mandag, september 28, 2015

Sunnhordlands finaste heim (og hane)?



Jau, føler meg pliktig til å informere om at huset mitt, gamlehuset sjølv, er med
i konkurransen om den finaste heimen i Sunnhordland. Det er lokalavisa Sunnhordland
som har konkurransen og i dag er det ein artikkel både i avis og på nett. 
Litt flaut og moro på ein gong. Og hanen Inge har fått hovudplassen, han som faktisk
tek turen inn i huset når han får sjansen fekk denne gongen LOV til å vere med på
litt photoshoot! Det var moro det! Og han elskar jo merksemd så ingen problem
for han det! 

Nokre bilete frå avisa:


Kul, kul hane. Har ikkje du ein hane på kjøkendisken din altså?
Trudde alle hadde det eg. 


Heilt sant. Kaffien er krutsterk, eit ord eg har hatt med meg
nokre år frå min kjennskap til herr Ragnar Hovland, ein nydeleg
nynorskforfattar! 


Og her er bilete av kontoret mitt. Men finn ein feil. Ei real flugepapir, rett
frå Felleskjøpet - dette er ikkje eit sponsa innlegg altså. 
Å nei, tenkte eg då eg såg dette. Men så snudde eg tvert. Så gøy å
vise at dette er ein normal heim, eit gammalt hus! Her heng flugepapiret
for her er det fluger! Her er det ikkje alltid reint og ryddig og perfekt, slik
det som ofte er i slike reportasjar.  Her bur ei real rotejente som er glad
i fargar og gjenbruk :-)



Artikkelen vart visst lukka og er kun open for abonnentar.


9 kommentarer:

  1. Svar
    1. Haha, ja, er litt moro. Får vise litt fargar og gjenbruk til sunnhordlendingane i alle fall!

      Slett
    2. Jeg håper farger, gjenbruk og ikke minst sjel , vinner . Vi heier på deg vi og :-)

      Slett
  2. Kjempeartig! Synd man ikke får lest artikkelen uten å være abonnent. Jeg heier (som vanlig) på deg, både med og uten fluepapir. (",)

    SvarSlett
    Svar
    1. Og så var det hyllepapiret, ja: Hyllepapiret fant jeg til slutt i en nettbutikk som heter hverdagsliv.no. (",)

      Slett
  3. Du er min absolutte favoritt, glad huset !!!

    SvarSlett
  4. Heier på deg, mannen min elsker det blå gulvet ditt ;-) jeg elsker Inge
    Hvor kan vi stemme?

    SvarSlett
  5. Takkar for fine kommentarar! Det kan vere du kan få adoptere Inge etterkvart Elisabeth, eg må ta nokre harde valg på hanefronten om ei stund! Desse islandshønane er steike meg så flotte! Og Inge er herleg men litt trøblete. Hmm. Kjekt at mannen din diggar golvet mitt! :-) Mal i veg! Såg dei malte blått golv på vekas episode av tid for hjem, då vart eg glad! :-)
    Vert nok ikkje stemmegiving før om ei god stund trur eg. I alle fall ni-ti veker! :-)

    SvarSlett
  6. For et nydelig hjem du har! :)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!