fredag, juli 31, 2015

Feeerdig stove - biletdryss!


Å, så deilig med ein liten heimelaga sofa/daybed inn! Frensur er lukkeleg, det er eg også!!
Heklateppet passar godt mot det blå golvet. 


Deilig blått golv!! 


Sofadelen, minus det gule kule skapet som eg måtte ha hjelp til å få inn. Deilig!


Eg diggar denne kroken. Jau, ein ny heimesnekra benk. Kjem kanskje eit innlegg
om den. Den er tre meter lang, laga av gammal bordkledning og for tida
dekka av mjuke puter og varme saugeskinn. Her har eg vore mykje sidan eg
fekk den opp! Min nye favorittstad i huset! 


Lesekroken er på plass att. Med mine mangfaldige svenske/finske interiørblad
og mi samling med nynorsk litteratur! Slik må det jo vera!


To av mine gamle kjøkenskuffer har fått hedersplassen over sofaen. 
Dei er så fine og så kjekke! 


Dei gamle stolane etter bestemor som eg har trekt om passar også 
veldig godt til det blå golvet. Eg er nøgd altså! 


Jau, eit gult vindauge, ei blå dør. Kan ein ynskje seg meir?
Og har hengt opp klesklyper over ovnen att, må ha litt praktisk hyttekjensle her!


Min fine gamle kasse frå loftet, Stavanger Margarin A/S, som frå før av
var skittentøyskorga til bestemor. Eg har den som vedkasse og eg diggar
at den har nokre fine malingflekkar her og der. Og så har den plass til mykje
ved også då! 


Min gamlenye lampe har fått seg ny stor lyspære frå Clas Ohlson. Herleg!


Mine runde fine skattar har kome opp på veggen, denne gongen på litt
betre plass! Pusen har funne fram til den mjukaste plassen i stova
for tida og eg skjønar han godt! 


Noregsglaslampane har fått sin plass i vindauge no. Slik at ein ikkje slår hovudet opp i 
dei! 
Og deilig å vere ferdig for denne gong. Og ha fått tak i kameraladaren som har vore
gissel langt inne i møbellageret på gongen. Og å rydde vekk maling og rot og plutseleg
ha god plass. Og å ha besøk og faktisk ha det ryddig og ha ein sofa å by på! 

7 kommentarer:

  1. Vanvittig flott - du - har -det ! :-D

    SvarSlett
  2. Dette er noko av det kulaste eg har sett! :-) Aldeles herleg!

    SvarSlett
  3. Sprek stue hos ei sprek dame.
    Liker den kjempegodt.
    Du er flink!

    SvarSlett
  4. Ah, dette innlegget måtte rett og slett nytes sammen med en god kopp te! Jeg har virkelig vært spent på å se det ferdige resultatet, og blei ikke skuffa. Utrolig forfriskende! Det er så herlig at det er noen som tør å gjøre noe annet enn å skape en kopi av det alle andre har, og kjempeartig å følge bloggen din nettopp derfor. Veldig bra jobba!

    Kan tenke meg at det er godt å få alle tingene sine på plass igjen. Jeg har litt erfaring med å bo med alt nedpakket (per tiden blant annet et spiskammers...), men det interessante er jo at man faktisk klarer seg veldig godt uten minst 50 % av tingene som er nedpakka - i alle fall store deler av året.

    Nyt det ferdige resultatet! (",)

    SvarSlett
  5. Så kjekt å høyre Elisabeth og Maria! Ja, det er mange like stover der ute, trur eg skiljer meg litt ut der. Men er nok ikkje alle som ville ha trivst med å bu slik heller. Det hadde nok blitt for mykje fargar for mange. Men for meg gir det mykje god energi...Deilig! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!