onsdag, mai 13, 2015

Gjøken er her!



Eg stoppa opp då eg høyrte gjøken sine fyrste ko-ko i forgårs. 
Eg likar så godt den lyden, eg har til og med eit gjøkur på kjøkenet
som seier koko kvar heile time, utan at eg har blitt lei det. 
Eg har før prøvd å jakte på gjøken, for å prøve å ta bilete av
den, men utan hell. Den er ganske sky av seg. Men plutseleg sat 
der ein fin gjøk på gjerdepålen i hagen. Og eg lurte meg til å ta
bilete gjennom vindauget. For ei utruleg flott oppleving! Då han 
ensa meg flytta han seg over til neste påle. Til han føyk sin veg. 

2 kommentarer:

  1. Så sjelden fotofangst du har gjort, utrolig.
    Vi hadde gjøkunge i takrenna for noen år siden, husker ikke hvem de stakkars foreldrene var, men de var nok glade når han deisa ned i hagen her
    God helg

    SvarSlett
  2. Jau, det var stort! God helg til deg også! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!