søndag, august 30, 2015

Surdeigshavrebrød


Det går jammen meg framleis i surdeigsbakst her i huset. Eg har ikkje hatt gjær i
bruk på fleire månader gitt. Og eg saknar det ikkje heller. Surdeigen gjer jobben og 
eg har aldri hatt meir veksande deigar enn med surdeig. Eg har eksperimentert litt
med mjøl og hevetider og har landa på eitt brød som passar godt som kvardagsmat, både til
god kveldsmat og til nistepakken. Og det krev heller ikkje mykje sjølv om det er snakk om 
denne "tålmodskrevjande" surdeigen, denne oppskrifta har eg mekka til slik at det går
greit å få til i løpet av ei jobbveke. For ein har jo ikkje feriefri heile tida no. 
Dette innlegget er for dei som har kasta seg på surdeigen, om du ikkje har gjort 
det så anbefaler eg det på det varmaste. Men då må du gjerne få i gong ein surdeig
fyrst, det tar nok ei lita veke altså. 


Ingvilds havrebrød
3 brød

300 g lys kveitesurdeig
300 g havremjøl
300 g fin sammalt spelt
600 g sikta kveite/vårkveitemjøl
ca 15 g salt
900 g lunka vatn (ca 40 grader)

Start deigen etter jobb ein kvardag. Bland saman vatn og surdeig i ei stor bolle. Ha i mjøl og salt
og rør godt saman. Dekk med plast. Etter ein halvtime brettar du deigen. Bruk gjerne ein deigspade
då deigen er ganske blaut. Gjenta dette tre gonger til med ca ein halvtime ventetid i mellom
kvar runde. Du vil sjå at deigen piffar seg opp etter kvar runde. Siste gong lar du deigen kvile under plast fram til du vil krype til sengs. Då legg du deigen ut på mjødekka underlag og deler den opp i
tre emner. Kle tre brødformer med bakepapir og legg brødemnene oppi der. Dryss på med mjøl
på toppen av brøda.  Set dei i kjøleskapet
og dekk med plast, la dei stå over natta. Når du står opp om morgonen tek du dei ut, framleis
dekka med plast og lar dei stå ute i romtemperatur til du kjem heim frå jobb. Så set du ovnen
på 250 grader og lar dei steike i 10 minutt før du senker temperaturen til 220 grader. La brøda steike i 20 minutt til. Ta dei så ut og sla dei ut av formene. La dei steike uten former, opp ned i ca 20 minutt til. Dei er ferdige når det lagar ein hol lyd når du slår dei under. La dei kjøle heilt ned på rist før
du skjærer opp og smører godt smør på!! 


Dei hever seg godt surdeigsbrøda!!


Eg steiker dei slik at dei vert litt gyldne og mørke. Enda betre skorpe då!


Grovt og godt brød. Supert i matpakken! Utan gjær! 

Siste augustdagar 2015


På tunet. I skillet mellom sommar og haust. Tenk at me fekk så flotte
sommardagar på slutten av august, og vips så var den friske haustlufta
på plass. Eg har byrja å ordne litt ute. Ting tek av og til litt tid her, særleg
når det er mykje å ta av når det gjeld plikter. Hønsehuset som fekk ny vegg
i fjor har endeleg fått svarttjære  på seg. Deilig lukt, deilig farge, mørk og fin.
Og no ser eg lyst på å fikse resten av huset også. Eg slepp heldigvis å skifte
kledning på heile huset, men litt snekring må til allikevel. Vindaugo er rotne og
eitt vindauge fòr med vinden i fjor. Nokre nye lister må også til og kanskje nokre
nye bord på baksida av huset. Pluss litt ekstra då. Så vert det svart til slutt, resten av huset.
Slik at det held nokre år til.


Endene lev i beste velgåande. Hønsehauken var her for ei veke sidan og tok ein hane.
Eg kjenner eg er mest redd for at han skal ta ein av desse to, kjenner eg har blitt
glad i Guro og Kvitveis. Dei held seg mykje i ro, sit gjerne utanfor inngongen
heile dagen og kikkar. Tek seg små rundar og leitar etter sneglar, men dei vandrar
dessverre ikkje heile tunet og plukkar opp alle som eg hadde håpa. 


Endene har også ein liten balje for bading og vask. Det store badekaret eg sette opp
vart visst for stort og skummelt. Akk, det er flott dette hønsehuset.  Er så glad i det!


Til jul i fjor ønska eg meg ein vêrhane. Som eg fekk. Og den har venta og venta på 
å få komme opp og gjere jobben sin. Endeleg er den på plass. Midt på tunet, slik at eg 
ser den frå kjøkenet mitt. 


Herlig type det der. Lurar meg på om den skal få seg eit namn. Til no har eg jo tre hanar
med namn på tunet; Knut, Inge og Oskar. Nokre forslag? 


Vêrhane i soloppgong. Det ser nesten litt manipulert ut, for hanen står litt på skrå
i lyset. Og fine morgonar og soloppgongar har det vore mange av i det siste. Det er kanskje
det finaste med denne tida. Ein får med seg det. Eg står opp før seks og nyt den stille
tida på tunet. 


Hanar i morgonsol. Med litt brødbitar til frukost. Ekte glede det. 


Det er noko spesielt med slikt lys.


Akkurat når sola bilkkar over kanten så treff den gamleløa her borte.
Det vert magisk nesten. 


Morgonstund  på Eskeland. 

Så då var nok august over for denne gong. Og September er på veg. Med sine fargar og
morgondugg, kvit skodde og frisk luft. Og snikande mørke på veg. Nyt veka som kjem! 

onsdag, august 26, 2015

Matauk



Her starta sommaren for fullt for meg: rabarbrasanking!

Ei lita biletsamling. Til inspirasjon, for den som vil bli inspirert. Det er så mykje godt der ute, 
og så mykje godt å lage! Eg har hatt ein produktiv sommar og frysar og hyllene på kammerset er fylt opp. Enda er eg ikkje ferdig, ripsen er ikkje plukka. Og tenk om eg får tak i meir blåbær..og multe...



Ein favoritt. Saft av rabarbra og norske jordbær. Rabarbraen tømte eg frå ulike hagar (etter å ha fått lov). Jordbær frå torget. Nydeleg kombinasjon, nydeleg smak og nydeleg farge.


Sommarblomen: hylleblom. Eit lite tre har eg i hagen, men jammen vart det mykje blomar. Det vart
både vanleg saft og saft med jordbær. 


Herleg bilete. Saft av hylleblom, jordbær, sitron og mynte. 


Nydeleg farge då!


 Jordbærsesongen var sein i år, men syltekorger måtte sjølvsagt til. Og kokt syltetøy, med og 
utan mynte. Rett i frysen. Og nett så nylaga ved opptining.


Årets nye prosjekt. Geitrams, plukka i stor bukett på Fitjar. Eg smaka på ein blom og den 
var ikkje veldig god egentlig, så litt skeptisk var eg no.


Blomar og sitron skulle stå i sukkerlake i eit døger. Nydeleg fargespel.


Og herleg farge på den ferdige safta også. Og overraskande smak, den smaka av friske rips!
Safta gjekk på glas i frysen sidan den ikkje toler å stå på glas elles.


Og så bringebæra da. Om blåbær er skogens gull, kva er dette då? Vegkantens diamantar?
Akk, eg er så glad i bringebær. Og dei er overalt. Og jammen er det ikkje mange som plukkar
lenger i dag, så eg får ha dei for meg sjølv. Men eg skulle gjerne hatt litt meir konkurranse!


Jobbstart i Kvinnherad. Der hadde bringebæra starta, ei stund før dei kom til Stord. Det løyste eg med
å alltid ha noko å plukke i i sekken eller på styret. Eg fekk plukka litt på veg til båten og det
vart nokre liter etterkvart. 


Bringebærsaft. Det er luksus det. 


Ny runde med frøfritt luksussyltetøy. Med sitron og vanilje som eg laga i fjor (oppskrift) og
ein porsjon med sjokolade i! Spennande! 


Og her var skogens gull ja. Guri meg så mykje blåbær i år. 


Litt tidleg i sesongen og nokre umodne bær. Men syltetøy vart det. 


Blåbærsaft, ferdigsilt. Også ei luksusvare spør du meg. Mange år sidan sist eg laga
det. Har ikkje hatt blåbær i frysen på nokre år heller. 


BÆRGLEDE


Og blåbær på kveldsgrauten....


Blåbærføter...


Resteplukk frå kveldstur...


 Og hagebær druknande i eggedosis. 

Vart du svulten no? Fekk du lyst til å plukke? Lage saft? Syltetøy? 
Eg håpar det, for me treng deg! Og dette må me lære ungane våre.


søndag, august 16, 2015

Filleryer


Eg har fått litt meir ro i kroppen etter sommarens storarbeid. Og det er tid for dei små
prosjekt, som hekling og sylting og slikt. No har eg endeleg, for dette har eg gleda meg til, starta på
eit golvteppe med stoffrestar. Eg vart så inspirert på Finlandsturen og kjøpte også nokre stoffbuntar
med meg derifrå. Der har bruktbutikkane jammen meg laga remser av brukande stoff og 
sel det som nøster, heilt genialt for sånne som meg som ser nytta i det! Det er nokre sjeler der
ute som heklar og heklar av stoffremser, og bra er det. Men kanskje enda fleire kunne tenkt seg å
prøve det? Dette teppet er i alle fall av sengetøy og anna, den siste runden på teppet som eg held
på med er i cordfløyelstoff. Kanskje ei bukse eller ei skjorte. Eg hadde eit stort øydelagt laken og 
så har eg sjølvsagt besøkt mor mi og hennar skap. 


Den gode gamle fillerya, slik som høyrer namnet til. Før var jo dette ei sjølvklar måte å 
få nytta stoffrestar på, og klede som ikkje klarte å bli reparert atter ein gong. Eg nyt
desse gamle filleryene og håpar på å kunne lage mine eigne ein gong. Men foreløbig
så vert det runde "filleryer" med heklenåla, og dei vert flotte dei også! 

Augustsol på tunet


Morgonsol på tunet. Anda Guro har funne seg sin nye sitjeplass. Ho sit her
og speidar utover, steller seg litt og kviler litt. Men har likevel alltid overblikket
over tunet.

Det er mykje liv på tunet om dagen. Mykje fjærkre og mykje hanegaling.
Eg likar det. Det er slik det har vore her og slik skal det vere. 



Islandshøne, straks eggeklar denne dama her. Fresk og flott. 



 Den flottaste islandshanen trur eg. Med eit handikapp. Stjerten er skeiv, skikkeleg
skeiv. Kanskje det er det som gjer han så herleg. 





Morgonsol, grøne bakkar og kvite nylagte egg. 





Hanesjarmørar. Eg har fjorten slike hanar for tida. Ein skal eg behalde, tretten skal på hoggestabben.
Det byrjar å bli vanskeleg å velje. 


På vandring i morgonsola. Islandshøna med hårsveisen fremst. 


Hane i soloppgong. Ny klassikar. Og god sundag til deg!



onsdag, august 12, 2015

#hektapåsirup



Er kanskje nokre som er nysgjerrige på dette blome/sirupsprosjektet mitt i vinduskarmen.
Denne sola kom liksom aldri og eg tenkte NO, eller aldri. Så eg droppa gamlemåten og
laga sirupen i panna i staden for. I alle fall tre av fire glas. Blåklokkeglaset inneheldt nydeleg
lilla sukker. Og lukta.. blåklokker!


Rognebærblada og sukkeret lukta godt av mandlar, men etter at eg la det ut til tørk så
forsvann dessverre lukta og smaken. Så der må eg forske vidare. 


Eg tok kvar glas i ei panne, tilsette litt vatn, lot det koke litt opp og silte av. Så kokte eg opp
sirupen til rett konsistens, helte på glas og så nam!


Blåklokkesirup. Herleg farge, søt og fin smak. 

 Rødkløversirup. Ikkje så raud som eg hadde trudd, meir ferskenfarga. Men utruleg god på
smak! 


Eit utval av minde sirupsgleder. Eitt glas frå i fjor, resten frå i år. I år og i fjor har eg laga
av hylleblom, raudbete, granskot, løvetann, bringebær, solbær, blåbær, blåklokke, raudkløver....
Jau, kvar skal dette ende?