torsdag, juli 02, 2015

Hygge i Strömsö


Me var så heldige å få besøke studioet til programmet "Hygge i Strömsö" frå statskanalen
YLE i Finland. Dei fleste hadde teke ferie men ein utruleg snill redaktør kom og henta oss
på campingen og programleiaren Lee viste oss rundt i heile området. Dei syns det var skikkeleg
moro at to jenter frå Norge ville komme og sjå, dei pleier nemleg å ha omvisningar for større grupper,
men hadde aldri hatt nordmenn på besøk før. Så me vart teke godt vare på og fekk sjå alt!
Nedanfor kjem bilete frå besøket og ein del linkar om ein vil sjå litt frå programmet. 


Bokstavar laga i tre og festa på veggen. 


Redaktøren Elisabeth Morney var utruleg hjelsam og snill! 


Strömsö er for meg ein oase av kreativitet og inspirasjon. Dei har i mange år laga så
mykje fint og interessant, fargerikt og gøyalt.  Og så er dei ikkje så styrt av trender
og slikt som mange program og prosjekt kan verte. 


Her står Lee Esselström i sitt hobbyrom. Ho er ei superkreativ dame som brukar 
kreativiteten sin både på jobb og heime. Og så er ho særs glad i loppis/bruktfunn,
redesign og gjenbruk, hekling  og anna. 


Lee har laga desse ulike lampane her av kaffitrakt, rivjern, kakeform og bestikk. Så herleg! 
Tapeten på veggen har ho også laga, av gamle bøker, tapetrestar med meir. 
Ei skikkeleg fargerik dame!


Gjenbruk og redesign. Lysestakar, syltetøyglas og anna gir kule og gule og annaleise
behaldarar for litt av kvart. Av Lee Esselström


Draumerom for meg. Maaasse fargar i trådar og stoff, bruktfunn, klær og anna.


Og sjekk dei fine drivhusa av cd-cover? Så smart! Nokon som hugsar cdane? 


Sjå info og film om å trekke om benken
Sjekk Lee si heimahekla jakke! Flott? Her er oppskrift/bilete/film på ei anna
enkel jakke til barn/vaksen. Eg og Marianne er som to småjenter i godterikiosken.


Ein herleg krok med mykje gulfarge, akkurat i mi ånd.
Snekker Jim Björni lagar benkar av halve stokkar: sjå fleire bilete og filmklipp.
Han lagar også tallerkenhylle, sjå her. 
Jim lagar lampe i glasfiber.






Kjøkenet er jo også eit tv-studio  med kamera her og der. Men det er også som å
komme inn i eit heimekoseleg kjøken med mange fine skattar. Krydderhylla har Lee 
laga av ei treplate som ho har mala med tavlemaling, laga hol i, og fylt på med
glas med ulike krydder i. 


På kjøkenet lagar for det meste kokken Paul Svensson mat. Han
er både dyktig og nysgjerrig som kokk og har laga masse spennande
opp igjennom tida han har vore med i programmet. Me fekk dessverre 
ikkje treffe han då han også driv ulike restauranter i Sverige. 
Her kjem nokre oppskrifter:



Eit bilete laga av sikkert tusen plastkorkar! Lee og Jim skrudde på ein og ein kork
og samla på korkar veldig lenge for å få til dette. Knalltøft! 

Uteområdet. På ein husvegg heng det sekkar bak armeringsjern fylte med
blomar og urter. Herleg!


Dei har bygd fleire utehus på området. Her er eit slags växthus/utestove. Og mange
fargerike tønner og hermetikkboksar til planter, blomar og anna etande. Dei lagar
også bed, plantar i store traktordekk og anna.
Les om planting av urter og blomar


Og så tek dei seg friheita til å male mønster på veggen. Eg diggar det.
Det skapar farge i livet! 


Det var ein veldig kjekk tur til Strömsö. Etterpå var me heilt utlada, men 
Lee tok oss med på bruktbutikkar for å leite etter skattar og me trålte fire 
stykk. Skikkeleg gøy og så var det berre å legge seg strak ut etterpå! 

4 kommentarer:

  1. Skulle gjerne hatt en tur dit. Den serien er bare så flott med masser av gode ideer. Er stadig innom nettsiden deres også. Så gøy at de er like koselige som de ser ut som på tv.
    Hilsen Camilla i Harstad

    SvarSlett
  2. Så gøy at du likar serien! Jau, kanskje du havnar innom der ein gong! Litt once-in-a-lifetime for meg trur eg. Veldig gøy og er framleis kjempeinspirert, særleg til å byrje å hekle tepper! :-)

    SvarSlett
  3. Wow! Det ser helt fantastisk ut! Håper du har en fin sommer! Hilsen Hedda

    SvarSlett
  4. Eg har det supert! Det håpar eg dåke også har, nyt sommaren Hedda!!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!