søndag, juni 07, 2015

GRATIS mat



Dette er altså ikkje noko sponsa innlegg, slikt driv ikkje eg med! Men det er ei bok
eg anbefaler til alle som har lik interesse som meg! Å bruke naturen til matlager, 
alt frå blomar, urter, bær med meir. Denne lånte eg meg heim frå biblioteket, men likte 
ho så godt at eg måtte ha ho i bokhylla. Eg kjem nok aldri til å prøve ut alle oppskrifter
her, men det er svært inspirerande å sjå alt ein kan ta i bruk der ute! Og det gjer turen i 
skogen enda litt meir interessant enn det den var. Så når eg ser skogsyre (på bilete) så 
tenker eg alltid på pesto og saus no. Så kanskje eg prøver meg på det ein gong! 
Forfattaren har også ein blogg og no skal eg jammen meg ut for å smake på rognebærblad! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!