fredag, juli 24, 2015

Den store stovepussen


Akk. Dette synet venta meg i dag. Og eg var godt trøtt i dag tidleg, sjeldan eg søv til klokka ni!
Eg malte nemleg golvet fyrste strøk i går kveld, seint. Og la meg spent. Stova såg nemleg ut som
eit innandørs basseng i går kveld, i følge Marianne frå Toten kunne eg ha opna Eskeland Badeland og Spa! Det får bli neste prosjekt.


Eg har tenkt litt på at oppussing egentleg minner om livet generelt. Det tek tid (ja, livet gjer det), det har sine oppturar og nedturar, det er kjedeleg, kjekt, glødande kjekt, slitsamt, trøyttande, deprimerande, gøy, alt om kvarandre. Slik har det sett ut hos meg. Igjen så tenkte eg om lag ei veke.
Rart at eg aldri lærer. Oppussing tek ALLtid lengre tid. Eg har no budd på kjøkenet rundt tre veker. Her har eg ein stol og teppe på golvet, og eit tv påkopla i tilfelle. Og eg har sakna sofa!! Er ikkje det 
same å slenge seg nedpå eit teppe på eit hardt golv nei, til tross for fleire mjuke puter. 


Det eg kjem til å hugse frå denne oppussinga er kvar gong eg var midt inni noko, pussing eller skraping, maling eller anna, og så høyrer eg små steg innover kontorgolvet. Og ein hane som kikkar 
innom. Ikkje alltid eg fekk teke han ut med ein gong, så han stilte seg opp og kikka. Studerte og godkjente. La seg ned og sovna. Eller tok ein tur inn på kjøkenet for å sjekke forholda der. Av og til gjekk han ut for eiga maskin og var nøgd med det. For å komme inn to timar etterpå og sjekke korleis
eg hadde det. Herleg denne hanen her, Inge er hans namn.


Den store gleda med oppussinga var å male golvet. Å, kor eg har gleda meg til det. Men før det var det jo liksom så mykje som skulle gjerast, og ting tok tid, ting måtte tørke ekstra lenge og så vidare. 
Eg fann ut at taket nok ikkje hadde blitt vaska på veldig mange år. Fleire tiår. Og der måtte eg vaske
med kraftvask og så vaske over med reint vatn. Og det inkluderte åtte takbjelkar. Takplatene måtte skrapast for lausna maling og visp så hadde eg også hol i taket som måtte lappast på eit vis. Det var ikkje plan å rive takplatene mellom takbjelkane i denne omgong, då vart det stor rehabilitering i tilfelle. Og så vart det sparkling og pussing, fuging, akk så kjekt det er å fuge! Så tilfredsstillande!
Før eg malte stova for tre år sidan hadde det stått tomt og kaldt i mange år. Og så flytta eg inn og 
varma det opp, gong på gong. Det gjor at det sprakk opp mellom panelborda, og det vart ikkje særleg
fint. Så til tross for at eg hadde malt for tre år sidan så såg det ut som at eg hadde malt sist for tjue
år sidan. Så eg fekk fuga alle slike stygge sprekker. Taket fekk matt takmaling på platene og blank 
Ladymaling på bjelkane. Veggane fekk Ladymaling, i kvitfargen Bomull som eg har nytta heile vegen. Lyst og fint!


Og så var det fargegleda då. Skuffinga var stor då eg skulle kjøpe meg gulfarge og fann ut
at det var ikkje lett å få tak i lenger. Gulbase er visst ikkje vanleg å ha inne no, og eg hadde ikkje
tenkt til å bruke bengalakk i denne omgong. Men me fann ei løysing og eg fekk med meg to små boksar gulmaling heim. Vinduskarmen (som eg sette inn i fjor) fekk nokre strøk gulmaling, den blå 
fargen frå i fjor ga meg liksom ingenting. Men dette var saker det!


Gult og herleg og energi! Vinduskarmen i stova og døra mellom vaskerhuset (gongen) og
kontoret vart omså malt gul. Knæsj seier du? Det vart faktisk veldig naturleg med gul dør!


Kontoret har fungert som malarbod. Og vips så var nye prosjekt i gong. To krakkar fekk
seg nokre strøk grønmaling etter fargen eg egentleg skulle ha på stovegolvet. Og gulmalinga
måtte få pryde eit bilete og ei blomsterpotte i tre også. Det ballar på seg hos meg. 


 Golvluka mi. Dette kvidde eg meg til, må innrømme det. Men eg ordna det på ein kveld, etter
ein del meisling, saging, pussing, vaterbruk og anna. Litt utfordringar vart det naturlegvis, for
eg fekk det ikkje til å passe. Men til slutt, og med mestringa på topp så kunne eg lukkeleg dokumentere eit tett golv! Og berre gjenbruk av plank, untatt ei plate som hjelparen min hadde funne
fram. 


Den store golvvasken. Det minnar meg om før i tida, og det var ei spesiell golvvask. Eg skrubba ned, 
slik som bestemor og oldemor og tippoldemor sikkert har skrubba før meg. Det var noko fint med det,
til tross for vond rygg og at eg måtte bruke gummihanskar. Fint bilete syns eg. 


Test av golvmaling. Kvitt møter blått møter gamal grønaktig golvfarge. 


Nydeleg. Og berre fyrste strøk! Malinga frå Flügger dekka godt og var lett å male med. Og eg har
absolutt tru på den! No gler eg meg til andre strøk og til snart å fylle stova med sofa og ting og tang! 

13 kommentarer:

  1. Kjenner meg så igjen i oppussing prossen beskrivelsen din. Det er som du sier alt fra henrykt oppglødd til fullstendig utlada. Stua di kommer til bli heilt utrolig vakker. Holder på å vurdere å male kjøkkengolvet i blått, likte godt din variant. hva slags fargekode er det du har ? For øvrig elsket bildet av hanen din, skikkelig inn på tunet feeling:) Har akkurat funnet deg både i bloggverden og instagram og har i det siste kosa meg med å ta en titt på dine bilder og innlegg. Kommer helt sikkert tilbake og LYKKE TIL VIDERE, gleder meg til å se resultatet helt og fult ferdig:)

    SvarSlett
  2. Hei!

    Fargen har nr. S1030-B20G. Eg har nemleg eit lyst blått kjøken, og denne fargen har eg funne fram til med den andre som base. Mykje tenking og grubling rundt det, og han på malarbutikken syns det var skikkeleg spennande han også;-) Syns den vart herleg. Me treng litt farge rundt oss. Sidan veggane er kvite (for å lysne opp rommet) så hadde eg lyst på litt farge på golvet. Ikkje berre grått eller kvitt som dagens golv gjerne går i. Eg har kvitt golv på kjøkenet, men då trekvite veggar, så då vert det litt kontrastar! Håpar du maler kjøkengolvet blått!! Det gjer seg gitt! :-)
    Fann bloggen din også no, skal kikke innom der, og så må du gjerne følge meg vidare:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. takk for fargekoden:) og takk for helsing i bloggen.Følger deg absolutt videre. For meg er du en frisk fargepust i bloggverden, som deg er jeg MEGET glad i farger. Solsikke servise er en av mine favoritter og stadig på jakt etter nye fat og kopper når jeg er på ulike loppis og brukthandling:)

      Slett
  3. Det ble LEKKERT ! Den blåfargen må være et kupp, det ble skikkelig vakkert. Får jeg komme å se en dag ? :-) snill hanefar du har som passer på sin matmor.

    SvarSlett
  4. Dette blir jo rålekkert, inn med bord og gul duk no så er du i mål ;-)

    Mvh
    Oss på Flügger Farve Stord

    SvarSlett
  5. Jøye meg, er ikkje vant med så mange kommentarar her på bloggen, dette var moro! Eidens Hage - du må sjekke mailen din! ;-) Og stas å få melding frå sjølvaste Flügger Farve på Heiane då, eg er stornøgd med hjelpa eg har fått hos dåke! Skal legge ut bilete med ferdig stove etterkvart då :-)

    SvarSlett
  6. Det blir flott! Og du gjør en grundig jobb, tror jeg :-) Dette vil du ha glede av leeenge...!

    Mvh HildeSu

    SvarSlett
  7. Nå sitter jeg og humrer for meg selv, her var det lett å kjenne seg igjen. (",) Du har jo fått gjort kjempemasse sånn innimellom, og nå som det bare gjenstår et strøk er du jo snart i mål med det opprinnelige prosjektet også. Tror det blir kjempebra! Artig å se så mange bilder.

    SvarSlett
  8. Heisann Maria og HildeSu!

    Kjekt med helsing! Eg har hatt meg litt oppussingsferie (mens golvmalinga har herda). Deilig å straks kome på plass! Og stova ser fin ut ja! Eg trur eg gjer ein grundig jobb ja, men eg er jo min verste kritikar og føler eg kunne gjort alt eeenda betre. Men det prøver eg å legge i frå meg ;-) Er ikkje verdt å bruke livet på slikt!! :-) Ha ei god veke som kjem!

    SvarSlett
  9. Ble fint med den blåfargen, den grønne hadde nok vært litt tyngre (hadde ca den fargen på veggene i stua engang på 90-tallet, ble FORT lei)

    Gleder meg til å se stua di

    Hils Inge fra meg, da :-*

    SvarSlett
  10. PS tror det er samme blåfarge som vi har på golvet og dobenken (utedassen) på Kleiva. Det er en farge å bli glad av ;-)

    SvarSlett
  11. Jau, kan vere grønnfargen hadde blitt litt mektig. Så kanskje det var greit at det vart slik det vart! Men det hadde vore gøy med grønt også! Likar veldig godt blåfargen då, og trur den kjem til å passe i lag med benk, bord, sofa og det gule skapet...vert fint!!

    SvarSlett
  12. Gleder meg til å følge med videre :)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!