fredag, juli 03, 2015

Skattar frå Finland


Eg trur me fann ut at me hadde farta innom om lag 9-10 bruktbutikkar i
Finland, eller Kirppis (loppis) som dei vert kalla der. I tillegg småsprang me
også rundt i Helsinki for å nå innom to til, men dei fanst ikkje lenger, og gjett
om me vart skuffa. Men men. Gøy var det! Ikkje noko ein kan gjere med kven
som helst, så to venninner som tenker likt der passar best for eit slikt loppiskjør!
Den beste bruktbutikken var nok Kirppis Adam og Eva i Vaasa. Den butikken
slutta liksom aldri, og hadde me ikkje vore så slitne då så hadde me kanskje
kome ut med fleire funn derifrå. Marianne minnes i alle fall ei knallfin
jerngryte til ein billeg penge, i finsk design. Men men! Bruktbutikkane er som
regel litt annleise enn her i Norge, der ligg alt i hulter til bulter og det er sjeldan
sortert etter klær/kjøken/porselen og anna slik me er vant til. Så ein må verkeleg
ha loppeblikket klart og mykje energi for ein runde i ein finsk Kirppis/bruktbutikk!

Uansett kom eg heim med nokre fine skattar. Blant anna stoff i remser rulla til fine
nøster. Dette kunne eg jo gjerne ha ordna sjølv her, men eg vart så inspirert av Lee frå
Strömsö som heklar ein del golvtepper i stoffrestar for tida. Så eg måtte berre. Fann fem
nøster til ein billeg penge, i jerseystoff, cordfløyel og vevd rutete bomull. 


Emaljeskattar og aluminiumsskattar! Til ein billeg penge i Finland. Og
skeier som eg skal lage nye plantepinnar av.


Herleg farge, som matchar den gamle vaskebaljen min her.


Eg elskar dei fine aluminiumskoppane. Den største er nok på ein halvliter, den
minste er nok 0,5 dl sikkert. Emaljekoppane er større enn dei vanlege som me kjenner
og er slitte og rustne. Skal nyttast som blomepotter er planen!


Fine nye pannelok til å henge opp på hønsehusveggen. 

Finske bruktbutikkar hadde elles ein del finsk design, men prisane
var gjerne høge. Helsinki hadde utruleg mange bruktbutikkar om
ein har tid og gode føter til å traske byen rundt med. Men dei beste
butikkane ligg nok rundt, på dei mindre stadene og utanfor sentrumskjernene
i byane. 

2 kommentarer:

  1. For en herlig Finlands-tur dere har hatt, utrolig flotte bilder fra Strömsö. Jeg har knapt sett programmene derfra, men må kanskje lete fram riktig kanal nå. (",)

    Finland er forørvig mitt nærmeste naboland, og det tar bare 1 times tid i bil før vi er der. Nærmeste Kirppis er nok litt lengre unna, men jeg må kanskje finne ut nøyaktig hvor... (",)

    SvarSlett
  2. Hei! Så moro då! No må du jo berre søke opp Kirppisar ja! :-) Kan finne mange skattar i det landet veit du:-) Strömsö går også på SVT1 innimellom, men NRK og websida til YLE strömsö er nok det beste alternativet. :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!