torsdag, juli 02, 2015

Reisebrev Finland


Dette er Finland. Vel, mesteparten. Skog, tusenvis av små og store vatn, millionvis av store mygg.
Reiseruta vår var Helsinki - Vaasa (+ Strömsö) - innom Tampere - Turku/Åbo - Naantali/Nådendal - Nagu/Nauvo - Helsinki att. Ei herleg gjennomreise, som berre tok oss igjennom vest og sørlege delen av Finland. Der stadnamna var både på svensk og finsk. Me trudde vel at fleire skulle snakke svensk
på vår veg, men me tok feil. Derimot traff me ei finsk jente som berre snakka svensk og snakka svært
dårleg finsk. Det er fascinerande for to logopedjenter på tur! Dialektforskjellane la me også litt
merke til, særleg dei ulike måtane folk sa kiitos (takk) på. 



  
Flotte, store og pastellfarga hus langs med kysten i Vaasa. Blåfargen på
det nederste huset var heilt deilig! 



Kveldssol den aller fyrste sommardag i Vaasa. Ungane hoppa ut i sjøen, veldig få vaksne
gjorde det samme. Eg måtte prøve meg, det var friskt! Men kveldssola varma skikkeleg. Dagen
etter var det 10 grader og regn att. 


På jakt etter det finske interiøret. Me kosts oss med finske interiørblad, sjølv om me
nok berre kunne sjå på bileta. Men nokre ord lærte me oss undervegs. 




Turku/Åbo. Etter å ha teke tre tog frå Vaasa, så kom me til Turku. Sidan toga var forseinka
og me kom seint inn til byen ville ikkje overnattingsstaden vår sleppe oss inn. Me skulle
nemleg overnatte hos nokre nonner i Birgittaklosteret! Me måtte snu oss rundt og finne ei
anna løysing og endte i ei suite i Park Hotel, eit kjent jugendhotel. Og den suiten var alt
anna enn luksuriøs, den var interiørmessig forvirrande og full av nips og fløyel og ga oss
ein latterkrampe av dei sjeldne. Men hotellet var fantastisk herleg, den eine faste "hotellsjefen"
var papegøyen Jaakoo. 45 år og skikkeleg sær. Eg fekk prata litt med ho, men helst haldt ho 
seg til eigaren sin som ho både kyssa på og drakk kaffi med. Og så hjalp ho litt
til i resepsjonenog slikt.
Eigaren ga tillatelse til å bruke bilete på bloggen. 


Litt anna stil hos nonnene. Ei spesiell oppleving, nonnene var rett og slett kjempesøte. Og
sengene var skikkeleg harde. Men billeg var det! 




Fredagsmarked i Turku med mange forskjellige potetsortar på rekke og rad. Bøttevis
av frukt, grønsaker, bær, urter, grønsaksplanter, bakervarer, korger. Herleg.
Ein gigantisk prestekrage ropte mitt namn. Og slottet i Turku måtte me sjekke ut.






Dagstur til Naantali/Nådendal. Ein nydeleg stad med gamle små trehus i herlege fargar. Og over
ei bru og inn på ei øy låg Mummiland. Som jo måtte besøkast. Passar vel best for ungar og japanske
turistar, men det var herleg å kikke innom mummihuset og alle dei fine tinga som var der. Og å
ta bilete med/av figurane då, det er viktig å ta fram barnet i seg av og til! 


Dette er vel ein tradisjonsrett å rekne. Rispudding/graut innpakka i rug. Skal helst
etast med eggesmør over, i alle fall i vest. Snodig men godt! 





Ute på øyane utanfor Turku. Også kalla archipelagos. Massevis av øyer, ein del med
ferjetrafikk mellom. Gule og fine ferjer. Ofte gratis. Me tok oss ut til
øya Nauvo/Nagu. Der slang me oss ut på eit svaberg, kjøpte litt brød og ost
og laga blomekrans. Deilig dag og iskald sjø som numma heile kroppen. Og
ein utruleg kjekk bruktbutikk/antikkhandel.


Reisas slutt. Leigde ein leilighet billeg utanfor sentrumskjerna. Og fant ein
grøn flekk til å slappe av på. I mellom jaga etter loppisbutikkar. Gøyal ferie, Finland
er annleis og spennande! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!