søndag, september 06, 2015

Endeleg september, tid for bakst


Det fins framleis blåbær der ute. Lågt i terrenget byrjar dei å gi seg, men kjem 
ein seg litt opp i høgda kan ein framleis få tak i dei gode blåbitane. Eg tok meg
ein slik tur hin kvelden, med ein pai i tankane. Rett før kjørte eg i gong ein paideig,
laga vaniljekrem og så vart det skogstur. Paien vart ferdig på nesten eit blunk
og steike meg kor godt det er med slik pai. Så enkelt og så nydeleg, både varm og
kald. Eg syns nesten den er betre dagen derpå eg. To dagar etter også. Det med 
denne paioppskrifta er at ein kan putte oppi det ein har lyst på. Bær, frukt eller 
anna. Ein kan servere ferdigsteikt paiskal med vaniljekrem med ferske bær
også, ein treng ikkje å steike det i ovnen. 

Til din inspirasjon, ut i skogen og ned i smørpakken med deg! 

Du gode blåbærpai versågod

300 g mjøl
200 g smør
100 g melis
1 egg

5 dl h-mjølk
4 eggeplommer
100g sukker
1/2 vaniljestang/2 ts ekte vaniljesukker
40 g maisenna

Lag gjerne paideigen i god tid. Køyr alt saman i foodprosessor/kjøkenmaskin
eller kna saman for hand til jevn deig. Set deigen kaldt før du kjevlar den ut slik
at den er lettare  å handtere. Når du har dekka paiforma så set du den i frysen og la
den stå alt frå ein halvtime til over natta. Set ovnen på 170 grader og forsteik i 30 minutt.
Avkjøl gjerne. 

Kok opp mjølk og sukker og vanilje. Visp eggeplommer og maisenna. Hell
den varme mjølka forsiktig i eggeblandinga mens du vispar godt. Hell tilbake
i panna og varm forsiktig opp til kokepunktet mens du rører. Når den byrjar å tjukne 
tek du den av plata og har kremen over i ei bolle. Set til avkjøling. Dekk med plastfolie
eller dryss på sukker slik at det ikkje dannar seg snerk.

Hell vaniljekrem over i paiskalet og legg over friske blåbær, gjerne 3-4 dl. Steik
paien i 20-30 minutt vidare på 170 grader. Avkjøl noko og server, gjerne attåt kald
vaniljeis eller ein kremdott! 

1 kommentar:

  1. Mmmm. Og med hjemmelaga vaniljekrem kan jo ikke dette bli feil... :)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!