mandag, juli 06, 2015

Sommarens prosjekt


Ny sommar, nytt oppussingsprosjekt. Vel, eg har no ein del eg burde gjere, men
hovudplanen er å ta stova i sommar. Golvet er klar for ein runde maling, taket må
skrapast, sparklast og malast og veggane bør få eit nytt strøk dei også. 


To typar golvplankar, i førebels to fargar. Veggane vart malte for tre år sidan, men har allereie
gulna her og der. Og så var det dette holet då. 


For tida har eg ein direkte luftekanal til jordkjellaren min.
I dag då det plutseleg var 13 grader og kjellardøra sto open så
var det godt og friskt i stova gitt! 


Med ein fot i grava (eller potetkjellaren).
Det har nok vore ei vasslekkasje og nokon har då 
saga av ein del av golvborda her. Så eg må legge nytt golv
akkurat der. I same breidde. Heldigvis for at eg har teke
vare på nokre gamle bord frå bordkledninga mi, og min gode 
hjelpar har frest inn golvplankespor i dei slik at eg skal 
få lure dei på plass. Mest moro hadde det vore å lage ei golvluke
her i staden for, men ein kan jo ikkje gjere ALT ein har lyst til 
heller då! 


Det ser berre slik ut der nede. Ingen lukka, spennande kjellar fylt av gull og oldtidsgraver dessverre. Eg har to kjellarar, denne vart nok brukt til potetkjellar og er i fjell og stein.
Og det er alltid så kaldt der nede. Tanken er å isolere frå undersida av golvet. 
Og så burde eg ha støtta opp golvbjelkane og å lagt sement på bakken etterkvart.
Det får kome når det kjem!


Draumen om det grøne.
Ja, det var ei lita hemmeligheit kva farge eg skulle male på golvet. Eg har forska 
og pønska og testa og samanlikna. Og det vart denne grønfargen her. For å dra inn naturen
inn i stova, få fram stråtapetet skikkeleg, vere litt sprø og Ingvildsk mens eg enno har
sjansen. MEN. Eg har valt Flügger Farge som golvmaling denne gongen, fordi eg har 
tru på at den er betre enn den vanlege Trestjerners golvmaling. Og det gjekk rett og slett
ikkje an å få blande denne grønfargen i basen deira. Så mens eg var i Finland fekk eg beskjed 
om dette og måtte rett og slett snu meg rundt. 


Og der gjekk eg forbi dette huset. Og likte den kalde fargen. Og så er eg no også
veldig glad i blå. Så då var det heim og forske og pønske vidare. Og sidan kjøkenet
mitt er blått måtte eg finne ein blåfarge beslekta med den. Så no har eg
og ein entusiastisk gut hos Flügger blanda fram denne og heile ni liter er klar! 


Så takk for at det vart kaldt og regn for då er det litt lettare å styre på inne. 

2 kommentarer:

  1. Åh, dette blir det så artig å følge med på! Jeg er virkelig spent på resultatet, du kommer til å få det fint! (",)

    SvarSlett
  2. Så kjekt! Gler meg til å bli ferdig med veggar og tak, då er det berre golv og nokre dørar att! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!