lørdag, august 01, 2015

Sankar


Eg er sakte men sikkert på veg i rolegmodus no. Roe ned før arbeidsdagane startar opp
att på måndag. Sommarens store prosjekt er over, eg hadde vel i år som i fjor håpa på
at eg skulle få gjort enda meir med hus og tun i ferien, men slik er det no berre. Og med
roa kjem småprosjekta. Pyssel kallar dei det på svenskt. Fint ord syns eg. Ein kan pusle med
mykje forskjellig. Bærsanking og sylting og safting er jo noko å pusle med. Men å sanke inn 
på blomar og vekster er enda rolegare og ein fin måte å kjenne på naturen på. Her har eg plukka
inn blåklokker. Bestemor og far sin favorittblom. Eg utforsker sirupslaging, på gammalt vis.
Sette blom/plante i sukker i eit glas i vinduskarmen. Eg anar ikkje korleis det kjem til å gå,
men koseleg er det. Og så fint å sjå i kjøkenglaset!


Blåklokker og raudkløver ventar på sukker i kvart sitt glas. På eit noregsglas ligg granskot som eg
fann på ei lita gran som ikkje hadde fått så mykje sol (og var litt seint ute), saman med ei 
økologisk sitron og sukker. I neste glas ligg rognebærbladskot i sukker. Både granskot og rognebærblad inneheld mykje c-vitamin og planen er om dette går så kan sirupen vere ei god
kjelde til vitaminer den gong forkjølelsen bankar på.  
Glasa står i vinduskarmen for at sola skal varme dei opp og la sukkeret smelte. Seint og søtt og godt. 


Sukker og natur i skjøn forening. Visste du forresten at rognebærblad, dei fyrste skota, har ei
intens smak av mandlar og marsipan? Tygg litt på eit blad, plutseleg så kjem smaken! Eg prøvde å 
trekke ut denne smaken tidlegare i sommar, men så øydela eg den då eg kokte den opp for å koke
inn sirup. Så den likar best å vere naturell. 


5 kommentarer:

  1. Kjenner meg igjen, de siste dagene før hverdagen starter opp igjen prøver jeg å frede hvert år.

    Spennende prosess, og som du sier: Veldig fint å se på underveis. (",) Lurer veldig på hva blåklokker smaker...?

    SvarSlett
  2. Eg anar ikkje. Men eg er spent på om det kjem noko farge eg. Kjenner at blåbærsirup også er eit prosjekt snart!! Sirup er kjekt gitt! :-)

    SvarSlett
  3. Vakkert! Tror jeg må herme etter deg og få på plass noen glass med artig innhold i vinduskarmen :-)

    SvarSlett
  4. Etter å ha høyrt deg fortelje om nokre av prosjektene dine i går kveld, Ingvild, så vart eg så forviten at eg måtte google meg fram til bloggen din i dag ;-) Kjempefin blogg med masse kjekk lesing og fine bilete. Kjem nok til å stikke innom innemellom for å sjå kva sprell du finn på når kreativiteten tek overhand. :-)
    Mvh True
    Mvh True

    SvarSlett
    Svar
    1. Heisann! Så morosamt då! Og du må berre stikke innom og følge med på bloggen min ja, driv på med mykje løye til tider eg! :-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!