lørdag, mai 09, 2015

Lenge leve hesjastauren




Eg hadde eit bed som liksom aldri vart bra. I fjor krøyp eg til
korset og reinska det, la duk og bark på. Men så kom høns,
så kom vind og så kom visst ugras allikevel. Og det var bark
overalt og det såg heilt forferdeleg ut. Og eg kjente at hagegleden
berre glapp ut av hendene mine. Men i påsken kommenterte ei
venninne "kan du ikkje berre lage deg ein benk og sette der?". 
Den kjekkaste setningen eg hadde høyrt på lenge. Og vips
så var ideen med hesjastaurbenken i gong. Bedet er dekka av skiferplatting
og i dag har eg snekra to benkbein, festa fleire hesjastaurar
 saman med tau og så spikra dei fast til benkbeina. Den er litt ujevn 
og herleg, men god til å både sitje og ligge på. Og i kroken har eg 
laga ein levegg og eit urtebed som førebels rommar salvie og graslauk
som klarer seg heile året. Ein fin krok og eit bed mindre å styre på med! 

3 kommentarer:

  1. Lurt! Noen ganger nytter det ikke å kjempe mot naturen. (",) Stilig idé å bruke hesjestaurene sånn.

    SvarSlett
  2. Jau, no har eg berre lyst til å lage enda fleire! Er så glad i hesjastauren! :-) God søndag til deg!

    SvarSlett
  3. Benken ble kjempefin. Mye finere enn et bed fullt av ugress. Jeg leter etter noen hesjestaur. Planen er å lage meg levegg. Gamle materialer kan brukes på mange måter.
    Hilsen Camilla i Harstad

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!