onsdag, august 12, 2015

#hektapåsirup



Er kanskje nokre som er nysgjerrige på dette blome/sirupsprosjektet mitt i vinduskarmen.
Denne sola kom liksom aldri og eg tenkte NO, eller aldri. Så eg droppa gamlemåten og
laga sirupen i panna i staden for. I alle fall tre av fire glas. Blåklokkeglaset inneheldt nydeleg
lilla sukker. Og lukta.. blåklokker!


Rognebærblada og sukkeret lukta godt av mandlar, men etter at eg la det ut til tørk så
forsvann dessverre lukta og smaken. Så der må eg forske vidare. 


Eg tok kvar glas i ei panne, tilsette litt vatn, lot det koke litt opp og silte av. Så kokte eg opp
sirupen til rett konsistens, helte på glas og så nam!


Blåklokkesirup. Herleg farge, søt og fin smak. 

 Rødkløversirup. Ikkje så raud som eg hadde trudd, meir ferskenfarga. Men utruleg god på
smak! 


Eit utval av minde sirupsgleder. Eitt glas frå i fjor, resten frå i år. I år og i fjor har eg laga
av hylleblom, raudbete, granskot, løvetann, bringebær, solbær, blåbær, blåklokke, raudkløver....
Jau, kvar skal dette ende? 

3 kommentarer:

  1. Spennende dette. Den fargen på blåklokke-sirupen er bare helt RÅ! Hva smaker sirupen best på - pannekaker, vafler, is??

    SvarSlett
  2. Hei!
    Veldig fasinerande det du styrar med!
    Korleis vil du bruke dei ulike sirupane?

    Mvh. V....

    SvarSlett
  3. Hei både Maria (som har fått svar) og V...
    Sirupane er allereie i bruk. Hovudbruk er nok på pannekaker, til kveldsmat eller til frukost. Eg lagar gode pannekaker med havremjøl i, sirupen smakar deilig oppå attåt kaffikoppen! Dei kan også brukast som smak i kullsyrevatn eller i te. Eg har brukt det i muffins og oppå nysteikte muffins som ekstra god fukt og saftig smak. Ein kan ha litt sirup oppå ein god blanda salat, oppå kjeks med ein god ost, litt rista valnøtter...jau, mange mulegheitar! Og så sjølvsagt på is. Min favoritt i sommar har vore vaniljeis med friske bær frå hagen/skogen, litt sirup og kanskje litt sjokoladebiter. Der har absolutt blåklokkesirupen vunne! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!