lørdag, oktober 31, 2015

Smak av himmelen: Surdeigskanelboller


Har du enda ikkje prøvd surdeigsbakst seier du? Eller kanskje du har prøvd
ein gong i tida men du syns det var så mykje styr med det. Då er dette grunnen
til å prøve på ny eller prøve for fyrste gong. Eg er jo ofte full av fine adjektiv,
og denne gongen veit ikkje kva eg skal ta av, for desse bollene er rett og
slett ein smak av himmelen sjølv. Saftige og søte, luftige og sprø. Hemmelegheita
er både surdeig som hevar bollene og som også gjer at magen ikkje svullar opp av
all gjæren som mange av oss merkar. Men hemmelegheita er også godt smør
og skikkeleg kanel. Malte ceylonkanelstenger. Den kanelen smakar såå mykje 
meir og fruktig enn denne vanlege kanelen me er oppvaksne med her i landet. 
Men ein kan få tak i den; spør på matbutikken om dei kan bestille eller
ta ein tur på ein eksotisk matbutikk og kikk eller spør. Det er verdt det!

Sjølve surdeigsbolleoppskrifta er Pontus Blomberg si, ein ekte surdeigsbakar!


Himmelske surdeigskanelboller

550 g kveitemjøl
250 g lunka h-mjølk
120 g sukker
1 egg
10 g salt
200 g kveitesurdeig
75 g romtemperert smør

Fyll
175 g smør
30 g kveitemjøl
15 g kanel (helst ceylonkanel eller vanleg om du ikkje får tak i)
175 g sukker (gjerne litt brunt)

Lag fyllet først. Smelt smøret på låg varme og ha i resten av ingrediensane.
Bland godt og la det avkjøle i romtemperatur. 
Bland alle ingrediensane unntatt smør for hand eller i kjøkenmaskin. La
så deigen stå i to timar med plast over. Ha i romtemperert smør i bitar og
elt det godt inn i deigen. Dekk over deigen og la den stå i nye to timar.
Brett så deigen nokre gonger eller elt den nokre gonger på mjøldekka bord.
La den på ny kvile under plast i to timar. Kjevle deigen til eit rektangel og smør
på fyll. Rull deigen saman til ei pølse eller brett og lag snurrar. Eg har denne gongen
forma boller etter finsk tradisjon. Nemleg delt opp ei deigpølse og pressa kniven lett
ned. Legg bollene på eit papirkledd bakebrett og dekk med plast og kjøkenhandkle.
La brettet stå ute i romtemperatur i 8-14 timar. Eg set deigen på ettermiddag og lar så
bollene stå over natta, og så steiker eg om morgonen. Perfekt start på dagen!
Pensle bollene med vatn og strø perlesukker over om du vil, steik på 210 grader
i 18-25 minutt. Ta ut, avkjøl og NYT attåt iskald melk eller ein god kopp kaffi!


1 kommentar:

  1. Vakre små skatter ! Himmel så gode de ser ut. 😍

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!