fredag, juli 31, 2015

Feeerdig stove - biletdryss!


Å, så deilig med ein liten heimelaga sofa/daybed inn! Frensur er lukkeleg, det er eg også!!
Heklateppet passar godt mot det blå golvet. 


Deilig blått golv!! 


Sofadelen, minus det gule kule skapet som eg måtte ha hjelp til å få inn. Deilig!


Eg diggar denne kroken. Jau, ein ny heimesnekra benk. Kjem kanskje eit innlegg
om den. Den er tre meter lang, laga av gammal bordkledning og for tida
dekka av mjuke puter og varme saugeskinn. Her har eg vore mykje sidan eg
fekk den opp! Min nye favorittstad i huset! 


Lesekroken er på plass att. Med mine mangfaldige svenske/finske interiørblad
og mi samling med nynorsk litteratur! Slik må det jo vera!


To av mine gamle kjøkenskuffer har fått hedersplassen over sofaen. 
Dei er så fine og så kjekke! 


Dei gamle stolane etter bestemor som eg har trekt om passar også 
veldig godt til det blå golvet. Eg er nøgd altså! 


Jau, eit gult vindauge, ei blå dør. Kan ein ynskje seg meir?
Og har hengt opp klesklyper over ovnen att, må ha litt praktisk hyttekjensle her!


Min fine gamle kasse frå loftet, Stavanger Margarin A/S, som frå før av
var skittentøyskorga til bestemor. Eg har den som vedkasse og eg diggar
at den har nokre fine malingflekkar her og der. Og så har den plass til mykje
ved også då! 


Min gamlenye lampe har fått seg ny stor lyspære frå Clas Ohlson. Herleg!


Mine runde fine skattar har kome opp på veggen, denne gongen på litt
betre plass! Pusen har funne fram til den mjukaste plassen i stova
for tida og eg skjønar han godt! 


Noregsglaslampane har fått sin plass i vindauge no. Slik at ein ikkje slår hovudet opp i 
dei! 
Og deilig å vere ferdig for denne gong. Og ha fått tak i kameraladaren som har vore
gissel langt inne i møbellageret på gongen. Og å rydde vekk maling og rot og plutseleg
ha god plass. Og å ha besøk og faktisk ha det ryddig og ha ein sofa å by på! 

fredag, juli 24, 2015

Den store stovepussen


Akk. Dette synet venta meg i dag. Og eg var godt trøtt i dag tidleg, sjeldan eg søv til klokka ni!
Eg malte nemleg golvet fyrste strøk i går kveld, seint. Og la meg spent. Stova såg nemleg ut som
eit innandørs basseng i går kveld, i følge Marianne frå Toten kunne eg ha opna Eskeland Badeland og Spa! Det får bli neste prosjekt.


Eg har tenkt litt på at oppussing egentleg minner om livet generelt. Det tek tid (ja, livet gjer det), det har sine oppturar og nedturar, det er kjedeleg, kjekt, glødande kjekt, slitsamt, trøyttande, deprimerande, gøy, alt om kvarandre. Slik har det sett ut hos meg. Igjen så tenkte eg om lag ei veke.
Rart at eg aldri lærer. Oppussing tek ALLtid lengre tid. Eg har no budd på kjøkenet rundt tre veker. Her har eg ein stol og teppe på golvet, og eit tv påkopla i tilfelle. Og eg har sakna sofa!! Er ikkje det 
same å slenge seg nedpå eit teppe på eit hardt golv nei, til tross for fleire mjuke puter. 


Det eg kjem til å hugse frå denne oppussinga er kvar gong eg var midt inni noko, pussing eller skraping, maling eller anna, og så høyrer eg små steg innover kontorgolvet. Og ein hane som kikkar 
innom. Ikkje alltid eg fekk teke han ut med ein gong, så han stilte seg opp og kikka. Studerte og godkjente. La seg ned og sovna. Eller tok ein tur inn på kjøkenet for å sjekke forholda der. Av og til gjekk han ut for eiga maskin og var nøgd med det. For å komme inn to timar etterpå og sjekke korleis
eg hadde det. Herleg denne hanen her, Inge er hans namn.


Den store gleda med oppussinga var å male golvet. Å, kor eg har gleda meg til det. Men før det var det jo liksom så mykje som skulle gjerast, og ting tok tid, ting måtte tørke ekstra lenge og så vidare. 
Eg fann ut at taket nok ikkje hadde blitt vaska på veldig mange år. Fleire tiår. Og der måtte eg vaske
med kraftvask og så vaske over med reint vatn. Og det inkluderte åtte takbjelkar. Takplatene måtte skrapast for lausna maling og visp så hadde eg også hol i taket som måtte lappast på eit vis. Det var ikkje plan å rive takplatene mellom takbjelkane i denne omgong, då vart det stor rehabilitering i tilfelle. Og så vart det sparkling og pussing, fuging, akk så kjekt det er å fuge! Så tilfredsstillande!
Før eg malte stova for tre år sidan hadde det stått tomt og kaldt i mange år. Og så flytta eg inn og 
varma det opp, gong på gong. Det gjor at det sprakk opp mellom panelborda, og det vart ikkje særleg
fint. Så til tross for at eg hadde malt for tre år sidan så såg det ut som at eg hadde malt sist for tjue
år sidan. Så eg fekk fuga alle slike stygge sprekker. Taket fekk matt takmaling på platene og blank 
Ladymaling på bjelkane. Veggane fekk Ladymaling, i kvitfargen Bomull som eg har nytta heile vegen. Lyst og fint!


Og så var det fargegleda då. Skuffinga var stor då eg skulle kjøpe meg gulfarge og fann ut
at det var ikkje lett å få tak i lenger. Gulbase er visst ikkje vanleg å ha inne no, og eg hadde ikkje
tenkt til å bruke bengalakk i denne omgong. Men me fann ei løysing og eg fekk med meg to små boksar gulmaling heim. Vinduskarmen (som eg sette inn i fjor) fekk nokre strøk gulmaling, den blå 
fargen frå i fjor ga meg liksom ingenting. Men dette var saker det!


Gult og herleg og energi! Vinduskarmen i stova og døra mellom vaskerhuset (gongen) og
kontoret vart omså malt gul. Knæsj seier du? Det vart faktisk veldig naturleg med gul dør!


Kontoret har fungert som malarbod. Og vips så var nye prosjekt i gong. To krakkar fekk
seg nokre strøk grønmaling etter fargen eg egentleg skulle ha på stovegolvet. Og gulmalinga
måtte få pryde eit bilete og ei blomsterpotte i tre også. Det ballar på seg hos meg. 


 Golvluka mi. Dette kvidde eg meg til, må innrømme det. Men eg ordna det på ein kveld, etter
ein del meisling, saging, pussing, vaterbruk og anna. Litt utfordringar vart det naturlegvis, for
eg fekk det ikkje til å passe. Men til slutt, og med mestringa på topp så kunne eg lukkeleg dokumentere eit tett golv! Og berre gjenbruk av plank, untatt ei plate som hjelparen min hadde funne
fram. 


Den store golvvasken. Det minnar meg om før i tida, og det var ei spesiell golvvask. Eg skrubba ned, 
slik som bestemor og oldemor og tippoldemor sikkert har skrubba før meg. Det var noko fint med det,
til tross for vond rygg og at eg måtte bruke gummihanskar. Fint bilete syns eg. 


Test av golvmaling. Kvitt møter blått møter gamal grønaktig golvfarge. 


Nydeleg. Og berre fyrste strøk! Malinga frå Flügger dekka godt og var lett å male med. Og eg har
absolutt tru på den! No gler eg meg til andre strøk og til snart å fylle stova med sofa og ting og tang! 

søndag, juli 19, 2015

Dyreliv på tunet


Jau, som bilete viser, eg har fått meg nokre nye vener på tunet! To moskusender, i tenåringsalder. Den   kvite med litt svart på heiter Guro, den heilt kvite med lyseblå augo heiter Kvitveis (naturleg nok). Namn fekk dei på veg heim frå Halsnøy i går, dei er nemleg henta frå ein gard i Høylandsbygda. Der kjem hanen Knut og svartehøna også frå. Bonden der har mange forskjellige hønserasar, ender og kalkuner gåande fritt. Endene vart henta heim for ein grunn fyrst og fremst, for å knaske i seg brunsneglar, som i år dukkar opp overalt her på tunet. Æsj. 


Hanen Inge prøvde seg sjølvsagt på litt parring med ein gong, men skjønte vel at det ikkje
var liv laga - det heller. Endene er godt vant til å leve med høns, men mine høns er ikkje like
vant tilbake. Det førte til nokre rare situasjonar inne i hønsehuset. Men alt i alt er dei rolege 
vesen og eg trur det skal gå seg til. 


Endene hadde si fyrste natt i eit bur åleine i hønsehuset. Og der kunne eg plukke med meg eit andeegg i dag gitt! Stort og fint, litt lett grønt på farge. Og i følge bonden er dei gode til bakst! Egga
vert nok enda større etterkvart som endene veks meir til også tenker eg.


Badekaret som har stått i kjellaren min vart teke ut for å lage litt bademulegheitar for
endene. Får no sjå om det fell i smak. Kanskje det er eg som brukar karet etterkvart i 
staden for.



Men, det er ikkje berre ender som er på plass.
Dei som følger med meg på Instagram har nok også sett at eg har starta eit "hanehotell".
Eller Rooster Bed and Breakfast som eg heller burde kalle det. Eg har altså teke imot heile 16 hanar til oppmating og sosialisering. Der dei var vart det for mykje styr med
hønekyllingane. Og her har dei mulegheit til å vere ute. Det er av rasen Islandshøns/Vikinghøns som
eg har tre hønekyllingar av sjølv. Og som vert utruleg ulike både i fargar, fjær og hanekam! Og sjølvsagt skal eg behalde ein av desse hanane her, men sannsynlegvis vert resten av dei god middagsmat etter ein tur på hoggestabben når dei vert større. 
Det er nemleg ikkje gode greier å ha mange hanar, det held med ein eller to, alt etter kor mange høns
ein har. Og kjøper ein eller avlar fram kyllingar så får ein gjerne halvparten av høner og hanar, slik 
er livet! Så om nokon er lystne på denne rasen så sei i frå! 

Lyslykt


Eg stikk av og til innom internasjonale matbutikkar og handlar med
meg det eg treng til kammerset. Denne gongen kom eg over denne
boksen. Ein stor hermetikkboks til ein svært billeg penge pga at 
den var gått ut på dato. Og eg ville ha boksen, så den vart med heim!


Hønsa fekk kikertene, boksen vart vaska og nokre lyshol vart ordna
med spiker og hammar. Det er faktisk veldig greit å slå hol
i gjennom når boksen er uopna, då mister den ikkje formen undervegs.


Koseleg lyslykt på sommarbordet ute. Berre synd at regnet kom då.


mandag, juli 13, 2015

Sommarkjensler på tunet


Det å luske barbeint ut ei kveldsstund, med kamera rundt halsen. Berre
forsvinne inn i fotograferingas verd. Ein sommarkveld på Eskeland. 











Søtpotetspiring


Dei som følger bloggen min veit at dette har eg strevd med lenge:
å spire søtpoteter! Eg skal liksom klare det, sjølv om det sikkert ikkje
blir noko ut av det! Og ja, endeleg klarte eg det! Oppskrift? Pakke
dei inn og sette dei på badet! Eg har nemleg eit svært lite ventillert
bad (det luktar oppussing her etterkvart ja) og der i varmen og fukten
trivts visst desse grønsakene her. 


Det kom altså ein del spirer på begge potetene. Men berre i den 
eine enden, anar ikkje kvifor egentlig. 


Så då var det å skjære opp den øverste delen og å sette dei i potter.
Innpakka i aluminiumsfolie, kanskje litt overtruisk her men eg trur
det hjelp til for å halde varmen. Og så inn i pose og hengt opp
på badet. Og så ventar omplanting i større potter etterkvart og kanskje
inn i drivhuset. 


onsdag, juli 08, 2015

Velkomen inn i surdeigshimmelen


I følge bloggen her, som kan fungere som ei dagbok for meg av og til, så prøvde eg meg 
på surdeig sist i 2010. Eg hadde kjøpt meg Morten Schakenda si beste bakebok og hadde fulgt 
oppskrifta slavisk. Og med ein gong eg fekk til surdeigen så prøvde eg meg på nokre brød. 

Dei vart sjåande slik ut:


Altså, ganske så flotte brød, snitta fint og greier, men smaken var intens sur
og dei vart ganske kompakte. Så det freista ikkje til å prøve på ny og deigen
døydde vel etterkvart. Eg har sidan det visst om at surdeig er noko spennande, om
ein får det til, men at det vil kreve ein del. Og har haldt med vekke. Til Marianne frå
Toten havna på kjøret i vinter. Ho har sendt meg bilete av det eine flottare brødet etter
det andre og eg har heile tida avstått frå å prøve sjølv, då eg veit eg fort vert verkeleg gira
i prosjekt og det vil ta all mi tid. 


Men så stelte Marianne fram ein bra surdeig av økologisk kveite, som er meir
vanskeleg å få til enn ein surdeig av rug. Og ho fekk tørka den, pakka den ned
og sendte den i posten, med nøyaktige instruksjonar. Og då, til tross oppussingsplanar
og ei rastlaus sjel etter ferietur, så sette eg i gong med gjenopplivinga. 


Og den putra og kosa seg den deigen. Den likte mjølet eg ga den og kjærleiken den fekk.
Nemleg, surdeig kan gjerne omtalast som eit kjæledyr. Og det er den no for meg.
Sært, men sant. Den krev ein del stell for å trivast. 


Surdeig er jo egentleg berre mjøl og vatn. Og når ein set ein deig i gong så
kjem det fram mjølkesyrebakteriar og gjær, som fins naturleg frå kornet sitt skal.
Det er difor viktig å bruke økologisk mjøl til laging og stell av deigen også. Vanleg mjøl
kan vere både kjemisk behandla og varmebehandla for å sikre at den held lengre og difor
vert det kanskje ingen naturlege bakteriar att. 


Etter å ha vekka opp deigen og stelt den ei lita veke så var den klar til å
prøve sin fyrste Eskelandsbaking. To brød vart laga, eit med emmer/kveite/rista valnøtter
og eit med kveite/rista solsikkefrø. Deigane måtte heve og brettast og heve og brettast i mange
timar, men alt i alt tok det berre ein dag.


To kvilande deigar på bakeklede. Det beste er å gi dei kviletid i nokre korger 
eller nokre fancy hevekorger (også kalla banneton). Det må eg nok skaffe meg no.
Det gir dei fine former men også mønster om ein vil. 


Den mest luksuriøse kveldsmaten som fins! Nysteikt brød med sprø og seig skorpe, lukta som vandrar huset rundt, gult smør som smeltar ned i brødskiva, ei intens lukke som spreier seg i kroppen,
kanskje også fordi kokken Andreas Viestad har likt bilete av brødet på instagram (små instagramgleder, eg vart visst bitt av basillen eg også). Og eit gjærfritt brød i magen, snill med
magen og ei god natts søvn etterpå.

Velkomen til surdeigshimmelen!