lørdag, august 01, 2015

Godbenken


I vår byrja å eg å planlegge eit prosjekt. Ein benk ved spisebordet. 
Men eg hadde ikkje lyst til å lage den før vegg-til-veggteppet i stova
var vekke og golvet var malt. Så i sluttfasen på oppussinga sette eg i 
gong. Rart at eg då får så mykje energi! 

Eg har spart på nokre gamle fine bord frå bordkledningen frå huset då
den vart skifta for to år sidan. Dei er breie og flotte. Her hadde eg spart på 
to bord som var tre meter lange og 25 cm breie. Den eine saga eg av litt.
Begge pussa eg ned, impregnerte for å drepe måtten og lakka med golvlakk.


På festa eg dei i lag og sette på bordbein som eg hadde laga av måla
lekter. 


På veggen hadde eg sett opp ei lekt som benken kviler på. Og med to skruar
har eg festa benken til denne. No sit benken godt fast og er brei og god å 
sitje på.


Enkelt understell og enkelt å komme til med støvsugar og vaskekost! 


Borda er som kunstverk i seg sjølv. Eg har nytta slike bord før til to pultar/skrivebord
både på kjøken og kontor men dei har eg lysna litt opp før lakken. Denne vart naturell.
Og sidan borda har sterk alen i seg kjem det litt raudleg mørk farge fram. Alt ein lærer
seg som hobbysnekker!


Benken har eg fylt med deilige saugeskinn. Muleg eg kjem til å lage meg nokre puter/sitteunderlag etterkvart, men førebels likar eg det slik som det er. 

2 kommentarer:

  1. Egentlig en enkel patent som de fleste kunne fått til - men de færreste hadde kommet på ideen, (",) Likte spesielt det der med at det var lett å komme til under. Liker ikke å vaske, så jo enklere jo bedre.

    SvarSlett
  2. Sant? Såå kjedeleg å vaske ja, så best å gjere det enklast muleg! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!