lørdag, oktober 31, 2015

Eit innlegg om KANEL


Kanel er kanel tenker ein gjerne. Men det er det så absolutt ikkje.
Me i Norge er vant med det dei har i matbutikkane våre og me er 
til dømes oppvaksne med vaniljesukker og vaniljekrem utan vanilje
i men med kunstig vanillin i staden for. Det er meir kunnskap ute
blant folk no, men framleis har ein langt att. Kanel er ein av desse
typane som me vert snytt for syns eg. For ikkje lenge sidan var det
i media at me måtte vere forsiktig med å ete kanel, fordi den kunne
vere farlig for oss. Heilt sant. 

Kanelen me får i butikken er nemleg
"falsk" kanel, frå Cassiatreet. Om ein kjøper kanelstenger av denne
typen så er det hard bark. Smaken er søt men gjerne litt sterk og bitter. 
Den inneheld store mengder av stoffet kumarin som er giftig for
leveren vår. Den vert dyrka i land som Vietnam.

Den ekte kanelen kjem frå Ceylontreet, det opprinnelege
kaneltreet. Gjerne frå Sri Lanka, men vert også dyrka i India og andre
 nærliggande land. Om ein får tak i kanelstenger av denne typen
så er det rullar av porøs tynn bark som knuser lett når ein tek
på den. Denne har ein heilt anna aroma og minnar om sitrusfrukt. 
Det kan ein både smake og lukte og den vert heilt annleis i bakst, drikkar
og i krydderblandingar enn cassiakanelen. Og den inneheld mykje mindre
av dette stoffet kumarin og er tryggare å innta i større mengder. 

Eg får tak i ekte kanelstenger på eksotiske butikkar, men ein kan 
også få tak i stenger og malt kanel av ceylonbark på nettet. Eller
spør på matbutikken eller helsekostbutikken om dei kan bestille inn
for deg. Ja, den er nok litt dyrare, men det er verdt det. Og det er jo også
difor me berre får kjøpt falsk kanel og til no nesten berre har hatt tilgong
til juksevanilje i butikkane. På grunn av prisen, det falske er jo så mykje
billegare å importere og produsere. Synd for oss. 
God kanelhelg til deg! 

4 kommentarer:

  1. Takk for interessant info, dette var ukjent for meg. Og jeg skal straks kvitte meg med juksekanelen i skapet og innskaffe ekte varer!
    Hilsen Margrethe
    PS: Skal teste kanelbollene når dette er gjort :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Du må berre bruke den gamle kanelen vidare altså, er ikkje superfarleg! Men den ekte kanelen er veldig mykje betre på smak! Så den bør prøvast - i alle fall ein gong i livet :-)

      Slett
  2. Så lærte man noe i dag også! Dette var sant og si helt ukjent for meg. (Men det med vanillin hadde jeg fått med meg...)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jau, er mykje rart me ikkje veit om. Eit anna tips er å få tak i heile kardemommefrø og bruke det i bakst i staden for malt kardemomme, også ein heilt anna smak, smaker nesten appelsin. Ein knuser berre frøa med ein morter eller kniv. Anbefales også! :-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!