søndag, juni 21, 2015

Enda meir sirup - Rabarbrasirup


Tenk å kunne smake den gode rabarbrasmaken heile året? I drikke, på is, på vafler
eller pannekaker, i kaker... nam! Eg laga rabarbrasirup då eg laga muffins sist helg,
og den vart så god at eg måtte lage enda meir. Og i natt har eg drøymt om rabarbrarøter
merkeleg nok. I går var det havrelappar med rabarbrasirup på til frukost. Laurdagsfrukost,
sommarfrukost, gledesfrukost.

Rabarbrasirup

6 dl vatn
4 dl sukker
4 stilkar rabarbra i tynne skiver

Kok opp vatn og sukker til det tjuknar bittelitt. Ha så oppi 
rabarbrabiter og kok dei møre. Ta dei så ut og sil av sirupen
slik at alle tråder er vekke. Kok sirupen litt inn slik at den vert 
fin i konsistens - sirupkonsistens. Ha gjerne på små sterile glas
og set til lagring. Etter at du opnar eit glas vil det etterkvart
kanskje krystallisere seg, difor er det greit å bruke det opp 
innan ei veke kanskje. Men steike for ein smak - ekte smak
av sommar det der. Og smak av sommar likar me! 



Skorsteisbedet


Mursteinane etter skorsteinen hadde eg lyst til å bruke til noko. Og
på bakken her er det ein jordflekk som graset aldri liksom får feste på.
Så då vart det eit bed, lagt med duk i botn og murklossar i fin sirkel. Og til
å toppe og stabilisere bedet fann eg meg steinar frå ei steinur ved gamleløa.
Det vart skikkeleg fint, og ein fargeklatt midt på tunet. I bedet har eg sett 
løvemunnspirer som eg har sådd innandørs, og rundt bedet
har eg sett ut litt urter, litt blomar og slikt. 



Sommarkjensler - kveldssol



Eg lev i ei gledesrus om dagen. Det kjennes så godt. Det skal ikkje meir til enn
at sola skin, det luktar av nyslått gras, på radioen summar lett sommarmusikk, dyra
kosar seg, eg går barbeint og drar inn luktene. Energien flommar i kroppen og det
passar fint for det er masse å gjere om dagen. Eg går kveldstur oppover haugane etter sola når
ho er på veg ned, kikkar utover sjøen og prisar mitt Eskeland, eg kikkar på saugene
som nyt kveldslyset og det saftige graset. Eg prisar denne tida på året, eg kjenner
det i heile kroppen, skulle ønske det vil vare evig men veit eg må nyte det fullt ut no.





fredag, juni 19, 2015

Tomatsuppe med snøfrisk


Når sola fyrst skin ute så er det greit å lage noko lettvint til middag. Og
i år har eg slått eit slag for suppa, det har blitt ein del gode supper sidan
nyttår. Ein av desse får du oppskrift på her. For no får ein tak i gode norske
tomater! Eg pleier å kjøpe nokre svære og ujevne tomater (2.sortering) på
torget her til ein billeg penge. Dei er supre til å lage saus og supper av.
Snøfrisk gir ein ekstra god smak på suppa og couscous gir litt lett tyggemotsand.
Eventuelt kan du ha oppi den gode gamle makaronien også.
Så er det berre å kose seg!

Sommarfrisk - snøfrisk tomatsuppe

ca 4 personar

4 store tomater
1 gul lauk
2 fedd kvitlauk
1 boks snøfrisk
8 dl kraft/buljong
1,5 dl matfløyte
salt/pepar/chili
litt olivenolje
0,5 dl couscous

Surr hakka lauk i litt olje, om du vil ha litt sterkare smak på suppa så har du litt tørka chili
i olivenolja. Tilsett tomatene i grove bitar og surr til dei byrjar å
bli litt møre. Hell på kraft og la det koke i 5-10 minutt. Ha så oppi snøfrisk og kjør
suppa med ein stavmiksar til den er jevn. Tilsett fløyte og couscous og la den småputre
i fem minutt. Smak deg fram med salt og pepar. Server varm eller kald, litt
fersk basilikum eller ramslauk set ekstra god smak!

onsdag, juni 17, 2015

Finske eventyr



I år ventar ei eksotisk reise. Ikkje til fjerne austen eller sørlege breddegrader. Men
til spennande Finland, eit ganske så nære naboland av oss, men allikevel så
annleis og eksotisk. Eg gler meg stort til tur med Marianne frå Toten! Me kjem
til å halde oss i sør og vest med Helsinki, Vaasa, Åbo med meir på planen.
Men hovudattraksjonen, som fekk oss til å vende nasa austover, er at me skal
få besøke eit TV-program! NRK viser programmet "Hygge i Strömsö" av og til, 
gjerne på tidspunkt der ein er på jobb. Men dei har også liggande ein del episodar
på nett-tv.

Bilete henta frå nrk.no

Denne gjengen, med nokre fleire, skal me besøke. Og har du aldri i verda 
høyrt om dette før så skal eg fortelle litt. Tv-programmet held til og handlar 
delvis om eit flott raudmåla hus nord for Vaasa. Der utforskar dei alt av kreativitet
innanfor mat, baking, natur og urter, såing/grønsaker/frukt/blomar, snekring, 
loppisfunn, mykje DIY (ting å lage sjølv) og handarbeid. Eit program perfekt for
meg og Marianne! 

 Strömsöhuset. Bilete henta frå jsvaasa.fi
Bilete henta frå http://svenska.yle.fi/artikel/2015/03/06/att-odla-sin-ortagard

For dei som er nysgjerrige på dette programmet og deira prosjekt så kan eg anbefale
heimesida deira: http://svenska.yle.fi/program/stromso
nokre episodar på nrk.no: https://tv.nrk.no/serie/hygge-i-stromso
deira instagramkonto: https://instagram.com/ylestromso/
deira pinterestside: https://se.pinterest.com/stromso/




Det vert kanskje nokre bilete frå turen på instagramkontoen til bloggen undervegs! 

søndag, juni 14, 2015

På tunet i Juni



Dei minste kyllingane veks seg til og er snart like store som ho mor. Men
så er ho jo berre stemor og dei kjem nok til å verte mykje større. Eg er redd for
at den svarte/kvite vert ein real hane, skulle helst ha vore ei høne det der. Men 
flot vert den uansett.



Islandskyllingane tutlar rundt om kring. Dei held seg helst for seg sjølv og 
i litt avstand frå dei større hønsa. Og så har dei så spesielle kaklelydar. Annaleis
enn andre høns eg har høyrt. Gler meg til desse vert store og skal legge egg til meg!


Gjøken er stadig i nærleiken. I helga satt han på ein gjerdepåle og 
observerte livet rundt om. Kanskje han har lagt ein del egg
i framande reir rundt om. Gjøken er jo ein skikkeleg snik, til tross
for den flotte synginga hans. 


Grønkålen frå i fjor blømer til den store gullmedalje. Store flotte og gule blomar. 


I pallekarmane spirer og gror det. Her er sukkerertene godt på veg opp av jorda, det same
er reddikar, raudbetar og laukar. 


Dette bildekket fant eg ved ein risdunge på garden. Den som kasta den i frå
seg visste nok ikkje at det er supert til å så grønsaker i! Eg har her sådd 
fleirfarga gulerøter som så vidt byrjar å spire. 


Det kalde veret gir faktisk store og flotte jordbærplanter! Så spørs det
om jordbæra vert like store og flotte då. 


Ingen store rabarbra på meg i år, men dei veks til og eg ser fram til
mykje god rabarbra til neste år. Eg kjem nok til å få tak i nokre
fleire røter også tenker eg. 


Hylleblomen er på veg. Om nokre veker er det nok saftlaging og siruplaging 
av hylleblom i huset her. Hylleblomsaft er nok den beste safta eg laga
i fjor! Og lagra i frysen så smakar den av reine sommaren.


Hagen blømer av bestemor sine gamle blomar. Eg syns dei er flotte sjølv om
dei kan ta litt av desse blå her. 

 "Ernst" rustar vekk. Og vert ganske så sjarmerane. Rust 
kan vere ganske så flott attåt reine fargar. 


Og til slutt, kva er no ein sommar utan HAGL? Sundag 14. juni hagla det jammen
meg. Litt forvirrande dette her. 

Ha ei god juniveke som kjem!

Årets poteter II



Veldig fascinerande. Etter at eg dekka dei små potetplantene med jord så
gjekk det berre ein dag og to før dei kjempa seg igjennom. Altså ein real fart 
på desse plantene. Så då måtte eg til med ny runde med jord. Og visp var dei kome
igjennom det laget også. I dag vert det tredje laget med jord og eg må jo sjølvsagt 
slutte når toppen av baljene er nådd. Spennande dette her gitt! 

UTRULEG saftige rabarbramuffins


Desse muffinsane pønska eg ut på morgonkvisten. Det er dessverre ikkje muffins
som du berre hiv i saman men det krev litt tid og planlegging. Dei er nemleg
utruleg saftige og har søte og syrlege bitar av raud rabarbra inni seg. For sidan eg er
sirupshekta for tida så bunnar dette også i ein sirup. La meg forklare, det er faktisk
ikkje så vanskeleg. Men absolutt verdt det!

Muffins med sukkermarinerte rabarbrabitar

Rabarbrabitar
Kok opp 3 dl vatn og 2 dl sukker
til det tjuknar litt. Ha så oppi tynne skiver
av 2 rabarbrastilkar i sukkerlaken og la det småkoke
i om lag fem minutt. Bitane skal bli mjuke/møre  
men ikkje dette i frå kvarandre. Ta ut bitane
og legg dei gjerne på litt bakepapir. Kjøl ned. No har 
sukkerlaken blitt ein sirup med smak av rabarba faktisk og 
det kan du helle på eit glas om du vil! Hakk lett bitane
av rabarbra med ein kniv. Ta gjerne litt ekstra sirup over. 


Muffinsrøre
3 tempererte egg
3 dl sukker
5 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
250 g smelta og avkjølt ekte smør

Visp opp luftig eggedosis. Bland forsiktig inn den silte mjølblandinga 
og så det avkjølte smøret. Ha til slutt i rabarbrabitane og vend forsiktig
til dei har fordelt seg fint i røra. 
 Ha om lag ei isskei røre oppi kvar muffinsform og steik dei på 
225 grader i 10-14 minutt til dei er lett gyldne på toppen. 
Avkjøl på rist. Før dei er heilt avkjølte kan du gjerne smøre litt
sirup på toppen av kvar muffins. Dette trekk etterkvart nedi muffinsane
og gjer dei enda meir søte og saftige! 



Ramslauksmør



Nydeleg, grønt og friskt urtesmør. Det treng ikkje å koste dei mange
kronene på butikken. Veit du eller naboen om ein stad der det veks ramslauk?
Plukk med deg nokre blad, kjør det med stavmiksar eller i ein food prosessor
med ein god klump smør, litt godt maldonsalt og ein skvett sitronsaft. 
Heilt nydeleg når det smeltar utover ei rista brødskive..

Og samtidig når du plukkar nokre blad av ramslauken, så plukk ein
bukett med ramslauksblomar også. Dei er så herlege! 


lørdag, juni 13, 2015

Brennesle


For første gong har eg brukt brennesle i matlaging. Eg har vel kanskje
vore litt småskeptisk sidan ryktet til blada tilseier brennande merker på armar
og føter. Men no har eg lært meg å plukke MED hanskar og har lagt suppe
fleire gongar. Det er ulike oppskrifter på brenneslesuppe, nokon føretrekk
å lage mest muleg rein suppe, nokon har oppi poteter eller erter for litt meir
tjukkleik på suppa. Eg er veldig glad i maissuppe og prøvde denne i denne gongen
å ha mais oppi. Det vart veldig godt, mais gir ein god sødme på suppa og tjuknar den fint.

Grøn og fin brenneslesuppe

2 personar

5dl brennesle
1 gul lauk
2 fedd kvitlauk/1 kinesisk kvitlauk
5 dl kraft/buljong
1 boks økologisk mais
1 boks kokosmjølk
salt/pepar
lime

Skyll blada i kaldt vatn. Surr hakka lauk og kvitlauk mjuk i litt olje. Vend
i mais og brennesle til brennesla dett litt i saman. Ha over kraft og
la det koke i fem minutt. Ha over kokosmjølk og la det koke vidare i fem minutt.
Bruk stavmiksar og kjør suppa glatt. Tilsett salt, pepar og litt limesaft etter smak.
Server straks! Brød med godt smør er ein vinnar attåt! 


onsdag, juni 10, 2015

Ein griseekskursjon



Etter griseprosjektet i fjor har eg verkeleg lagt min elsk på grisar. Dei er 
heilt nydelege dyr med mykje personlegheit. Og då eg fekk ein muligheit
for å kikke innom Sæterbø gard, der eg henta meg grisar i fjor, så hoppa
eg i bilen. Eg visste at eg kom til å forelske meg i nokre grisar då, det var no
ikkje vanskeleg. Sjå berre på denne vesle krabaten her. Spesielt er eg nok
svak for grisar med farge/flekkar på seg og kunne gjerne tatt med meg heim
alle i hop. Bonden driv med avl sjølv og avlar fram Edelgris som er ei blanding
av tre rasar; norsk landsvin, norsk yorkshire og duroc.
Her i fjøset er det mykje lyd og leik og moro for grisane.



Ei purke som straks er fødeklar. Svær mage. 


Den største purka av dei alle, stort som eit hus og rart å vere i nærleiken av.
 Og med små grisungar i magen. Litt småskeptisk til mitt besøk inne i garden men
eg fekk no klø ho litt på ryggen for det. Om eg ikkje hadde slakta grisane mine i fjor
så kunne dei faktisk vorte så store etterkvart. Det er rart å tenke på det. 


Bonden peika ut den grisen til høgre for meg, den har blå auge. Det dukkar opp av 
og til hos rasen og er utruleg spesielt. Denne hadde faktisk eitt blått og eitt brunt auge. 
Nysgjerrige grisar dette her. 
Elles har eg fundert litt på å kanskje prøve ut ei anna griserase etterkvart. Kanskje ullgris (Mangalitza) kan vere noko? Det er ein gammal ungarsk rase som fint kan gå ute året rundt.
 Og namnet tilseierat den har godt med pels, men det vert nok ikkje mjuke strikkegensrar av
den, men pelsen vernar godt mot vèr og vind.  

Kva i all verda!!



Tysdag 9. juni. Ein fin start på sommardagen, klokka seks er eg ute og luftar hund,
henter dei minste kyllingane og plasserer dei i lufteburet. Sola skin og markerer at dette vert
ein flott dag. Men så ser eg det. Nede på bakken, der er det kvitt gitt. Der som ikkje sola
har nådd til enda. Og det er jammen meg rim. Den 9. juni. No har eg opplevd det også! 
Jammen er det fascinerande vèr me har her i landet! 


søndag, juni 07, 2015

Årets poteter I


Eg kosar meg med å prøve ut forskjellige ting, teknikkar og metodar. I fjor så prøvde 
eg meg på poteter sett på bakken dekka med høy. Det gjekk sånn halvvegs, men eg trur eg
hadde fått det til betre hadde eg sett dei ein anna plass enn langs med gjerdet mitt. I år tenkte
eg å bruke grisebakken som potetåker, men det var før eg høyrte eit potettips som kom frå ein svenske frå naboøya Huglo. Og eg satsa alt på hans tips og er kjempespent på korleis det går. 
Hans råd er å legge litt jord i botn på ein stamp til dømes. Så legge poteter og dekke dei med eit
tynt lag med jord. Deretter ventar ein til potetene spirer igjennom jorda. Fyrst då dekker ein 
med eit nytt tynt og lett lag med jord og gjentek alt på ny. Dette skal då bli ei rak og flott potetplante og forhåpentligvis gi godt med poteter oppover. Eg har teke i bruk alt eg har av stampar og korger
og har også snekra meg ein kasse av pallar og plank. Det er sjølvsagt viktig å ha hol i stampane
slik at vatn renn i gjennom. Elles brukar eg heilt vanleg jord som eg gjerne blandar inn litt sand,
litt hønsegjødsel, kaffigrut og anna i slik at ho vert lett og fin. 

Nokre gode tips for setting av poteter: