søndag, august 09, 2015

Malarglede - fargeglede


Nokre bilete frå malingsperioden min i sommar. Fort gjort å bli hekta. Penslar er framme,
malingsboksar framme, inspirasjonen boblar. Denne gamle krakken fann eg i traktorhuset
for nokre år sidan. Der hadde den no ingenting å gjere så eg tok den heim og mala den
kvit. Men det vart for kvitt, for anonymt. Og no hadde eg DEN friske grønfargen
tilgjengeleg. 


Fin, gamal grøn krakk. Og loppislampe kjøpt i sommar.


Dette er også ein gammal krakk, eller pidestall som det eigentleg var. Eg 
saga av beina og malte. Den også kvit. Kjedelig kvit altså. No har den fått
grøne bein og same kvite sete. Mykje finare!


Og har ein knallgod golvmaling så må ein jo berre kikke rundt seg etter anna som 
kan få nokre strøk. Norgesglas til dømes. Dei vert så tøffe med maling på!


Fire flotte Norgesglas. Frå to ulike glasverk. Vakre!


Den gamle kommoden som eg hadde på lemen vart fiksa og
strippa for handtak. Maling med rulle gir utruleg fint resultat! Og
det går så fort!



Dei finaste handtak, isolatorar. Dei er akkurat som snop for meg. 
Mange slike har gått på dynga frå gardar rundt om. Eg har samla meg
opp nokre og brukt dei på skapdører og som knaggar her og der. 


Søt, blå kommode. Den er no i bruk på badet, det trengte ein fargeklatt! 

2 kommentarer:

  1. Man trenger noe som setter kontrasten i et rom! Likte veldig godt den grønnfargen du har brukt. Den turkise også, forsåvidt. (",)
    Samler også på sånne isolatorer, perfekte små håndtak.

    SvarSlett
  2. Blåfargen er den samme som på golvet.. Litt løye, på golvet vert det litt knæsj, mens på kommoden vert det roleg og nesten litt kjedeleg!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!