søndag, juli 19, 2015

Dyreliv på tunet


Jau, som bilete viser, eg har fått meg nokre nye vener på tunet! To moskusender, i tenåringsalder. Den   kvite med litt svart på heiter Guro, den heilt kvite med lyseblå augo heiter Kvitveis (naturleg nok). Namn fekk dei på veg heim frå Halsnøy i går, dei er nemleg henta frå ein gard i Høylandsbygda. Der kjem hanen Knut og svartehøna også frå. Bonden der har mange forskjellige hønserasar, ender og kalkuner gåande fritt. Endene vart henta heim for ein grunn fyrst og fremst, for å knaske i seg brunsneglar, som i år dukkar opp overalt her på tunet. Æsj. 


Hanen Inge prøvde seg sjølvsagt på litt parring med ein gong, men skjønte vel at det ikkje
var liv laga - det heller. Endene er godt vant til å leve med høns, men mine høns er ikkje like
vant tilbake. Det førte til nokre rare situasjonar inne i hønsehuset. Men alt i alt er dei rolege 
vesen og eg trur det skal gå seg til. 


Endene hadde si fyrste natt i eit bur åleine i hønsehuset. Og der kunne eg plukke med meg eit andeegg i dag gitt! Stort og fint, litt lett grønt på farge. Og i følge bonden er dei gode til bakst! Egga
vert nok enda større etterkvart som endene veks meir til også tenker eg.


Badekaret som har stått i kjellaren min vart teke ut for å lage litt bademulegheitar for
endene. Får no sjå om det fell i smak. Kanskje det er eg som brukar karet etterkvart i 
staden for.



Men, det er ikkje berre ender som er på plass.
Dei som følger med meg på Instagram har nok også sett at eg har starta eit "hanehotell".
Eller Rooster Bed and Breakfast som eg heller burde kalle det. Eg har altså teke imot heile 16 hanar til oppmating og sosialisering. Der dei var vart det for mykje styr med
hønekyllingane. Og her har dei mulegheit til å vere ute. Det er av rasen Islandshøns/Vikinghøns som
eg har tre hønekyllingar av sjølv. Og som vert utruleg ulike både i fargar, fjær og hanekam! Og sjølvsagt skal eg behalde ein av desse hanane her, men sannsynlegvis vert resten av dei god middagsmat etter ein tur på hoggestabben når dei vert større. 
Det er nemleg ikkje gode greier å ha mange hanar, det held med ein eller to, alt etter kor mange høns
ein har. Og kjøper ein eller avlar fram kyllingar så får ein gjerne halvparten av høner og hanar, slik 
er livet! Så om nokon er lystne på denne rasen så sei i frå! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!