fredag, oktober 09, 2015

Raudlige muffins



Eg likar ideen med å nytte grønsaker i bakst. Gulrøter er me vant
til, raudbete i sjokoladekake har fleire prøvd seg på etterkvart, squash
er godt i bakst med meir. I fjor laga eg raudbetesjokoladekake og denne
gongen ville eg prøve meg på muffins. Og sprite dei opp med litt anna 
sunt. Eg hadde eigentleg lyst til å ikkje ha sjokolade i deigen, men var 
litt redd for at dei då kom til å smake sterkt av raudbete (jordsmak).
Sjokoladen nøytraliserer smaken litt. Her kjem oppskrifta frå gårsdagens
bakst, den vart veldig vellukka, og som alltid - enda betre dagen derpå!


Raude raudbetssjokolademuffins

3 egg (romtemperert)
1,5 dl sukker
1 dl brunt sukker
150 g smør
1,5 dl små havregryn
0,5 dl havremjøl (kan sløyfast)
4 dl sikta speltmjøl
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
100 g kokesjokolade og/eller 3 ss kakao
100 g hakka valnøtter
to klyper maldonsalt
Ei stor raudbete/2 små

Skrell raudbeta og riv den, helst på det finaste på rivjern eller i foodprosessor.
Smelt smør og ha i brunt sukker, salt, kakao eller kokesjokolade etter smak. La det 
kjøle ned litt. Visp eggedosis av kvitt sukker og egg til det vert luftig. Ha i det tørre
og vend inn forsiktig. Ha i smørblandinga og vend forsiktig. Ha så til slutt i valnøtter
og raudbete og vend forsiktig til alt er blanda. Fyll halvvegs i muffinsformer. 
Steik på 215 grader i ca 15-20 minutt, følg med slik at dei ikkje vert brende på toppen. 

Server gjerne med litt glasur på toppen. Her har eg nytta rømme vispa med brunt sukker, 
det passar veldig godt! Kremostglasur er også supert! 



1 kommentar:

  1. Kult med mat i litt spreke farger. (",) Kanskje man kan bruke det i en kakebunn, for å gi folk en overraskelse når de skjærer seg gjennom kremen.

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!