lørdag, oktober 31, 2015

Eit innlegg om KANEL


Kanel er kanel tenker ein gjerne. Men det er det så absolutt ikkje.
Me i Norge er vant med det dei har i matbutikkane våre og me er 
til dømes oppvaksne med vaniljesukker og vaniljekrem utan vanilje
i men med kunstig vanillin i staden for. Det er meir kunnskap ute
blant folk no, men framleis har ein langt att. Kanel er ein av desse
typane som me vert snytt for syns eg. For ikkje lenge sidan var det
i media at me måtte vere forsiktig med å ete kanel, fordi den kunne
vere farlig for oss. Heilt sant. 

Kanelen me får i butikken er nemleg
"falsk" kanel, frå Cassiatreet. Om ein kjøper kanelstenger av denne
typen så er det hard bark. Smaken er søt men gjerne litt sterk og bitter. 
Den inneheld store mengder av stoffet kumarin som er giftig for
leveren vår. Den vert dyrka i land som Vietnam.

Den ekte kanelen kjem frå Ceylontreet, det opprinnelege
kaneltreet. Gjerne frå Sri Lanka, men vert også dyrka i India og andre
 nærliggande land. Om ein får tak i kanelstenger av denne typen
så er det rullar av porøs tynn bark som knuser lett når ein tek
på den. Denne har ein heilt anna aroma og minnar om sitrusfrukt. 
Det kan ein både smake og lukte og den vert heilt annleis i bakst, drikkar
og i krydderblandingar enn cassiakanelen. Og den inneheld mykje mindre
av dette stoffet kumarin og er tryggare å innta i større mengder. 

Eg får tak i ekte kanelstenger på eksotiske butikkar, men ein kan 
også få tak i stenger og malt kanel av ceylonbark på nettet. Eller
spør på matbutikken eller helsekostbutikken om dei kan bestille inn
for deg. Ja, den er nok litt dyrare, men det er verdt det. Og det er jo også
difor me berre får kjøpt falsk kanel og til no nesten berre har hatt tilgong
til juksevanilje i butikkane. På grunn av prisen, det falske er jo så mykje
billegare å importere og produsere. Synd for oss. 
God kanelhelg til deg! 

Smak av himmelen: Surdeigskanelboller


Har du enda ikkje prøvd surdeigsbakst seier du? Eller kanskje du har prøvd
ein gong i tida men du syns det var så mykje styr med det. Då er dette grunnen
til å prøve på ny eller prøve for fyrste gong. Eg er jo ofte full av fine adjektiv,
og denne gongen veit ikkje kva eg skal ta av, for desse bollene er rett og
slett ein smak av himmelen sjølv. Saftige og søte, luftige og sprø. Hemmelegheita
er både surdeig som hevar bollene og som også gjer at magen ikkje svullar opp av
all gjæren som mange av oss merkar. Men hemmelegheita er også godt smør
og skikkeleg kanel. Malte ceylonkanelstenger. Den kanelen smakar såå mykje 
meir og fruktig enn denne vanlege kanelen me er oppvaksne med her i landet. 
Men ein kan få tak i den; spør på matbutikken om dei kan bestille eller
ta ein tur på ein eksotisk matbutikk og kikk eller spør. Det er verdt det!

Sjølve surdeigsbolleoppskrifta er Pontus Blomberg si, ein ekte surdeigsbakar!


Himmelske surdeigskanelboller

550 g kveitemjøl
250 g lunka h-mjølk
120 g sukker
1 egg
10 g salt
200 g kveitesurdeig
75 g romtemperert smør

Fyll
175 g smør
30 g kveitemjøl
15 g kanel (helst ceylonkanel eller vanleg om du ikkje får tak i)
175 g sukker (gjerne litt brunt)

Lag fyllet først. Smelt smøret på låg varme og ha i resten av ingrediensane.
Bland godt og la det avkjøle i romtemperatur. 
Bland alle ingrediensane unntatt smør for hand eller i kjøkenmaskin. La
så deigen stå i to timar med plast over. Ha i romtemperert smør i bitar og
elt det godt inn i deigen. Dekk over deigen og la den stå i nye to timar.
Brett så deigen nokre gonger eller elt den nokre gonger på mjøldekka bord.
La den på ny kvile under plast i to timar. Kjevle deigen til eit rektangel og smør
på fyll. Rull deigen saman til ei pølse eller brett og lag snurrar. Eg har denne gongen
forma boller etter finsk tradisjon. Nemleg delt opp ei deigpølse og pressa kniven lett
ned. Legg bollene på eit papirkledd bakebrett og dekk med plast og kjøkenhandkle.
La brettet stå ute i romtemperatur i 8-14 timar. Eg set deigen på ettermiddag og lar så
bollene stå over natta, og så steiker eg om morgonen. Perfekt start på dagen!
Pensle bollene med vatn og strø perlesukker over om du vil, steik på 210 grader
i 18-25 minutt. Ta ut, avkjøl og NYT attåt iskald melk eller ein god kopp kaffi!


onsdag, oktober 28, 2015

Akk, Värmlandsloppis


Jau, grunnlag for Sverigebiltur var jammen meg loppis/bruktkjøp/loppejakt, kjært barn
har mange navn. Og det fann med, til tross for at sommaren er høgsesong for slikt i nabolandet. 
Her frå Jätteloppis i Forsby, ein stor låve med mykje rart. Mange kule lampar. Men eg begrensa
meg til ei tissepotte og eit sylteglas, sylteglaset bytta eg i ei skål seinare, slik kan det no gå..


Favoritten, på fem loppisar var Ullas loppis inni ein hage inni eit byggefelt i kommunen Forshaga
den beste. Kanskje ikkje så mykje utval, kanskje ikkje svenske hyperbillige loppeprisar, men mykje
fint og reint og kvalitet! Anbefaler den dama der altså! 


Ullas Loppis


Og her var varene gitt. Nydeleg emaljebrett, emaljelysestake, blå liten glasvase. Akk....Måtte berre
ta med ut ting og tang for bilettaking, det er jo så fint ute om dagen.





Ei lita herleg pressglasskål. Heilt nydeleg. 



Halvliterskanne, emalje, frå Kockums Emalj.


Lita søt emaljeskål, bytta med Marianne, ho fekk ein syltburk på tre liter frå meg!


Vaskefat i emalje, Kockums. Rett i bruk! 


Ein haug med bestikk, rustfritt, samt to herlege og ikkje minst knallgode sakser frå
Ullas Loppis og ein storloppis i Forshaga. Storloppisen var skikkeleg skitten og stor 
og hadde mykje skrot, men potensiale for å finne mykje bra. 
Særleg om ein hadde kunne køyrt bil heilt heim, då hadde eg teke med meg ein stol og to. 


Såpekar/behaldar. Nydeleg. Her fylt med demererasukker for augeblikket. 
Skal i bruk på eit vis, har berre ikkje bestemt meg for kva enda! 



Ei real tissepotte frå Jätteloppis. Litt dyr (70kr) og rusten, men herrrrleg. Og skal ikkje
tissast i meir. Nb! Den er vaska godt ja! 


tirsdag, oktober 27, 2015

Akk, Värmland...


Det var ein gong to jenter, ei Eskelandsjente og ei Øgaardjente, 
som drøymde om å reise til Sverige. Ikkje berre ein svenskehandel,
ikkje berre ein storbytur, men ein skikkeleg svensketur. Ein biltur. 
For er det ikkje noko med det, å berre køyre avgårde?

Me byrja å planlegge svensketur for lenge sidan, men så havna
me i Finland i sommar i staden for. Men vips dukka lysta og mulegheita
opp att, og me ordna bil og køyrte avstad. Loppisar var allereie søkt på,
overnattingsstader var sjekka ut, men eigentleg så var det allikevel
ein ta-det-som-det-kjemtur. Så deilig med ein bitteliten miniferie
i den trange og mørke hausten. Vekk frå regnet på vestlandet,
bort til svenske ord, loppisrus, litt mjølhandel og anna. 


Vegen tok oss inn i Värmland fylke og me var vel stort sett igjennom heile
fylket før me kom oss inn i heimlandet att. Overnattingsplanane lukkast
ikkje så på kveldinga jakta me på ei seng. Og her inne på Länsmannsgården 
rett utanfor Sunne skulle me få oss ein blund for natta. Heilt tilfeldig plass, men
jammen fekk me ein herleg velkomst og det var ein heilt herleg plass
å tilbringe natta på! Länsmannen, eller Ulfsby Herregård som det også
heiter er eit privat lite hotell i ein herregård som har anar tilbake til 1500-talet.
Selma Lagerlöf har skrive om huset, og som det heiter av huset så var det før
bustaden til lensmannen på staden. Huset er fullt av historie og har god energi
i romma. 


Me syns det rett og slett var så godt å vere der. På kvelden sette me
oss til på biblioteket og koste oss med både blad, bøker, varm kopp te
og anna. 


Svensk lesestoff. Å anbefale! Mange gode og spennande oppskrifter. 
Fekk stimulert matlysta mi ja!


Huset i morgonsol, med plassen dekka av haustgule blad. 


Doble dører, innerdører og ytterdører. I nydeleg blå. 


Hauststemning med høge bjørketre.


I eitt tre hang ein fuglematar, laga av ein nydeleg porselenskopp med feste oppi. 
Ein slik skal eg få lage meg ein gong. 


Frukost med svenska pålegg og sol på bordet. 



Ein gammal lysestake mot blå tapet. 


Me som er glad i Ernst Kirchsteiger, det var som han var med oss inne i 
romma her. Svensk interiør er heilt klart annaleis enn det norske. Sirlege blåmønstra
tapetar i kjent stil.


Kakkelovnar ikkje minst. Store kunstverk i seg sjølv. 



Gammal raudmønstra tapet i andre etasje. 


Og pelargoniar overalt i vinduskarmane. 


På framsida av huset var det ein bjørkeallé ned mot vatnet. 





Her nede venta eit kaldt bad (om me hadde turt), badstu og badestamp.
Ein herleg plass om sommaren må ein tru.


Sverige er altså full av slike skattar, dei fleste er nok helst opne
på sommarstid. Me kjem nok sikkert til å ta turen over igjen, på
rundtur, kanskje lengre inn i landet, inn i Dalarna, få tak i ekte Dalahest,
og kanskje få overnatte her att. Og kjenne feriefølelsen ta  tak i ein ei
lita stund, før kvardagen venter att.


søndag, oktober 18, 2015

Grønsakshagen 2015 - eit lite samandrag - om det er no nokon som skulle vere nysgjerrige


Det er oktober og planteskeiene og knivane (alt kan nyttast) er plukka inn. Ein skulle då trudd
at alt av godsaker i grønsakshagen er hausta og nytta. Men akk nei. Gjekk det som eg håpa på før
sommaren? Langt i frå. Og eg skuldar på fleire forhold, eller kryp/dyr/menneske. Fyrst meg sjølv då. Eg har ikkje vore konsekvent på å ha gjerde oppe slik at høns og etterkvart ei heil hanesamling har hatt sine rundar  i plantekassane. Og det var skyldbøtte nummer to. Hersens høns altså. Men dei har jo ete mykje godt og det gjer jo eg nytte av når eg no et både egg og slakta hanar då. Og så var det nummer tre. Forbaska sneglar. Overalt har dei vore i år. Og i store mengder! På heile garden! 
Eg har hatt mine rundar med diverse metodar for å få dei vekk, men eg har andre ting å gjere enn å gå kvar einaste kveld og plukke. Så dei har også fått gossa seg i mine gode grønsaker. Blant anna 
har dei ete blada til alle laukane mine, slik at dei ikkje fekk vekse seg til. Arg. 
Og så var det nummer fire. Nokre sauge som kom seg over gjerdet i sommar. 
Trakka ned og knaska i seg. Resultatet i plantekassane vart lite. Eg har framleis nokre sukkerbeter attende der, eg har tru på dei - trur eg i alle fall!


Og så var det desse potetene då. Nytt prosjekt i år, etter å ha fått eit - eller det eg trudde var - godt
råd. Om å legge litt jord i ei tønne/balje. La det spire. Hive på meir jord. Og så vidare. Eg tok den
heilt ut og laga hol i alle baljar og diverse eg hadde. Og laga ein stor trekasse. Det bra er at eg har laga mykje god jord med å bruke berre litt plantejord, elles kompost, samo frå hønsehuset, kaffigrut,
hønsegjødsel og anna. Det har vore frodig oppe med hønsehuset. Men til slutt vart det små flotte tapaspoteter, enn store flotte matpoteter. Tapaspoteter er jo luksusvare det også, det var no i alle fall
poteter! Men ikkje nok til å livnære meg på gjennom vinteren. Eg har nokre potetplanter som eg 
enda ikkje har teke opp, kanskje det vert meir på meg. 




Gode men gjerne litt små poteter. Eller tapaspoteter som ein også kan kalle det. 


Og her er tomatene. Dei kjem no, i midten av oktober. Straks er det november og eg kan
endeleg plukke raude søte tomater frå drivskapet! Heilt utruleg. I fjor hadde eg store mengder
med små herlege tomater. Til og med sylting måtte eg til for å få nytta alt. Men då
var det jo ein knallsommar, det kan me jo ikkje heilt sei om i år. Så kanskje det får
vere skyldbøtte nummer fem då.

 Squashplanta har fått
blomar men ikkje noko meir. Banantomatplanta fekk tre små tomater og ikkje meir. Agurkplanta
tok sniglane livet av. Paprikaen klarte seg heller ikkje.  Jau. Ikkje den beste grønsakssesongen dette, med alt av udyr og ikkje
eit skikkeleg drivhus heller. Så det kan jo berre gå oppover herifrå? Og eg kan jo berre bli
flinkare til å ta ansvar også kanskje? Og passe på kassane mine? Så prøver eg att til neste år!

:-)

Oktober - EPLER


I går var det den store epledagen. Som sikkert gjekk mange hus forbi. Også
meg, men eg høyrte det på radioen. Og tilfeldigvis hadde eg då laga ei eplekake
Det er no på hausten at eplekakene er kjekkast å lage, med norske gode epler. Og eg er
som regel alltid i utforskingsmodus, må alltid prøve meg på noko nytt. Denne gongen
vart det totalt kanelfri eplekake, det treng no ikkje absolutt vere kanel i den? Men med
brunt sukker, kokos og mascarponeost. Superenkel å lage og utruleg saftig og god! Og
dobbelt opp med kos når den vert laga i ei herleg form altså (men om det er sjølvsagt ikkje
nødvendig). 

Oppskrifta kjem her:

Supersaftig eplekake

125 g smør
50 g brunt sukker
75 g kvitt sukker
3 egg
125 g mjøl (spelt/kveite)
50 g kokos
1 boks mascarponeost
1 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
3-4 gode epler, skrella og delt
demererasukker/perlesukker

Set ovnen på 180 grader. Smør forma. Rør smør og sukker
til ei jevn masse. Ha i det tørre. Ha i eitt egg om gongen og bland godt. 
Ha til slutt i mascarponeost og kokos. Hell deigen oppi forma og press
epleskiver nedi. Strø demererasukker eller perlesukker på toppen. Steik
i ovnen i ca 40 minutt, sjekk med ein trepinne om kaka er ferdig før du tek
ho ut. Avkjøl og server som den er, med krem eller is attåt. Og sjølvsagt kaffi!




fredag, oktober 09, 2015

Raudt i raudt - Nyper


Ut og plukke nyper. Kikkar du deg rundt ser du dei raude og fine på dei
stikkande buskane rundt omkring. Dei er fine til å pynte med men kan også
trygt etast. Eg har tidlegare tørka nyper som eg har brukt til te, men har også
kjørt tørka nyper til pulver som kan tilsetjast i forskjellig. Dei er jo sprekkfulle av c-vitaminer
desse her.


Det vert gjerne litt arbeid når ein plukkar nyper og skal reinske dei etterpå. Dei må
delast i to og så må frøa tas ut. Fint arbeid til å drive med ute i sola dette.


Her har eg laga nypemarmelade om eg kan kalla det det. Eg har kokt opp halve nyper i litt vatn
og litt pressa appelsinjuice. Så har eg tilsett nokre fryste bringebær for å få litt meir sødme.
Dette har eg kokt til alt vert mørt, deretter har eg most det og silt det. Så har eg kokt det opp
med litt jam og så litt sukker før det vart fylt opp på varme glas. Ein herleg marmelade med mykje
god næring i. God søtsmak og fin raudfarge. Til dei vinterdagane når ein treng littegrann
ekstra i kroppen. 

Ut og plukk nyper du også!