onsdag, august 12, 2015

Solbærsøtt


Så var det solbæra då. To små buskar i hagen som tydelegvis treng tid på 
å vekse seg store. Men mykje fleire bær på dei i år enn i fjor, det er no
eit lyspunkt! I tillegg fann eg ein anna busk, truleg ein rest frå ein gammal
busk som har fått vekse seg fram nedi hagen. Og eg hausta nok til både muffins-
bakst og siruplaging. Det er alltid viktig å prioritere sirup seier no eg. Så mykje 
glede og godt i ein sirup! Vil du prøve deg på litt du også?

SOLBÆRSIRUP

3 dl vatn
3 dl sukker
ca 2-3 dl solbær

Kok opp vatn og 2 dl sukker. Knus eller mos solbær og hell over sukkerlaken.
La stå i kjøleskapet over natta, gjerne eit døger. Sil av og kok opp safta med den siste
resten av sukker. La det småkoke til konsistensen byrjar å tjukne. Eg pleier å sjekke med
ei skei, lar det kjølne litt på skeia og kjenner om sirupen heng mellom peikefinger og
tommel. Om den gjer det kan det vere greit å helle sirupen på reine glas. Det er greit
å fylle opp små glas/flasker og sette opp ned slik at dei vert hermetisk lukka. Sirup kan
nemleg krystallisere seg etterkvart, då er det greit å ha ope små glas om gongen. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!