mandag, september 28, 2015

Sunnhordlands finaste heim (og hane)?



Jau, føler meg pliktig til å informere om at huset mitt, gamlehuset sjølv, er med
i konkurransen om den finaste heimen i Sunnhordland. Det er lokalavisa Sunnhordland
som har konkurransen og i dag er det ein artikkel både i avis og på nett. 
Litt flaut og moro på ein gong. Og hanen Inge har fått hovudplassen, han som faktisk
tek turen inn i huset når han får sjansen fekk denne gongen LOV til å vere med på
litt photoshoot! Det var moro det! Og han elskar jo merksemd så ingen problem
for han det! 

Nokre bilete frå avisa:


Kul, kul hane. Har ikkje du ein hane på kjøkendisken din altså?
Trudde alle hadde det eg. 


Heilt sant. Kaffien er krutsterk, eit ord eg har hatt med meg
nokre år frå min kjennskap til herr Ragnar Hovland, ein nydeleg
nynorskforfattar! 


Og her er bilete av kontoret mitt. Men finn ein feil. Ei real flugepapir, rett
frå Felleskjøpet - dette er ikkje eit sponsa innlegg altså. 
Å nei, tenkte eg då eg såg dette. Men så snudde eg tvert. Så gøy å
vise at dette er ein normal heim, eit gammalt hus! Her heng flugepapiret
for her er det fluger! Her er det ikkje alltid reint og ryddig og perfekt, slik
det som ofte er i slike reportasjar.  Her bur ei real rotejente som er glad
i fargar og gjenbruk :-)



Artikkelen vart visst lukka og er kun open for abonnentar.


onsdag, september 23, 2015

Gjenbruk av sengeklede


Etter turen til Finland har eg gleda meg til å byrje å hekle på
golvteppe att. Det er lang tid sidan eg gjorde dette sist, men då
vart eg mindre nøgd med resultatet. Om du driv med hekling
så har du kanskje sett slik gjenbrukshekling, men om ikkje 
så skal eg forklare deg litt om det. I Finland fekk eg kjøpt 
allereie ferdig opprive nøster av stoff. Så har eg teke turen
til både mitt eige skap og mor mi sitt skap og funne meg
både øydelagde og gamle laken og dynetrekk. 


For å rive opp laken på ein grei måte klypper eg eit snitt med
saks og riv langs med heile lengda. Det er det beste å gjere, 
då vert det mindre lause trådar. Laken med stretch er elles
dei beste å hekle med då remsene rullar seg litt saman.
Remsene lagar eg om lag 1-2 cm breie.


Heklenål nr.10 nyttar eg til dette teppet. Alt etter kor breie
remser, kor tjukt stoff, kor tett du vil hekle så kan du auke
tjukkelsen på heklenåla. 


Så er det berre å hekle rundt og rundt og auke masker etterkvart. 
Eg har auka etter vanleg mønster i starten, difor vert mitt
teppe litt sekskanta. Om du vil ha eit heilt rundt teppe så
må du auke masker litt her og der, men samtidig ha kontroll så 
det ikkje strammer seg eller omvendt. 

Knallkjekt å hekle store ting syns no eg. Men skal også nevne 
at det er tyngre å hekle slik enn med vanleg tråd. Og etterkvart
vert teppe ganske tungt også. Men stas å ha heimalaga teppe
med stoff som kanskje elles hadde blitt kasta. Og så har ein 
jo kanskje litt mulegheit til å velje fargeskala også. 
Kanskje nokre andre der ute tek seg turen i sengetøyskapet no?


tirsdag, september 22, 2015

Haustkjensler




Rullestad og Seljestad. Siste fangst av blåbær, store som troll og
søte som sirup. Ellevill moltejakt i solskin og lukkerus. Sauge som
egentleg ikkje vil heim frå denne fine rustfarga naturen. 
For no er det haust, om ikkje overalt så i alle fall godt
i gong. Bileta får tale vidare for seg sjølv og så får lesaren
dra inn luktene av lyng og bær og kald haustluft. 











mandag, september 14, 2015

Tur til Dyrskun

Bilete henta frå www.dyrskun.no

Her var eg i helga. Har aldri vore på Dyrskun før, så det var nok på tide. Og tenk kva
eg har gått glipp av! Og då meiner eg ikkje alle folka som kjem der for det var litt for 
mykje folk for min del, men alt kjekt som fins på marknaden. For ei med allsidige
interesser så passa det perfekt! Til neste år er denne marknaden faktisk 150 år. I starten
var det mest for landbruk og husdyrhald, men den har med åra utvikla seg til å romme
det meste. Men ja, du kjem ikkje unna svære traktorar og maskinar, store oksar,
mannfolk i skinnvest og spekepølser i fleng.






For min del måtte eg leite litt etter bruktskattar, då eg 
hadde høyrt rykte om at det kunne finnast der. Mykje
gammal fin emalje var der jammen meg, og det freista!
Eg fann meg også eit gammalt Noregsglas med smal 
opning, endeleg. Lurar på kor hen og kor tid
desse er produsert, sidan dei skil seg slik frå dei vanlege
glasa.



Litt emalje vart med heim. Denne baljen/vaskefatet med svart
kant og ei blå sil. Akk...


Epler i massevis. Gode epler i massevis. Lokkande
epler i massevis.


Ferske grønsaker. Eg klarte ikkje å dy meg og kjøpte
med meg ein gigantisk squash med meg heim. 3,5 kilo
squash til 25 kr. Vegetarveke vert det nok no.


 Spennande typar syltetøy, mykje inspirasjon å hente her.


Her er ei samling ulike gelear. Men det mest fascinerande
var nok praten med dama som laga dei. Utruleg dyktig
dame som deler min glede for bær og sylting og smak!


Og dette var noko av det mest kreative og gode eg smaka på
marknaden. Gulrotgraspesto frå Han Sylte. Utruleg god og
frisk på smak, litt syrleg og litt søt faktisk. Mykje betre enn
ein vanleg pesto spør du meg. Gler meg til å prøve dette sjølv
til neste år!


Litt sikling på denne her. Så fin.


Og nesten litt sikling på denne dama her, men mest
glede over å kunne snakke litt med ei så flott dame!
Bodil Nordjore, dama bak flotte kokebøker, bakebøker,
den flotte dialekta og mykje kunnskap om mat og tradisjon
i Noreg! Då måtte det takast eit bilete av meg og ho.


Og drøyme, drøyme. Ein slik vil eg ha. I framtida
ein gong. Eg skal ha ein slik. Så det så.



Og litt mjøl vart det også. Økologisk mjøl til surdeigsbaksten.

Elles var det alt av gode smakar, blant bakst og sjokolade,
saft og syltetøy og sirupar, pølser og kjøt. Veldig kjekt å besøke
for ei matinteressert jente. 

torsdag, september 10, 2015

Eskelandshanar


For to år sidan ville eg ikkje ha hanar. Eg syns det berre var styr med dei og at hønsa
klarte seg så fint sjølv. For eitt år sidan skulle eg no berre ha ein hane. Men det var no slik
at desse kyllingane fekk vekse til og vesle kylingen Ingunn vart til hanen Inge,
nesten over natta. Og snodigare hane skal ein leite lenge etter.
Så då vart han verande også. Og så starta dette hanehotellet då, og eg forelska
meg i nokre av dei. Dei to finaste fekk vere att etter slakta. For jammen er det
verdt å ha nokre islandshanar! Herleg utsjånad på desse herrane her. 

Øverst: møt mister Racer. Fekk namnet sitt av ei jente på besøk her. Han sprang
så superfort at han måtte heite Racer. Og så står "håret" rett til vers!


Og møt Elvis! Svart og kul. Nesten så han har skinnjakka på. Med kammen slengt
til den eine sida. Og litt piggsveis bak han også. 


Og så var det Inge då. Like sjarmerande og kameraglad som alltid. Han har fått 
seg nokre damer han no, til og med anda Kvitveis er han på. Enda prøver han
å parre seg med både meg og Buster, men utan hell. Mannfolka som kjem på tunet
derimot, dei likar han IKKJE.


Ein liten kvil i septembersola. Fine islandshøner nyt livet. Racer ligg og passar på 
bak dei.



Kjærestepar? Elvis flørtar allereie.. Og islandshøna Eli (Hagen) med kul hårsveis ho også
likar selskapet. Det er heilt tydeleg at desse hønene vil ha islandshanane, ikkje desse andre
to småplagsomme og store hanane Knut og Inge. Like barn leikar best. 


I ettermiddagssol. Racer passar på damene sine.


Sjefshanen Knut lurar fælt på kva hanen Inge eigentleg driv med? Jo, han tek seg
ein runde i hengekøya med meg. Det har han gjort mange gongar. Han syns det 
er deilig. Og så får han litt massasje på hanekammen og i nakken. Det er godt det. 



Litt merksam på kameraet her, då er det jo litt flaut å bli sett slik. Han veit jo sikkert
at dette ikkje er heilt normalt for ein hane, men så er det jo så avslappande då. 

Hanar er supre, så herlege og gir så godt liv på tunet! No har eg fire som gjel morgon og 
ettermiddag. Det får halde. Og så får eg sjå om det vert færre hanar etterkvart.

onsdag, september 09, 2015

Rips + sjokolade = deilige muffins!


Eg fekk endeleg plukka inn dei siste ripsa. Eg har vore treig med dei i år, men
så har det vore så mykje anna då. Og i sommar har eg saft i bøttevis, eller i mange
glas i alle fall. Så ripsa har fuglane fått forsynt seg litt med under nettet og eg
lagar ikkje ripssaft i år. Men det vert prioritert ripsbakst i staden for. Blant
anna desse muffinsane eg laga i går. Og dei var enda enda betre i dag, saftige
og gode, både søte og syrlige og friske på ein gong. Og herleg sjokoladesmak. 
Vil du prøve deg? Har du nokre få rips hengande att på busken? Har tanta di
ein busk? Ein nabo eit stykke frå deg kanskje? Prøv i alle fall!

Sjokoladeripsmuffins

3 egg
3 dl sukker
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
5 dl kveitemjøl
250 g smør
100 g mørk sjokolade
4 toppa ss brunt sukker
4 ss kakao

5 dl rips - ferske eller fryste

Smelt smør og ha sjokoladebitar oppi. Tilsett brunt sukker og kakao
og rør godt til ei jevn blanding. La kjøle litt ned. 
Bruk romtempererte egg og visp luftig eggedosis. Sikt over mjølet og vend
det forsiktig inn i eggedosisen. Ha så oppi sjokoladesmørblandinga og rør
forsiktig til ei jevn røre. Bland så inn rips. Fyll muffinsformer, eg nytta her
store former. Steik på 215 grader i 15-20 minutt (ca 30 min ved store former).
Bruk ein trepinne til å sjekke om dei er steikte før du tek dei ut og lar dei avkjøle
på rist. 


søndag, september 06, 2015

Endeleg september, tid for bakst


Det fins framleis blåbær der ute. Lågt i terrenget byrjar dei å gi seg, men kjem 
ein seg litt opp i høgda kan ein framleis få tak i dei gode blåbitane. Eg tok meg
ein slik tur hin kvelden, med ein pai i tankane. Rett før kjørte eg i gong ein paideig,
laga vaniljekrem og så vart det skogstur. Paien vart ferdig på nesten eit blunk
og steike meg kor godt det er med slik pai. Så enkelt og så nydeleg, både varm og
kald. Eg syns nesten den er betre dagen derpå eg. To dagar etter også. Det med 
denne paioppskrifta er at ein kan putte oppi det ein har lyst på. Bær, frukt eller 
anna. Ein kan servere ferdigsteikt paiskal med vaniljekrem med ferske bær
også, ein treng ikkje å steike det i ovnen. 

Til din inspirasjon, ut i skogen og ned i smørpakken med deg! 

Du gode blåbærpai versågod

300 g mjøl
200 g smør
100 g melis
1 egg

5 dl h-mjølk
4 eggeplommer
100g sukker
1/2 vaniljestang/2 ts ekte vaniljesukker
40 g maisenna

Lag gjerne paideigen i god tid. Køyr alt saman i foodprosessor/kjøkenmaskin
eller kna saman for hand til jevn deig. Set deigen kaldt før du kjevlar den ut slik
at den er lettare  å handtere. Når du har dekka paiforma så set du den i frysen og la
den stå alt frå ein halvtime til over natta. Set ovnen på 170 grader og forsteik i 30 minutt.
Avkjøl gjerne. 

Kok opp mjølk og sukker og vanilje. Visp eggeplommer og maisenna. Hell
den varme mjølka forsiktig i eggeblandinga mens du vispar godt. Hell tilbake
i panna og varm forsiktig opp til kokepunktet mens du rører. Når den byrjar å tjukne 
tek du den av plata og har kremen over i ei bolle. Set til avkjøling. Dekk med plastfolie
eller dryss på sukker slik at det ikkje dannar seg snerk.

Hell vaniljekrem over i paiskalet og legg over friske blåbær, gjerne 3-4 dl. Steik
paien i 20-30 minutt vidare på 170 grader. Avkjøl noko og server, gjerne attåt kald
vaniljeis eller ein kremdott! 

lørdag, september 05, 2015

Ein hane kan´kje vara evig veitdu, kan aaaaldri vara evig....


Hanehotellet vart i dag gjort om til Eskeland haneslakteri! 
Eg hadde opplæring av ein flink slaktemann, men som aldri hadde
slakta flotte hanar før og eg kunne stolt vise han denne kunsten.



Islandshanane var no rundt om fem månader og byrja å 
få nok mat på kroppen til å takast. Ikkje noko trist prosess
dette, det triste fjeset er berre for kameraet sin del. Eg kjende
jo ingen av desse hanane "personleg".


Slaktebenken i bruk. Hoggestabb ovanfor, ei lita blodstråle
minner om kva som er på gong. 




Det beste er å ribbe høns, men når ein skal slakte så mange om gongen
så tek eg og flår dei rett og slett. Det sparar mykje tid sjølv om ein riv
av det gode skinnet. Mykje god smak er det i kroppane uansett. Fyrst
skal hovudet av, kroppen få stilne, så skal den dyppast i kokande vatn ei
stund før ein kan rive skinnet av og tømme den for innvollar. Ganske lett prosess
på ungdyr, litt meir styr på eldre høns som regel.


Kan ein denne kunsten med å flå godt så kan ein rive av
hønsedrakt. Egentlig ganske tøft. 


Det vart totalt 15 kyllingar på oss. Og tunet vart noko stillare. 
To flotte islandshanar vart verande attende, i lag med Knut og Inge
sjølvsagt. Etter å ha stått i denne lukta heile dagen så freistar det 
ikkje med kylling til kvelds, men etter nokre dagar er det over.
Og så kan det bli godt med nokre gryter og supper og slikt
utover hausten. 

Ekte mat!!