fredag, mai 29, 2015

Vegetarfredag: Squashspaghetti


Etter å ha styrt på med kjøtt - i det siste har det gått i oppskjæring av spekeskinke,
vakuumering og slikt - så får eg verkeleg behov for kjøttfrie dagar. Eg er nok ikkje den
som har behov for så mykje kjøt i løpet av ei veke, så eg er ganske flink til å spe på
med vegetariske middagar. Det er heller ikkje anbefalt å ete mykje kjøt samt at det skal
godt gjerast å halde oppe kjøtproduksjonen når alle skal ha dei finaste kjøtstykka så ofte så 
muleg. Så her kjem ei oppskrift på ein mettande middag utan så mykje som eit gram av
kjøt eller fisk! Godt er det også! Oppskrifta er inspirert av "Zucchinipastarecept" frå eit
Raw Food-kurs eg var på med ei flink jente som bur her på Stord. Men oppskrifta er ikkje rein
Raw Food.


For å lage spaghetti av squash så treng ein noko som heiter ein spiralizer. Her
har eg fått tak i ein billeg og enkel type frå Ebay. Elles får ein tak i dei på Kitch´n
og litt anna type spiralizer får ein også tak i på nettet. Eg set squashen inn i eine
enden og vrir den rundt. Ut kjem flotte strimler. 


Lange strimler kan du få til når du får teken på denne morsomme kjøkendingsen!


Squashspaghetti med avocadopesto
2 pers

1 squash

1 avocado
ein neve babyspinat (valfritt)
ein neve basilikumblad
1 ss god olivenolje
ein bit parmesan
ein liten neve valnøtter
ein liten neve solsikkefrø
1 ts honning
salt/pepar/pressa sitronsaft

Lag til spaghetti i ei skål. Kjør resten av ingrediensane til ein krema
pesto med ein stavmiksar/food prosessor. Smak til med salt/pepar og sitronsaft.
Bland pestoen inn i spaghettien og server straks, gjerne med litt hakka 
raudlauk og cherrytomater. Nam!


2 kommentarer:

  1. Åhh, dette ser godt ut og skal prøves snarest. Vi har et mål om å spise vegetar minst to ganger pr uke og ny inspirasjon er bra! Kul den spiralizeren! Må nok en tur på Kitch'n ;) kanskje det blir Meat Free Monday? Golvet på badet er faktisk belegg, men det ser nesten ut som flis, ja :) Ha en fin lørdag
    Klem fra meg

    SvarSlett
  2. Jepp, det er ganske gøy med spiralizer!

    http://www.ebay.com/itm/Spiral-Slicer-Cutter-Kitchen-Tool-Vegetable-Fruit-Spiralizer-Twister-Peeler-LX-/251976588886?pt=LH_DefaultDomain_0&var=&hash=item3aaaf99e56

    Her finn du den betydeleg billegare på nettet, om du tør, på Kitch´n kostar den vel 299.

    Golvet såg nydeleg ut, er akkurat slik eg tenker på mitt badegolv den gongen eg går laus på badet her. Treng ikkje nødvendigvis fliser, det vert jo dyrt nok med badoppussing!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!