiver.


Wow!!

Derimot, Chorizopølsa frå desember som eg skreiv om i Pølsefinale, vart
ikkje like heldig. Den spretta eg for nokre veker sidan. Eg skjønte før den tid
at eg hadde gløymt noko viktig. Å salte spekkterningane som vart lagt i pølsa. Så
pølsekjøtet var god på smak, men spekket var litt beskt. Og dermed ikkje noko god 
snacksmat. Men då veit eg det til neste gong! 


I år vert det ingen grisar. Eg planlegger heller å bruke meir tid og pengar på
ein god ferie, oppussing av hus og litt meir fridom. Og eg har enda ein del
kjøt att. Men tanken er å få nye grisar til neste sommar, og den gode spekeskinka
er ein ekstra gnist for å sjå fram til det! 

lørdag, mai 23, 2015

Slaktebenken



No har eg jo jammen meg eit heilt tun å ta meg av, som berre er 
mitt. Hengekøya har kome opp på mellom hønsehuset
og hoggestabben. Jau, det er ikkje der eg hogg ved, men slaktar
høns. Så fekk eg plutseleg lyst til å gjere noko meir ut av 
akkurat denne staden. Bakken der er ikkje noko særleg fin, så
ein liten benk var på sin plass. Og sist helg storkosa eg meg med
småsnekring, med resteplank og nokre gjerdestolpar. Benken er festa
med gjerdepålar i bakken og bakpå ryggen påhoggestabben. 

Og benken måtte også få seg eit namn synst eg: Slaktebenken!
Benken er god og djup, deilig å 
sitje på og sjå utover sjøen frå. Og så skal den nok få seg litt maling
etterkvart, når eg fyrst dreg fram malarpenselen att. Det er fint å lage
forskjellige soner/stader i hagen og på tunet og jammen vert det 
visst ein del benkar her og der! Men dei er svært forskjellige og det er gøy!


torsdag, mai 21, 2015

O kjære, du min søte potet


Kva i all verden er dette for noko? Kva er det ho har på gong no då?
Kanskje nokon som lurar på det? 
Eg prøvde og prøvde i fjor. Med søtpotet herifrå og derifrå og til slutt
økologiske heilt frå Kinsarvik Naturkost i Bergen. Vart det noko spiring
på desse søtpotetene? Nei. Men no har eg fått nytt mot. Det er nytt år, nye
mulegheitar, nye ting å prøve. Har lest meg litt opp på spiring av til
dømes frø og stiklingar no og har ein ny teori på gong. Dersom søtpotetene
får ligge varmt og med høg luftfuktigheit, kanskje skjer det noko då? 
Difor har eg kjøpt meg to store med tendensar til små røter, lagt dei 
på litt jord i aluminiumsformer. Så har eg kledd dei med plastposar (til frukt/grønt)
frå matbutikken, dei skal visst puste littegrann og ikkje berre lukke alt inne.
Og eg har ikkje tru på at vinduskarmen på kjøkenet er den beste staden
til denne jobben. Så denne gongen er dei plassert over vinduskarmen på 
badet mitt. Den varmaste og fuktigaste plassen spør du meg!
Og då kryssar eg fingrane atter ein gong. Jammen vart eg hekta 
på såing, blomar og grønsaker i år igjen, men steike meg er det kjekt!

Her kan du lese tidlegare innlegg: 


Kva eg håpar på skal skje,
sjå denne bloggen her..


tirsdag, mai 19, 2015

Enklare enn enkelt: gardin!


Eg har faktisk ikkje ei einaste heil gardin i huset. Eg har aldri vore
noko fan av det. Og når eg også har firedelte vindauge så vil eg
ha inn mest muleg lys i huset, og vindaugo er som skattar å sjå 
på i seg sjølv. Men om sommaren byrjar eg å slite litt med lyset på
soverommet. Eg søv nemleg med hovudet rett under vindauget og jammen
vert det lyst i firetida om dagen. Så i helga fekk eg nok og heiv meg på
eit lite gardinprosjekt, berre med bruk av ting eg hadde liggande.


Eg tok vare på to fine greiner under vedhogsten i vinter. Men rundstokk
kunne eg like gjerne ha brukt. 


To krokar vart skrudd fast til greina og to krokar vart skrudd fast 
over vindauget. 


Eg hadde meg ein runde i skuffene etter stoff og dukar. Og kom
over denne flotte broderte duken. Eg brukar (dessverre) også sjeldan
duk på bordet, så denne hadde lagt i skuffa etter eg arva den ein gong.
Midt på duken festa eg også ein fin hekladuk som eg brukt litt her
og der tidlegare. Eg stifta den øverste delen av duken fast på greina
og hekla saman to tau som eg også festa øverst. 


Gardin på plass. Med dei to dukane får ein ein blanda kjensle av
hippie og landleg broderitradisjon. Den gule duken skin som ei
sol. Til tross for at gardina er lys så blender den godt for det 
verste lyset og eg har sove godt som berre det etterpå!


Om morgonen henger eg gardina enkelt opp ved å knytte
tauet på begge sider. 

torsdag, mai 14, 2015

Med ERNST i hagen



Eg har aldri vore fan av bokstavar, ord og tekstar i interiøret. Det vert litt for mykje LOVE, HOME og slikt for min del. Men eg er ein liten fan av han godaste Ernst Kirchsteiger. Dei som ikkje
anar kven denne mannen er så kan eg fortelle at han bur i Sverige og er superkreativ!
Han styrer på med både mat, hage og dekorasjonar, bygging og interiør. Svensk tv4 pleier
 å sende "Sommar med Ernst" og "Jul med Ernst" fast kvart år. Og det er skikkeleg
 herleg å følge med på. Men han Ernst, han klarer å lire av seg mange rare sitat.
Veldig filosofiske; nokre djupe, nokre sære, nokre rare, nokre morosame.
Og nokre av desse sitata hans har blitt ein del av ein kolleksjon i hans namn.
Og jammen dukka det ikkje opp eit hageskilt i julepresangen min frå ho
Marianne frå Toten. Så i dag, til ærefor han Ernst som me begge likar så godt,
så er skiltet på plass i yndlingskroken i hagen for tida! 

Og her måtte eg jo berre ha med eit bilete av han Ernst. I kjend stil, i kontakt med naturen.
Bilete henta frå www.dn.se. 

Endeleg, den store sådagen


I år har det vore kaldt så lenge. Som eigentleg kanskje er normalt, men
me vert gjerne litt bortskjemt med desse sydenvarme vårane me har hatt. 
Så i år har eg ikkje fått sådd før i dag, midten av mai! Lovleg seint, men
eg satsar på at det vert nokre grønsaker på meg i år også. 


Og endeleg får eg bruke plantespiseskeiene mine! Dei er så fine! 


I år vert det seks enkle pallekarmar med duk, i staden for
tre doble som eg hadde i fjor. Eg tenkte å strø kaffigrut rundt
karmane for å halde sneglane vekke! 


Inne er fleire vindauge fylt av spirer og små planter. Her frå 
kammerset der det står ulike tomatplanter, paprika, bønnestengler
og noko anna. Det var visst ikkje alle frø eg fekk til å spire, men
det gjeld å prøve seg fram! 



Frodig og fint i kjøkenvindauget. Squash og agurk
kan vere lurt å forså inne nokre veker før dei skal 
ut i drivhus. Kryssar fingrane for at det går bra! 



I fjor fekk eg til så mykje fine løvemunn i ei tønne. Så eg prøver å få
til flotte planter i år også, frå frø frå fjorårets planter. Billeg å samle sine eigne frø!