lørdag, juni 06, 2015

Stemning utanfor


Eg har visst eit lite pyntegen i meg. Det vil seie å å pynte med blomar,
helst sjølvplukka og sjølvsådde for det er det kjekkaste. Og no gjer eg ikkje
anna enn å plukke med meg heim av fargar og lukter. Og det er blomeskattar
overalt, i hagen, på bakkane, på trea. Her har eg plukka heim nokre greiner 
med villapal og satt oppi ei gammal bøtte. Akk.


Bestemor hadde før ein stor og flott hage her. Den har seinare blitt
minska ned og renska opp. Så lite å sjå frå den tida der. Men her og der
kan det dukke opp nokre blomar og vekster frå hagen si tid. Blant anna
storliljekonvall som ho kalla dei. Dei har sikkert eit anna navn. Store og
flotte og luktar deilig. Dei fann eg ned på bakken nedanfor hagen i fjor,
på beitemark. Så dei måtte få bli med heim med rot. 

  
Ei fin humle er på besøk. Me må stelle flott med desse små slik
at dei ikkje forsvinn frå oss!


Framfor fininngongen er den gule benken kome ut. Og fillerya er herleg.


Bestemor hadde saft på gamle flasker, desse har hatt tran og B-tonin
i seg. Har nokre slike liggande i ei eske på lemen her. 


Rips - 74 med sirleg skrift på ein fin merkelapp. Gler meg til 
å lage ripssaft i sommar eg også! 

2 kommentarer:

  1. Jeg tror ingen har det koseligere enn deg, elsker å se bildene du legger ut. Pyntegenet er det prisgitt :-)

    Ullgriser fraDimmelsvik sier du ?! Ullgriser har jeg tenkt en del på også, kan være ute hele året og de ser jo vanvittig kule ut. Jeg er jammen meg glad vi er to her, pluss svigerfar, det er alltid nok å gjøre med div bygninger og ikke minst alle planene og ideene spm kverner i hodet ustanselig :-)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for tips om hvem som har griser, Kvitre meg gjerne i øret hva de heter.
    Regnværsdagen ble utnyttet svært godt, ryddet "sjytsjeskuten" ( finnes vel ikke i ordboka, så aner ikker hordan det skrives, men kult dialektord) og det ble rene minimuseet. Artig å få brukt regnvæsdager til slikt. Må du ha en fin dag i oppholdsværet. Ny uke, nye muligheter for sol og glede :-D

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!