onsdag, juni 03, 2015

Vesle skorstein på taket der..


Eg har alltid syns at skorsteinen min er flott. Laga av god gamal murstein, skiferhelle
på toppen og så ein god stein oppå der. Som peikar rett til vers. Men steller ein eit hus
så må av og til ting vike. Og i dag ligg skorsteinen på bakken. 



Pipa mi slapp nemleg inn både vind og vatn. Så den vert no rehabilitert. 
Fagfolk plasserer eit røyr innvendig og skorsteinen vert sjåande slik ut. 
Eg visste ikkje heilt korleis den kom til å sjå ut så eg kvakk litt då eg 
kom heim i dag. Litt uvant, men tett og godt fungerande vert det no.

Men eg kjente på litt skorsteinssorg, den var så fin. Så no må eg jo
berre finne noko å få brukt den opp att på. 




Alle tre ovnane må festast på ny til pipa og 
no luktar det av sot i huset. Så det var sommaren
si fyrste oppussing! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!