søndag, august 30, 2015

Siste augustdagar 2015


På tunet. I skillet mellom sommar og haust. Tenk at me fekk så flotte
sommardagar på slutten av august, og vips så var den friske haustlufta
på plass. Eg har byrja å ordne litt ute. Ting tek av og til litt tid her, særleg
når det er mykje å ta av når det gjeld plikter. Hønsehuset som fekk ny vegg
i fjor har endeleg fått svarttjære  på seg. Deilig lukt, deilig farge, mørk og fin.
Og no ser eg lyst på å fikse resten av huset også. Eg slepp heldigvis å skifte
kledning på heile huset, men litt snekring må til allikevel. Vindaugo er rotne og
eitt vindauge fòr med vinden i fjor. Nokre nye lister må også til og kanskje nokre
nye bord på baksida av huset. Pluss litt ekstra då. Så vert det svart til slutt, resten av huset.
Slik at det held nokre år til.


Endene lev i beste velgåande. Hønsehauken var her for ei veke sidan og tok ein hane.
Eg kjenner eg er mest redd for at han skal ta ein av desse to, kjenner eg har blitt
glad i Guro og Kvitveis. Dei held seg mykje i ro, sit gjerne utanfor inngongen
heile dagen og kikkar. Tek seg små rundar og leitar etter sneglar, men dei vandrar
dessverre ikkje heile tunet og plukkar opp alle som eg hadde håpa. 


Endene har også ein liten balje for bading og vask. Det store badekaret eg sette opp
vart visst for stort og skummelt. Akk, det er flott dette hønsehuset.  Er så glad i det!


Til jul i fjor ønska eg meg ein vêrhane. Som eg fekk. Og den har venta og venta på 
å få komme opp og gjere jobben sin. Endeleg er den på plass. Midt på tunet, slik at eg 
ser den frå kjøkenet mitt. 


Herlig type det der. Lurar meg på om den skal få seg eit namn. Til no har eg jo tre hanar
med namn på tunet; Knut, Inge og Oskar. Nokre forslag? 


Vêrhane i soloppgong. Det ser nesten litt manipulert ut, for hanen står litt på skrå
i lyset. Og fine morgonar og soloppgongar har det vore mange av i det siste. Det er kanskje
det finaste med denne tida. Ein får med seg det. Eg står opp før seks og nyt den stille
tida på tunet. 


Hanar i morgonsol. Med litt brødbitar til frukost. Ekte glede det. 


Det er noko spesielt med slikt lys.


Akkurat når sola bilkkar over kanten så treff den gamleløa her borte.
Det vert magisk nesten. 


Morgonstund  på Eskeland. 

Så då var nok august over for denne gong. Og September er på veg. Med sine fargar og
morgondugg, kvit skodde og frisk luft. Og snikande mørke på veg. Nyt veka som kjem! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!