onsdag, september 23, 2015

Gjenbruk av sengeklede


Etter turen til Finland har eg gleda meg til å byrje å hekle på
golvteppe att. Det er lang tid sidan eg gjorde dette sist, men då
vart eg mindre nøgd med resultatet. Om du driv med hekling
så har du kanskje sett slik gjenbrukshekling, men om ikkje 
så skal eg forklare deg litt om det. I Finland fekk eg kjøpt 
allereie ferdig opprive nøster av stoff. Så har eg teke turen
til både mitt eige skap og mor mi sitt skap og funne meg
både øydelagde og gamle laken og dynetrekk. 


For å rive opp laken på ein grei måte klypper eg eit snitt med
saks og riv langs med heile lengda. Det er det beste å gjere, 
då vert det mindre lause trådar. Laken med stretch er elles
dei beste å hekle med då remsene rullar seg litt saman.
Remsene lagar eg om lag 1-2 cm breie.


Heklenål nr.10 nyttar eg til dette teppet. Alt etter kor breie
remser, kor tjukt stoff, kor tett du vil hekle så kan du auke
tjukkelsen på heklenåla. 


Så er det berre å hekle rundt og rundt og auke masker etterkvart. 
Eg har auka etter vanleg mønster i starten, difor vert mitt
teppe litt sekskanta. Om du vil ha eit heilt rundt teppe så
må du auke masker litt her og der, men samtidig ha kontroll så 
det ikkje strammer seg eller omvendt. 

Knallkjekt å hekle store ting syns no eg. Men skal også nevne 
at det er tyngre å hekle slik enn med vanleg tråd. Og etterkvart
vert teppe ganske tungt også. Men stas å ha heimalaga teppe
med stoff som kanskje elles hadde blitt kasta. Og så har ein 
jo kanskje litt mulegheit til å velje fargeskala også. 
Kanskje nokre andre der ute tek seg turen i sengetøyskapet no?


2 kommentarer:

  1. Fien farger, den kommer til å matche stuegolvet ditt helt perfekt dersom det er der du skal ha den. Hvor mange kilo mattefiller regner du med å bruke, tipper det går med mer enn ett laken...

    SvarSlett
  2. Kilo og kilo ja, haha, godt spørsmål! Har nok ikkje målt det på førehand, tek det litt som det kjem. Men at det vert nokre laken ja, det gjer det nok! Har to laken og eit herleg gammalt sengetøy liggande klar til eg kjem til det. Er litt småkjedeleg å rive opp remser så det sparar eg til fine stunder i sofaen ;-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!