søndag, mai 31, 2015

Bolleforsking + baketips


Eg fekk smake på den beste skillingsbolla nokon sinne for nokre veker sidan. Den
kom frå Brødskreppa, eit nytt lite bakeri med vedfyrt bakarovn i Omvikdalen i Kvinnherad. Bolla
var utruleg saftig, søt og litt syrleg på smak. Og eg byrja med ein gong å fundere på korleis
den flinke bakaren hadde fått dette til! Eg har tenkt at den gong når eg vinn i Vikinglotto så skal eg 
lage meg eit bakstehus på tunet her, men til dess så får eg bruke den gode gamle komfyren og prøve meg fram der. Og denne gongen trur eg at eg fekk det ganske godt til, ein bolleforskar som eg 
kallar meg i helga, for bollene vart utruuuleg gode, om eg får lov til å seie det sjølv! 
Så difor deler eg oppskrifta, til de som har lyst til å prøve ut forskinga mi:

STEIKE meg så gode boller!

ca 20-24 boller

500 g sikta speltmjøl
500 g sikta vårkveitemjøl/kveitemjøl
10 g kardemomme
15 g salt
150 g sukker
5 dl heilmjølk
saft frå ei sitron
20 g fersk søtgjær
1 stort egg
150 meierismør

100 g mjukt smør
1,5 dl brunt sukker
marsipan (valfritt)

Ha fyrst mjølk og sitronsaft i ei skål og la det stå i tjue minutt. Mjølka vil dele
seg og verte sur. Rør så inn gjæren. Bland det tørre i ei bakebolle, hald igjen på 
litt på mjølet. Rør inn mjølk og egg og elt saman til deigen er seig, men våt. Ha oppi smør i terningar
og kjør deigen til smøret er elta inn. Dekk bakebolla med ein plastpose og eit kjøkenhandkle. La
den heve seg i to timar. Ta så gjerne i bruk ei deigskrape (deigen er noko klissete) og brett deigen
innover nokre gonger. Dekk til og hev deigen nye to timar. Brett og dekk til. Hev deigen nye to
timar. Bruk så resten av mjølet til å dekke eit bakebord. Kjevle deigen utover. 

No har du to valg. Du kan smøre på smør, drysse på sukker og legge tynne skiver av marsipan 
utover deigen. Eller du kan kjøre smør, sukker og ein bit marsipan til ei masse som du smører utover.
Marsipan er knallgodt i boller, så likar du det så må du prøve det ut!

Fyll eit brett med boller slik at det vert 1-2 cm mellom kvar bolle. Dekk brettet med plast og kjøkenhandkle. La dei heve i to timar. Set ovnen på 200 grader og pensle bollene med eit vispa
egg. Steik bollene i ovnen i ca ein halv time til bollene er gyldne på toppen.

 Avkjøl lett og knask i veg attåt eit kaldt glas mjølk!

(Du kan også legge bollene på to bakebrett slik at dei ikkje veks inn i kvarandre. Då treng dei 
litt kortare steiketid, ca 15-20 minutt). 


Bolleforskaren sine baketips

- Lang hevetid på brøddeig er no ganske vanleg, men ikkje så vanleg
med bolledeigar. Muleg fordi deigen rett og slett et opp sukkeret i deigen. Det
gjer jo ingenting når ein likevel skal fylle bolla med berre godsaker.
- Reagerer du på sitronsaft i deigen? Det er berre ein måte å lage surmjølk på. Det 
er ganske moro å kunne lage det sjølv, og sur mjølk i baksten gjer den 
både saftig og gir ein lett syrleg smak. Det høyres kanskje rart ut, men det
smakar utruleg godt! 
- Når du hever deigen så treng du ikkje å bruke opp ein rull med plastfolie for
kvar gong. Eg har laga meg nokre plastflak som eg har kun til baking. Eg har rett
og slett klypt nokre handleposar i to og tørkar av etter bruk, brettar saman og har
liggande i ei skuff. For å få det så godt så lufttett så legg eg alltid eit kjøkenhandkle
over plasten. Berre kjøkenhandkle vil sleppe ein del av fuktigheita ut og gi meir tørt
bakverk.
- Brettinga har overteke for elting og heving. Når du bretter deigen løftar den seg så
utruleg godt opp og vert spenstig. Teknikken med brett og hev krever lite gjær og
at du har god tid. Det betyr jo ikkje at du heng på kjøkenet heile dagen, men at du, 
innimellom andre ting, kikkar innom deigen og gir den ein runde. Eg får best resultat
på min bakst med denne teknikken.
- Bruk alltid kald væske og heving i romstemperatur. Skal du lage raske boller med
fullpakke gjær så kan du jo sjølvsagt ha lunka mjølk og lunk under heving. Men det
vert mykje betre om du prøver denne teknikken. Gjæren får god tid til å utvikle seg.
- Lite gjær betyr ein glad og nøgd mage. Eg kjenner i alle fall at magen min kjenner seg
litt "gjæra" etter å ha ete boller med vanleg bolleoppskrift. Det er som ofte mengda gjær 
som gjer det. For prøver du med fullpakke gjær og lang hevetid så vil du oppleve å få nokre
flate og tørre boller faktisk. 
- Eit siste triks, som eg har nemnd før, for å få god fukt i baksten er å hive inn litt
vatn i botnen på ovnen før du lukkar døra med baksten inni. Ha ei brødform eller
noko som du hiv ca 0,5 dl vatn oppi, hiv du vatnet rett på botnen så kan den bli
stygg etterkvart. 
- Bruk alltid god mjølk og godt smør i boller! Du kan vere sunn og slanke deg
med alt anna. Boller skal vere bra og knallgode, spør du meg! Men du har jo lov til å
vere ueinig då! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!