søndag, mai 03, 2015

Løvetannsirup


Søt som sirup!
Og årets siruplaging er i gong. Ein herleg hobby det der. 
Men treng ein verkeleg sirup i livet sitt då? Ja! Det er jo likevel
sukker, men jammen får ein fram mange gode og spennande smakar. 
Og så smakar frukostpannekakene ekstra godt også. 

Her er løvetennene i blomst allereie. Og fleire skal det verte framover!

Løvetannsirup

200-250 løvetannhovud
1 sitron (helst øko)
1 liter vatn
1 kg sukker

Det tek ikkje lange tida å plukke blomane, ta med deg ei saks 
og klypp av berre hovuda og så tek det gjerne berre eit kvarter!
Kok opp vatn, sitron i skiver og blomane. La det småkoke i 20 minutt.
Kjøl ned og la det trekke i kjøleskapet over natta. Sil av safta og kok
opp den med sukker. Småkok til den byrjar å bli ei seig men flytande 
masse, prøv med å ta ein drope mellom fingrane. Hell på sterile små glas/flasker.

Sjekk også granskuddsirup her, og hylleblomsirup her, også knallgode! 




8 kommentarer:

  1. Du er så flink og bloggen din er superfiiiiin!!

    SvarSlett
  2. Mange spennende tips her. Vet ikke helt om løvetannsirup er noe for meg (ikke så glad i lønnesirup heller), men det vaskemiddelet tror jeg at jeg skal teste! (",)

    SvarSlett
  3. Heisann Ingvild. SÅ kjekt å lesa dei nye innlegga dine. Eg ska testa ut vaskemiddelet og løvetannsiruppen :) glede meg t å lage pannekaker i helgo med heimalaga sirup på MMMM. Nyt veko, Monica Aktiv Fritid :)

    SvarSlett
  4. Hei jenter! Prøv gjerne vaskemiddelet ja! Og sirupen er betre enn sitt rykte. Berre tanken på å ete løvetann er jo ikkje særleg freistande. Men sirupen er skikkeleg god! Blomesmak, men ikkje noko beisk smak som ein skulle tru. :-)

    SvarSlett
  5. Hei ,så koselig blogg du har. Fant den da jeg søkte på løvetannsirup. Laget det for første gang i år og det er supergodt. Dette blir det garantert mer av.Mvh Merethe på småbruket

    SvarSlett
  6. Så kjekt med ny lesar på bloggen! Og ja, tommelen opp for løvetannsirup! Og sirupar generelt. Det er alltid noko å lage sirup av er mitt mellomnamn for tida ;-)

    SvarSlett
  7. Takk for fin oppskrift. Hvor har du fått tak i i små søte flaskene?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Dei små flaskene fann eg på Clas Ohlson det året, eg veit ikkje om dei finst der no. Den andre flaska er ei gammal juiceflaske som eg har kjøpt på internasjonale matbutikkar, der er det mange fine flasker med godt innhald :-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!