tirsdag, mai 12, 2015

På tunet i mai


På tunet i mai. Tida går så fort og det seier eg ikkje berre
som tomsnakk. Den flyg avgårde. Det er jo tross alt maimånaden
med fridagane her og der og lange lyse dagar. Det er vårlege temperaturar
men elles nokre sommarlege teikn ute. 



Så takknemlige tulipanar, som blømer vår etter vår og tryllar
vekk eit traust bed til å bli ein fargeklatt. Eg pleier aldri å kjøpe meg
tulipanar på butikken, men ute slik syns eg dei er heilt nydelege. 


Hesjastaurbenken inviterer til ein liten kvil i solveggen. Super krok 
for våren, litt i varmaste laget for sommarsdagen kanskje. 


Ei lita eng av tusenfryd. Ekte sommarblomar! 


Og ramslauken som eg plukka med meg heim i fjor står
i full bukett i bedet. Så i år har eg plukka med meg 
nokre fleire røter og er klar for enda meir ramslauk frå eigen
hage til neste år. 
Her har eg skrive om ramslaukpesto og denne gongen har
eg putta grønkål oppi pestoen også. Knallgodt på brødskiva
eller på pasta. Og ganske så sunt! 



Og til finalen. Hanen Inge er framleis veksande, lettare forvirra, usikker på om
han er ein hane eller eit menneske. Prøver å parre seg både med meg og med
nabohønene, men får ikkje lukkast, med meg i alle fall. Han står alltid
utanfor døra mi og ventar om morgonen. Slik at han kan få danse litt rundt meg
og flakse med fjæra. Og sidan han er så rar og herlig har eg teke han med opp i hengekøya. 
Fleire gongar. Han legg seg ned og glip med augo. Og får seg ein liten kvil før 
han tutlar rundt vidare. Så no ventar eg vel berre på at Norge Rundt ringer! 

1 kommentar:

  1. Huset ditt er utrolig flott, og ligger så fint til oppå bakken der. Nyt våren! (",)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!