lørdag, september 05, 2015

Ein hane kan´kje vara evig veitdu, kan aaaaldri vara evig....


Hanehotellet vart i dag gjort om til Eskeland haneslakteri! 
Eg hadde opplæring av ein flink slaktemann, men som aldri hadde
slakta flotte hanar før og eg kunne stolt vise han denne kunsten.



Islandshanane var no rundt om fem månader og byrja å 
få nok mat på kroppen til å takast. Ikkje noko trist prosess
dette, det triste fjeset er berre for kameraet sin del. Eg kjende
jo ingen av desse hanane "personleg".


Slaktebenken i bruk. Hoggestabb ovanfor, ei lita blodstråle
minner om kva som er på gong. 




Det beste er å ribbe høns, men når ein skal slakte så mange om gongen
så tek eg og flår dei rett og slett. Det sparar mykje tid sjølv om ein riv
av det gode skinnet. Mykje god smak er det i kroppane uansett. Fyrst
skal hovudet av, kroppen få stilne, så skal den dyppast i kokande vatn ei
stund før ein kan rive skinnet av og tømme den for innvollar. Ganske lett prosess
på ungdyr, litt meir styr på eldre høns som regel.


Kan ein denne kunsten med å flå godt så kan ein rive av
hønsedrakt. Egentlig ganske tøft. 


Det vart totalt 15 kyllingar på oss. Og tunet vart noko stillare. 
To flotte islandshanar vart verande attende, i lag med Knut og Inge
sjølvsagt. Etter å ha stått i denne lukta heile dagen så freistar det 
ikkje med kylling til kvelds, men etter nokre dagar er det over.
Og så kan det bli godt med nokre gryter og supper og slikt
utover hausten. 

Ekte mat!!

10 kommentarer:

  1. Så spennende med heimslakt, det kjøttet så svært delikat ut. Den hoggestabben/ slaktebenken var staut. :-)

    SvarSlett
  2. Jepp! Vart store kyllingar også! Rundt kiloet per skrott. Ikkje verst! Og nok mykje mørare enn hønsekjøt. Prøv prøv!! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så store faktisk, det er jo gullegodt. Ja vi må få ut fingern her til gards å fore opp egne kyllinger. Ikke se bortifra at du må holde et lite slaktekurs når det skjer :-)

      Slett
    2. Sett i gong! Og ta dei med opp her så skal me halde kurs veit du! På slaktebenken ;-)

      Slett
  3. Imponert! Vi slakta tre haner nå i kveld, og jeg syntes det ble slitsomt nok. Hadde jeg hatt 12 til som lå å ventet på preparering så hadde jeg nok mistet motet. Litt tungt siden disse tre var litt "personlige" med navn og det hele, men kjøttet ser meget godt ut. Nå ligger det i fryseren til senere.

    Litt vemodig å tenke på disse tre som i går kom løpende da jeg ropte på dem.

    Hilsen Camilla i Harstad (sentrum)

    SvarSlett
    Svar
    1. Sjå der ja! Hanar i Harstad Sentrum? ;-) Ja, eg skjønar at det er litt vemodig. Syns det sjølv no. Det er plutseleg så roleg på tunet her også. Men har vore verre før då eg har måtte slakta høner eg har vore veldig glad i. Då har det blitt nokre tårer altså.. Det er godt me har følelsar då! :-)

      Slett
    2. Naboen ovenfor er nok veldig glad for at det har blitt stille, men ei anna nabo var bare lei seg og savner hanegalet.

      Slett
  4. Så flink du e, e kjempeimponert!

    SvarSlett
  5. Det er framleis fire hanar som konkurrerer både morgon og kveld, du får lytte godt etter anonym nabo - eller kanskje skaffe deg nokre hanar sjølv også 😉😉

    SvarSlett
  6. Det er jo rett og slett sånn maten vår blir til, så her er det bare å svinge øksa. (",) Har aldri vært med på noen form for slakting, faktisk, men har heldigvis en samboer som i alle fall kan slakte sau når det trengs så trøster meg med at vi kan berges ved behov. (",)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!