mandag, august 10, 2015

Muffins med solbær og hylleblom


Eg nyt denne tida. Det er så mykje å plukke og så mykje å lage.
Og kvart år dukkar det opp nye ting på mitt kjøken. Eg storkosar meg
med å hauste inn og lage forskjellig, enten det er saft, syltetøy, sirupar, 
muffinsar og anna. I går fekk eg plutseleg ein idè for dei siste hylleblomane
som klamra seg til treet her. Og så fann eg ut at eg ville plukke inn solbæra frå 
mine tre små buskar også. Det var akkurat nok til mine to prosjekt: muffins og sirup.
Desse muffinsane vart utruleg gode på smak! Syrleg og søtt av både solbær 
og hylleblomar. Litt havremjøl gjorde dei litt meir mettande og ikkje berre 
dessertmat (innbiller eg meg då). Om du vil prøve oppskrifta er kanskje hylleblom
vanskeleg å få tak i men solbær får du kanskje tak i!

Friske og lettgrove muffins

3 romtempererte egg
2 dl sukker
4 dl kveitemjøl
1 dl havremjøl
225 g smelta smør
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker/vaniljeessens

3-4 klaser hylleblom
sukkerlake (feks 1dl sukker 1dl vatn)

2-3 dl solbær

Visp eggedosis luftig, tilsett alt det tørre og vend forsiktig inn.
Ha over smelta og avkjølt smør. Kok opp sukkerlake og dra blomane
av hylleblomklasene og ha oppi. Fisk dei ut med ein gaffel og ha dei og 
solbæra oppi røra og vend forsiktig til bær/blomar er i heile røra.

Ha i muffinsformer og steik i ovnen på 200 grader i ca 20 minutt til dei er 
lett gyldne på toppen. Ta ut og avkjøl. Bittelitt sunnare dessert/kaffimat
eller bittelitt usunn nistemat? Ditt val!



3 kommentarer:

  1. Jeg håper på avling neste år, har i sommar planta ut et sollbær, rips og stikkelsbær tre. Etter innlegget ditt gikk jeg optimistisk ut å skulle plukke, det ble 28 gram solbær MEN de harj jeg til gjengjeld virkelig nytet på min bærfrokost!

    SvarSlett
  2. Lurer på om jeg må plante meg noen bærbusker. Har to ripsbusker, men de gir aldri noe bær fordi fuglene plukker dem før meg. Trikset er vel kanskje å dekke dem til meg nett, får tenke på det til neste år.

    Jeg er så glad i bloggen din, og i dag var det ekstra mye å lese for en som har vært lite foran Macen i det siste. Herlig!

    SvarSlett
  3. Solbær er nesten hellig det. Eg likte det ikkje då eg var lita, berre som saft. Men no er det luksusbær! Hiv godt med gjødsel på dei! Eg badar no mine bærbuskar med hønsegjødsel (har jo tilgong til det). Og har flytta dei slik at dei forhåpentligvis skal trivst betre.
    Og Maria, takk takk! :-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!