fredag, mai 01, 2015

Solgryloppis


Årets 1.mailoppis på Solgry i Sveio. Store forhåpningar og kribling i magen
for i fjor fann eg mykje på det loppemarkedet. Men i år var det mindre av
skattane både i smått og møblar. Men eg fekk med meg nokre småting som gleda
kjøkenet mitt. Fine tallerkenar frå Figgjo og Egersund. Ei fin sil i aluminium. 


Ei spesiell mugge/kanne frå det svenske merket Rørstrand. Denne likte 
eg godt! Ser for meg varm kakao i denne her.


Og dagens store skatt, som for mange vil vere reint boss. Eg anar ikkje
kva den har blitt brukt til. Rusta her og der, fyrst malt grøn og så 
gul. Eg har pussa den ned litt og vaska den. Så har den fått kome
opp på stoveveggen som ei lita hylle for mine siste kjekke blad,
som så gjerne er svenske interiørblad! 



3 kommentarer:

  1. Det er ikke alltid man drar hjem med full pott, men dette var da absolutt verdt turen. Likte også kanna godt. Tror Rörstrand hadde mye fint i si tid, her i huset var det et veldig fint servise som heter City.

    Bladoppbevaring må jo forresten ha vært meninga med den siste skatten, perfekt! (",)

    SvarSlett
  2. Jeg hadde også kjøpt den boksen om jeg kom over den på et loppemarked. Rart hvilken glede en kan finne i andres "søppel".
    Hilsen Camilla i Harstad

    SvarSlett
  3. Den rørstrandkanna såg eg ikkje på fyrste runde,men andre. Den blanda seg så lett mellom anna vanlege ting. Men den er jo kjempeflott! Og boksen er herleg! Rust kan vere flott det! :)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!