tirsdag, mai 19, 2015

Enklare enn enkelt: gardin!


Eg har faktisk ikkje ei einaste heil gardin i huset. Eg har aldri vore
noko fan av det. Og når eg også har firedelte vindauge så vil eg
ha inn mest muleg lys i huset, og vindaugo er som skattar å sjå 
på i seg sjølv. Men om sommaren byrjar eg å slite litt med lyset på
soverommet. Eg søv nemleg med hovudet rett under vindauget og jammen
vert det lyst i firetida om dagen. Så i helga fekk eg nok og heiv meg på
eit lite gardinprosjekt, berre med bruk av ting eg hadde liggande.


Eg tok vare på to fine greiner under vedhogsten i vinter. Men rundstokk
kunne eg like gjerne ha brukt. 


To krokar vart skrudd fast til greina og to krokar vart skrudd fast 
over vindauget. 


Eg hadde meg ein runde i skuffene etter stoff og dukar. Og kom
over denne flotte broderte duken. Eg brukar (dessverre) også sjeldan
duk på bordet, så denne hadde lagt i skuffa etter eg arva den ein gong.
Midt på duken festa eg også ein fin hekladuk som eg brukt litt her
og der tidlegare. Eg stifta den øverste delen av duken fast på greina
og hekla saman to tau som eg også festa øverst. 


Gardin på plass. Med dei to dukane får ein ein blanda kjensle av
hippie og landleg broderitradisjon. Den gule duken skin som ei
sol. Til tross for at gardina er lys så blender den godt for det 
verste lyset og eg har sove godt som berre det etterpå!


Om morgonen henger eg gardina enkelt opp ved å knytte
tauet på begge sider. 

6 kommentarer:

  1. Enkelt og greit, og en fin måte å få brukt en ellers ubrukt duk på også. (",) Jammen blei det ikke et innslag av gult også - ny gul duk i vinduet. (",)

    SvarSlett
  2. Forresten utrolig kul farge på veggene!

    SvarSlett
  3. Jau, der sa du det! Ny gul duk i vindauget! :-) Og fargen er herleg ja, pussa opp soverommet for rett over eitt år sidan. Veldig roleg og lun farge!

    SvarSlett
  4. Når det gjelder ledningene: Vi har heller ikke skifta noe av ledningsnettet i denne omgangen. I store deler av første etasje er det mye nytt allerede i forbindelse med oppussing, og i andre etasje er det knapt strøm. Vi satser på å få lagt opp til de nyoppussede rommene i løpet av året. (",)

    SvarSlett
  5. Selv må jeg bare ha det helt mørkt på soverommet, men jammen ble det lekkert med gul solduk.
    Hilsen Camilla i Harstad

    SvarSlett
  6. Det trur eg er ein vanesak! Har hatt det slik i periodar eg også. Men no set eg sånn pris på at det er litt lyst ute når eg våknar, så mykje lettare å stå opp då! Du får prøve deg ein solduk du også ein gong! ;-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!