torsdag, september 10, 2015

Eskelandshanar


For to år sidan ville eg ikkje ha hanar. Eg syns det berre var styr med dei og at hønsa
klarte seg så fint sjølv. For eitt år sidan skulle eg no berre ha ein hane. Men det var no slik
at desse kyllingane fekk vekse til og vesle kylingen Ingunn vart til hanen Inge,
nesten over natta. Og snodigare hane skal ein leite lenge etter.
Så då vart han verande også. Og så starta dette hanehotellet då, og eg forelska
meg i nokre av dei. Dei to finaste fekk vere att etter slakta. For jammen er det
verdt å ha nokre islandshanar! Herleg utsjånad på desse herrane her. 

Øverst: møt mister Racer. Fekk namnet sitt av ei jente på besøk her. Han sprang
så superfort at han måtte heite Racer. Og så står "håret" rett til vers!


Og møt Elvis! Svart og kul. Nesten så han har skinnjakka på. Med kammen slengt
til den eine sida. Og litt piggsveis bak han også. 


Og så var det Inge då. Like sjarmerande og kameraglad som alltid. Han har fått 
seg nokre damer han no, til og med anda Kvitveis er han på. Enda prøver han
å parre seg med både meg og Buster, men utan hell. Mannfolka som kjem på tunet
derimot, dei likar han IKKJE.


Ein liten kvil i septembersola. Fine islandshøner nyt livet. Racer ligg og passar på 
bak dei.



Kjærestepar? Elvis flørtar allereie.. Og islandshøna Eli (Hagen) med kul hårsveis ho også
likar selskapet. Det er heilt tydeleg at desse hønene vil ha islandshanane, ikkje desse andre
to småplagsomme og store hanane Knut og Inge. Like barn leikar best. 


I ettermiddagssol. Racer passar på damene sine.


Sjefshanen Knut lurar fælt på kva hanen Inge eigentleg driv med? Jo, han tek seg
ein runde i hengekøya med meg. Det har han gjort mange gongar. Han syns det 
er deilig. Og så får han litt massasje på hanekammen og i nakken. Det er godt det. 



Litt merksam på kameraet her, då er det jo litt flaut å bli sett slik. Han veit jo sikkert
at dette ikkje er heilt normalt for ein hane, men så er det jo så avslappande då. 

Hanar er supre, så herlege og gir så godt liv på tunet! No har eg fire som gjel morgon og 
ettermiddag. Det får halde. Og så får eg sjå om det vert færre hanar etterkvart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!