onsdag, juli 01, 2015

- Å koma heim -




Det er kjekt å reise på ferie, men det er enda kjekkare å koma heim att. 
Eg forelska meg på ny i huset i går. Ein sommarforelsking kanskje. Det 
var som å tre inn i eit sommarhus, ei hytte. Med nakne golv og gamle lukter.
Og så var det å opne alle vindauge. Sleppe sommarlukter inn. Sette på ein kaffikopp.
Sitte i døropninga og nyte kveldsstunda. 
Eg elskar huset mitt, med alt det skeive og slitte, alle minner som sit i veggar
og rom, med alle knirk og lukter. Til og med den musa som bur under stovegolvet
kan eg sei meg glad i. 

HEIM

Då vi kom heim
gjekk vi gjennom alle romma
og dei var der alle saman
og vi fann eit gammalt kakestykke
i skåpet som vi åt
og så var vi heime.

Ragnar Hovland (1985) Elefantmusikken


2 kommentarer:

  1. Enig med deg. Det er greit å reise bort, men best å komme hjem.
    Camilla i Harstad

    SvarSlett
  2. Ja, denne gongen var det heilt utruleg. Kanskje fordi eg fekk ei utruleg god feriekjensle, sjølv om eg gjekk på ferie for nesten to veker sidan så fekk eg verkeleg kjensla først no! Håpar du har ferie no eller snart også! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!