torsdag, august 06, 2015

Lenge leve hylleblomen!


Ei herleg dame tipsa meg om denne desserten hin kvelden. Og eg måtte berre prøve, så 
fort som muleg. Dette er nemleg frityrsteikt hylleblom! Prøvd det før? Og konklusjonen
vart to porsjonar og mykje høglytt nam-lydar frå meg. Dette var fantastisk godt og skal
absolutt lagast på ny. Men sidan hylleblom ikkje blømer året rundt så vert dette naturleg
nok ein deilig sommardessert! Oppskrift kjem her!

Den ultimate sommardesserten! 

Heilt vanleg pannekakerøre
4 egg
5 dl mjølk
3 dl kveitemjøl (ta litt til om du vil ha litt tjukkare røre)
1/2 ts salt

Bland halvparten av mjølka med mjøl og salt. Rør godt. Ha i resten av mjølka
og bland inn eitt egg om gongen. La helst røra svelle minst ein halvtime før bruk. 

Nokre klasar med friske hylleblomar
Frityrolje
Vaniljeis


Varm opp frityrolja i ei god panne. Olja er varm nok når du stikk
ein trepinne nedi og det byrjar å syde rundt pinnen. Senk temperaturen bittelitt.
Dypp så ein blom i pannekakerøre, la det renne litt av og legg den oppi olja. 
Den blaute blomen sprer seg nydeleg oppi olja. Ha maks to blomar i gryta om gongen. 
La blomane bli lett gyldne før du tek dei opp og la dei renne litt av på tørkepapir. La olja
varme seg opp att før du gjentek med nye blomar. Server så straks på ei seng av vaniljeisen
du likar best. Blomane vert sprø og ikkje så søte, med ei hylleblomsmak. Den søte kalde 
isen vert ein fantastisk dessertvenn. NAM NAM!



4 kommentarer:

  1. Dette både så og hørtes veldig fristende ut, men jeg må nok langt for å få tak i hylleblomst. (",)

    SvarSlett
  2. Til neste år så får eg sende opp nokre til deg ;-)

    SvarSlett
  3. Eg velger å bli veeeeldig smigra over dette innlegget, -det kan jo ikkje vere så mange andre enn meg som anbefalte frityrsteikte hylleblomar til deg :-) Så kjekt at du prøvde det ut og likte det :-) :-) :-)
    Mvh True

    SvarSlett
    Svar
    1. Full ære til deg True! :-) Måtte jo berre prøve det ut, skikkeleg kjekt kveldsmatprosjekt! Kom gjerne med fleire gode tips ;-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!